tirsdag 13. juli 2010

Dei 5 siste som vart dømde til døden for trolldom

I 1695 brann det siste heksebålet her i landet. Det var Johanne Nielsdatter frå Kvæfjord som fekk denne lagnaden, ein lagnad ho delte med fleire andre, både kvinner og menn. Dei norske hekseprosessane gjekk føre seg gjennom eit par mørke århundre etter at paven gav klarsignal til ei omfattande heksejakt i 1484. Men også før dette freista stat og kyrkje å motarbeida kjetteri og med dette også heksene som ei følgje av dette, og den første kjende norske hekseprosessen vart halden i 1325.

Etter at den siste norske heksa vart brend i 1695, heldt styresmaktene fram med rettssaker og dommar over påstått trolldomskunnige menneske til eit godt stykke innpå 1700-talet. Sjølv om alle dei 5 dødsdommane som er omtala nedanfor har kome på grunnlag av tilståingar, veit me at tortur av dei tiltala var eit viktig bidrag til å skaffa fram desse tilståingane.


5. Anne Mogensdatter Løset (Borgund/Vanylven, Møre og Romsdal) 1679
Det vart reist sak mot Anne på bygdetinget i Rovde skipreide i 1679 for å ha sett sjukdom på ein mann med namnet Knud Olufsen Søfre slik at han aldri vart frisk att. Fleire kunne gå god for at ho hadde truga Knut og at ho i tillegg hadde vore orsaka til at fleire, både dyr og menneske, vart sjuke. Det kom også fram at bestemor til den tiltala var klaget og deretter brend for hekseri, noko som slett ikkje var til fordel for Anne. Først nekta Anne all skuld, men etter kvart kom tilståinga. Ho og fire andre namngjevne kvinner hadde vore ihop med djevelen ei julenatt på Dovrefjell.
Dommen over Anne er gått tapt, men i rekneskapspapira til futen går det fram at Anne vart brend saman med to andre trollfolk (Ingebret Størkersen og Marit Johannesdatter - sjå nedenfor). I rekneskapen kjem det også fram at futen hadde talfesta utgiftene til lagmannen for godkjenning av dommen, til bøddelen for eksekveringa av dommen, til øl og vin til dei tre trollfolkene, og til presten på retterstaden for "hans umage".

4. Ingebrikt Størkersson (Borgund/Vanylven, Møre og Romsdal) 1680
Ingebret stod tiltala same staden året etter Anne Størkersen. Han gjekk som ein omstreifar i bygda og hadde derfor fått tilnamnet Tater-Ingebret. Han var også kjend under kallenamnet Lefsebjørn. Han var tiltala for å forgjera ein mann slik at han døydde under store smerter, noko han då også tilstod til slutt. Han vedgjekk også å ha drepe fleire husdyr ved hjelp av trolldom. For å få til dette hadde han teke med seg oblaten (nattverdsbrødet) frå nattverda for å gje denne til dyra. Han tilstod også å ha vore på Dovre. Der han hadde gått i teneste hjå Fanden som trommeslagar og hadde slått på tromma med to kalverumper. Fanden hadde lova han både gull og grønne skoger for dette, fortalde han. Men dette synte seg å vera berre tomme løfte sidan han gjekk på bålet før han fikk sjå noko til rikdommane Djevelen hadde lova.


3. Marit Johannesdatter (Borgund/Vanylven, Møre og Romsdal) 1680
Den tredje som gjekk på bålet i Borgund i 1680 var frå Løset i Vanylven. Ho tilstod at ho var ei framifrå trollkvinne som kunne øva trolldom på mange slags vis. Ho hadde mellom anna kasta storm over båten til Ivar frå Vik slik at han heldt på å setja livet til då han skulle til Bergen med varer. Dessutan hadde ho forheksa fleire kyr slik at dei mjølka blod og ikkje minst hadde ho vore årska til at meistermann Oluf (bøddelen) hadde brukke handa slik at han ikkje kunne gjennomføra arbeidet sitt. Når ho i tillegg tilstod at pakta hennar med Djevelen omfatta seksuell omgang og sambuarskap gjennom fleire år, var det lite anna å gjera for påtalemakta enn å dømma henne til bål og brann.

2. Jon Bonkind (Ullensaker, Akershus) 1694
Jon var ein signar, dvs. han prøvde å gjera sjuke folk friske ved hjelp av bøner og magiske hjelperåder. Spesialiteten hans var smyging eller smøygjing, der den sjuke skulle bli dregen gjennom ein trong opning. Tanken var at sjukdomen skulle trekkjast av pasienten samstundes som det vart sagt fram ei signebøn. Signebøna til Jon var ganske enkel: „Eg smyg deg frå det vonde til det gode, i Jesu namn“. Var pasienten for tung eller for svak til å kunna flyttast, kunne kleda hans nyttast på same viset. Dersom slike signarar vart tiltala for trolldom, hende det ofte at dei tilstod. Bøna hadde eit kristent innhald og lovbrotet kunne derfor bli sett på som lite og gje låg straff, ja til og med frikjenning. Men av ein eller annan grunn gjekk det særs gale for Jon Bonkind, sjølv om fleire vitne lovprisa han og meinte han hadde gjort barna deira friske utan å ha brukt vonde verkemiddel. Han blei avretta i 1694, 76 år etter at dødstraffa for signing vart oppheva.

1. Johanne Nielsdatter (Kvæfjord, Troms) 1695
Etter tiltalen skulle Johanne ha fornekta både Gud, dåp og kristendom og gitt seg over til djevelen. Ho tilstod å ha vore årsaka til at 4 menneske var døde som ei følgje av trolldomskunstene hennar, i tillegg til at hadde skada flere andre på liv og lemmer. Med andre ord vart ho oppfatta som ei ekte trollheks, noko som til slutt førte til at ho vart dømd til å kastast levande på bålet. Dommen vart skriven under av sorenskrivar Povel Hansen Egede, far til Grønlands apostel Hans Egede. Sjølv om dette var det siste heksebålet her i landet, var det framleis bålstraff for andre brotsverk. Fleire sodomittar (seksuell omgang med dyr) fekk bålstraff fram til 1757. I slike sakar, som vart definerte som brot mot naturen, vart både mannen og dyret brent.

Kjelder:
Gunnar W. Knutsen: Trolldomsprosessene på Østlandet. En kulturhistorisk undersøkelse. Tingbokprosjektet, Oslo 1998
Rune Hagen: Kvæfjord 1695 - siste heksebål i Norge. I: Europas hekseprosesser og trolldomsforfølgelsene i Troms. Trondarnes Distriktsmuseums skriftserie nr. 3 - 2002
Ragnhild Botheim: Trolldomsprosessane i Bergenhus len 1566-1700. Hovedoppgave i historie - Universitetet i Bergen, 1999

Takk også til Rune Hagen, Universitetet i Tromsø

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar