onsdag 14. juli 2010

50 norske vatn der det skal ha blitt observert sjøorm

Det er ikkje berre Loch Ness og Seljordsvatnet som har sin eigen sjøorm. Frå heile verda finst det eldre eller nyare segner om ulike udyr som skal ha blitt observert i innsjøar eller ute på det store havet. Noreg er ikkje noe unntak slikt sett. Mange vil nok kjenna til den høgakta biskop Pontoppidan si skildring i «Det Første Forsøg paa Norges Naturlige Historie» frå 1755, der han etter pålitelege vitnemål tek det for gitt at det finst fleire slike skapningar i havet utanfor norskekysten. Men det skal dessutan ha blitt sett sjøorm i vatn og vassdrag i alle fylke frå Østfold til Finnmark. Her kjem derfor eit fylkesvist oversyn over 50 norske vatn der slike skapningar skal ha blitt observert. Eg kunne ha lista opp nærare 100.

Den som tar seg tid til å studera heile lista vil nok oppdaga at mange av framstillingane av desse sjøormane er påtakeleg like. Den mørke fargen, det hesteliknande hovudet og ei langsgåande «man» er nokre av dei særdraga ein finn i mange av desse observasjonane. For ein sjøormforskar vil dette kanskje styrka trua på at det er ein og same dyreart som i tidlegare tider har okkupert fleire av dei norske vassdraga. Ein folkeminnegranskar ville nok derimot her berre sjå ei ganske naturleg spreiing av segner og vandrehistoriar. Uansett vil det for begge partar vera nok av norske vatn å ta fatt på dersom ein vil gå djupare inn (eller ned) i granskinga av sjøormfenomenet.


ØSTFOLD:
1. Rømsjøen i Rømskog

Rømsjøen ligg nordaust i Østfold, tett ved svenskegrensa. Her finst det fleire eldre og nyare observasjonar av sjøorm. Ruth Hult fortel i boka «Østfoldminne» frå 1937 om ei gammal kone som mintest at ho hadde sett sjøormen i Rømsjøen. Hovudet skulle vera som på ein kalv, fortalde ho, og kroppen som ein tømmerstokk. Elles har det vore fleire observasjonar av eit liknande vesen mellom 1929 og 1992. I 2002 vart det gjennomført ein ekspedisjon i Rømsjøen der ein med hydrofon fanga opp uidentifiserte lyder frå djupet av innsjøen.

2. Store Lee, syd for Ørje
Denne sjøen vert delt i to av svenskegrensa, og berre ein liten, nordleg del ligg i Noreg. Sjøen er ein del av det same vassdragsystemet som Rømsjøen. Eit par observasjonar frå nyare tid (1970-tallet) fortel om eit 3-4 m. langt «uhyre» som har reist seg opp frå sjøen for så å dukka under att.

3. Krokvann, 2 mil øst for Moss
Det er meldt om ein observasjon frå 1958 av eit stort dyr som følgde etter ein fiskesluk inn mot land.

HEDMARK:
4. Mjøsa

Mjøsormen er vel kjent, og det finst fleire observasjonar fra 1500-talet og fram til i dag. Det er ikkje til å undrast på at ein så stor innsjø får sine meir eller mindre fantasifulle historiar om kva som kan finnast under vassflata. Her er det i alle fall god plass til ein sjøorm. Sams for mange av historiane og observasjonane er at dyret skal ha fleire puklar og vera utstyrt med eit hesteliknande hovud med man.

5. Nord-Mesna og Sør-Mesna, avløp til Mesnaelva som renn ut ved Lillehammer
Her finst det ei gammal segn som fortel at ein såg ein sjøorm krypande over eidet frå Nord- til Sør-Mesna.

6. Osensjøen, Trysil-Åmot
Det finst fleire eldre segner frå Østerdalen om sjøorm, eller vassorm som dei kalla han her. Fleire vatn skal ha husa desse skapningane. Ormen i Osensjøen, som er den 4. største av innsjøane i Hedmark, skal ha flytta seg mellom Vetle-Osen og Stor-Osen. Denne ormen var så stor, vert det sagt, at han kunne leggja halen på vestsida og hovudet på en stein på austsida av sjøen.

7. Sørsåssjøen i Våler, avløp til Glomma
Her skulle det ha halde seg ein brunfarga sjøorm, stor som «ein tolv tommars tømmerstokk».

8. Busjøen/Hafsjøen, Eidskog
Ei segn fortel at vassormen hadde vegen sin mellom desse to sjøane ein gong før 1850. Folk fekk aldri sjå denne ormen i levande live, men det var breie far etter han i graset. Til slutt vart det sett opp ei felle som han gjekk i og kreperte. Han skulle ha vore fleire meter lang og ha slått av eit lite grantre med halen før han døydde.

9. Leirsjøen, Eidskog
Leirsjøen ligg på grensa mellom Eidskog og Sverige. Her gjekk det ei segn om ein gutt som vart jaga av ein sjøorm medan han var ute og rodde. Gutten fekk inn fleire slag mot ormen, men var psykisk og fysisk utkøyrd i lang tid etterpå. Seinare vart sjøormen funnen daud i ei vik.

10. Stangnessjøen, Eidskog
Stangnessjøen ligg vest for Skotterud. Her låg det i byrjinga av førre hundreåret eit sagbruk, der nattevakta observerte ein sjøorm tidleg en morgon. Ormen kom opp av vatnet og la seg til å sola seg i en flishaug.

11. Kroktjernet, Trandemskogen, Eidskog
Her skulle dei ha fanga ein sjøorm «ein gong i tida». Fangstmannen, namngjeven som Gulbrand Bjørneby, omtala han som «5 meter lang. Hovudet var som på ein månadsgamal kalv, og han hadde svart man og store auge».

12. Hesbølsjøen, Eidskog
Denne sjøen ligg ved Skotterud. Her var det to gutar med namna Karl Jegerud og Trond Sjøli som oppdaga ormen medan dei var ute og bada. Han stakk hovudet opp av vatnet og kikka på dei. Denne ormen skal, etter segna, likeeins ha blitt observert av fleire andre, og han byta tilhald mellom Hesbølsjøen og Gaustadsjøen.
Det er elles fleire andre namngjevne innsjøar i Eidskog der det etter segnene skal ha blitt sett sjøorm.

13. Bergesjøen, Elverum, Sørskogbygda
Her skal det ha blitt sett sjøorm fleire gonger, i følgje eldre segner. Et namngjeve vitne, Embret Mo, skal på siste halvdelen av 1800-talet ha sett ormen tydeleg. Dyret samsvarar med andre observasjonar, eller liknande segner om ein vil: Hovud som ein kalv og med ei lang man etter ryggen. Det går ellers segner om sjøorm i fleire andre innsjøer og vatn i Elverum og i Åmot.

OPPLAND:
14. Ringsjøen i Snertingdal

Her skal det ha blitt sett en sjøorm i 1868. Som så mange andre stader vert det fortald om eit hesteliknande hovud, i tillegg til eit stort gap med kvite tenner.

15. Vangsmjøsa
Det er fleire gamle segner om at det skal vera orm i Vangsmjøsa. Ein observasjon frå 1910 påstår at han vart sett i Leirholsundet. Han skal ha vore uhorveleg stor med 5-6 puklar, og hovudet svingte frå side til side.

16. Garin, Etnedal
Dette er ein sjø som ligg på fjellet mellom Torpa og Etnedalen. Her er det fleire som skal ha sett sjøormen kring 1900.

17. Ormekula, Vestringsbygd, Nord-Aurdal
Her fortel segna om ei jente som skal ha blitt teken av ein sjøorm. Ho skulle ro over vatnet i ein båt då ormen kom og kvelva båten slik at ho drukna. Dette kan sjølvsagt vera ei segn som er konstruert for å forklara namnet på vatnet.

18. Randsfjorden
Det finst eldre forteljingar om ein sjøorm som levde i Randsfjorden og som forsynte seg av buskapen i området. Ormen skulle ha hypnotisk makt over dyra, og bøndene mista meir og meir av krøtera sine. Til slutt vende dei seg til den kjende børsemakaren Børse-Gunder, som gjekk i gang med å smi eit kraftig våpen med kaliber på nærare 20 mm. Denne ormen flytta seg mellom Randsfjorden og

19. Åbborvatnet
der Børse-Gunder batt fast ei geit ved vatnet som åte for ormen. Han tjora seg sjølv fast til eit tre slik at dei hypnotiske evnene til sjøormen ikkje skulle trekkja han uti vatnet. Etter ei stund kom sjøormen setjande og glefsa til seg geita. Gunder sikta etter ei gul stjerne i brystet på ormen og trekte av. Det vart full treff, og Abborvatnet vart farga raudt av blod. Sidan skaut Børse-Gunder sjøorm både i Vangsmjøsa og i Sperillen.

BUSKERUD:
22. Krøderen

I Skilling-Magazinet frå 1854 vert det fortald om ein sjøorm som vart oppdaga i eit kjerr ved stranda, venteleg på veg ut i innsjøen. «Hovedet var meget stort, som et lidet Hus, Øinene som store Tallerkner, og den brølede som en Ko». Vitnet sprang etter børsa si, men då han kom attende, var udyret borte.

23. Sperillen
Det fantest ein gong ei børse som den kjende børsesmeden Børse-Gunder (se ovanfor u. Randsfjorden) skal ha laga til å jakta på sjøorm i Sperillen. Dette klenodiet vart stole for nokre år tilbake. Den siste kjende sjøorm-observasjonen i Sperillen skriv seg frå 1893. Då fekk husmannsjenta Karen Fjellbråten sjå at sjøormen kasta seg ut i Sperillen. Han skulle ha vore meir enn 15 meter lang, var svart og med svart man.

TELEMARK:
24. Seljordsvatnet

Dette er sjølve nestoren blant norske sjøormar med over 100 observasjonar. Det er den einaste norske turistattraksjonen som er usynleg 99,99% av tida.

25. Fyresvatnet
Her fantes det såkalte Gjevstrollet. Dette vart sett siste gongen i 1918 av to menn der den eine hadde med seg ei Krag-Jørgensen-rifle. Med denne sende han tre skot mot sjøormen som forsvann og aldri meir vart sett.

26. Kviteseidvatnet
Her fortel segna at ormen vart biten i to av havhesten, og vatnet vart farga raudt av blod. Dette er den einaste gongen havhesten skal ha blitt sett i innlandet. Som regel gjekk disse kampane mellom sjøormen og havhesten føre seg til havs.

27. Flåvatnet
Her synte sjøormen seg særleg etter at Bandakkanalen vart opna. Men denne ormen skal visstnok ha blitt slegen i hel av skovlhjula. Seinere flaut det i land deler av ormen som synte at han hadde vore åtte tommar tjukk.

28. Gausbuvatn, Skasåheiene mot Setesdal
Her skal sjøormen ein gong i tida ha drepe ein hest. Men han måtte sjølv bøta med livet under tømmerfløtinga nokre år seinare.

VEST-AGDER:
29.Repstadvatnet, Søgne

Her vart det sett sjøorm for ein del år tilbake. Eit par karar som var ute på vatnet og fiska i ein pram oppdaga brått at det byrja å braka i tørrved og kvist borte ved breidda. Då dei såg dit bort, fekk dei auge på ein sjøorm så stor som ein tømmerstokk som gleid ut i vatnet.

30. Tinnkjødnet, liten pytt i Deblemyren ved Mandal
Her vart det gjort ein observasjon på siste halvdelen av 1800-talet av ein sjøorm som var relativt kort (ca. 1,80 meter), men „overmaade tyk“.

31. Hallandsvatnet ved Mandal
Ifølgje Fedrelandsvennen observerte brørne Arne og Martin Larsen hausten 1969 ein sjøorm medan dei var på fisketur. Han var „svart på ryggen og blank på undersiden, med et hode som en middels kålrot. [Den var] et par meter mellom hver buktning. Oppe på hodet satt to små følehorn som på en snegl, øynene var store og neseborene som på en nyfødt fole, og munnen rød med fin tanngard“. Dei kasta stein mot uhyret, og då „reiste det seg en buktning på et par meters høyde ute i vannet. Og litt etter stakk hodet opp av vannet. Tanngarden var blottet, og det kom en truende rar lyd“. Martin Larsen gjekk attende til staden fleire gonger seinare, men fekk aldri sjå sjøormen att.

ROGALAND:
32. Lundevatnet, på grensa mellom Flekkefjord i Rogaland og Kvinesdal i Vest-Agder
Første gongen denne ormen er nemnt i skriftlege kjelder er av Peder Claussøn Friis i 1599.

33. Suldalsvatnet
Her skal mange pålitelege folk ha sett sjøormen, og ein av de mest omtala observasjonane skal ha blitt gjort rett før pinsen 1883. Hovudet var „stort som [på] ei ku eller ein øyk“, og ormen skal ha blitt sett av 8 mann samstundes. Seinare observasjonar enn dette skal ha blitt skrivne under på i tingretten. Men nokre år seinere skal ein slik sjøorm ha blitt avslørt som ein haug med sagmugg som hadde „lege og rotna og gått i gjæring slik at det vart mykje gass. Denne gassen hadde strøymt ut og eksplodert gong på gong. Dette hadde støytt opp trestammer med røter, stokkar og greiner heilt opp i vasskorpa“.

34. Sandsavatnet, Suldal
Sandsavatnet er eit større fjellvatn der det skal ha blitt observert sjøorm av ein namngjeven person, Odd Tjøstheim, og to av sønene hans, venteleg noko før 1900. Ormen er omtala som noko over 60 meter lang.

35. Mosvatnet, Suldal
Her fortel segna om at det skulle vera ein orm „i gamle dagar“. Han skulle sjå ut som „ei mengd knudrete ospestokkar“. Denne ormen prøvde ein gong å koma seg til Suldalslågen via eit mindre vassdrag som hadde utløpet sitt fra Mosvatnet. På vegen måtte ormen over ein foss, men var uheldig og vart hengjande fast i ei bjørk. Der døydde han og rotna bort, noko som resulterte i at både vatn og omland vart forureina.

36. Reinsvatnet, ovafor Slettedalen, Sauda
Her var det ein orm „i gamle dagar“ som gjekk på land og forsynte seg med småfe.

HORDALAND:
37. Ormsjøen, ved Bergen

Segna fortel om eit brurefølgje som var på veg over vatnet i ein båt og vart skremd då ein sjøorm byrja å følgje etter dei. I panikken som oppstod kvelva båten, og fleire skal ha drukna.

38. Torfinnsvatn, Voss
Dette er eit fjellvatn der ein i eldre tider meinte å ha sett eit uhyre med stor kjeft, drakeliknande hovud og kropp som ein krokodille.

39. Litledalsvatnet, Etne
Her skal det ha halde til ein stor orm ein gong i tida. Han var så stor „at um vinteren slo han isen sund“. Segna fortel at ei kone vart teken av ormen før han forsvann.

40. Storevatn, Askøy
Her hadde ein i gamle dagar sett ein lang svart skapnad som likna på ein kantra båt.

SOGN OG FJORDANE:
41. Loenvatnet
Her er det blitt gjort fleire observasjonar, også i nyare tid. Den 18. juli 1995 vart det observert 3 puklar med ein vass-sprut 4-5 meter bak den siste pukkelen.

42. Jølstervatn
Her fortel segna om ein freistnad på å lokka til seg ormen ved å henga ei sølvkanne langs båtripa. Ormen let seg lokka, men fekk hovudet hogd av.

SØR-TRØNDELAG:
43. Selbusjøen

I følgje gamle segner skal det ha halde til ein sjøorm her.

NORD-TRØNDELAG:
44. Snåsavatnet
I Snåsavatnet er det blitt observert sjøorm i seinare tid. I 1984 vart det rapportert noko som likna ein ubåt utan tårn. Dette er den einaste norske sjøormen som er freda iflg. fylkestingsvedtak.

NORDLAND:
45. Rotvatnet i Hamarøy
Her har ein ved eit par høve råka på eit stort dyr, i 1910 og i 1960. Siste gongen vart dyret gissa på å vera ca. 1,5 meter.

46. Sandnesvatnet, Hamarøy
Her skal det vera eit vassuhyre som er blitt observert fleire gonger i nyare tid.

47. Rombovatna, Tysfjord
For ein mannsalder sidan hadde ein sjøorm lagt seg til å døy på ein sandbanke lengst sør i vatna. Lengda på utysket vart rekna ut til å vera mellom 4 og 6 meter. Då dyret byrja å råtna, vart stanken så uutholdeleg at samane som heldt til der måtte flytta reinsflokken. Først etter halvtanna år kunne dei flytta attende.

48. Kvalvatnet, Beiarn
Det skal ha blitt funne bein av sjøorm ved dette vatnet. Beina vart frakta til bygda og teke vare på, men det er ingen som veit kor det er blitt av desse i dag.

49. Botnvatnet, Saltdal
Her skal både fastbuande og turistar ha blitt skremde av sjøorm.

FINNMARK:
50. Åfjordvatnet, Sørøya, vest for Hammerfest

Denne er vidkjent og skal ha blitt observert gjennom generasjonar, og det var forbode for ungar å bada i vatnet. Åfjordvatnet er berre 0,4 km2 stort, men det skal vera over 100 meter djupt. Dykkarar skal i tillegg ha oppdaga 8 grotter under vassflata, noko som kan skapa ideelle gøymestader for ein ukjend skapning. I 1977 vart udyret sett av fire personar. Ormen skulle ha vore ca. fem meter lang og hadde fleire puklar. Finnmark Dagblad sette opp ein dusør på 5000 kroner til den som kunne få teke eit fotografi av „Åfjordtykjen“, som han vert kalla.


Kjelder:
Ruth Hult: Østfolsdminne (Oslo, 1937)
Mjoesormen.no (web-side)
Sigurd Neergaard: Skikk og Bruk. Folkeminne fra Østerdalen V. (Oslo 1927)
Lars M. Fjellstad: I Grendom. Folkeminne fra Eidskog III (Oslo 1966)
Knut Hermundstad: Truer om dyr (Oslo 1985)
Torkell Mauland: Folkeminne frå Rogaland. Andre bandet. (Oslo 1931)
Rolf Langstrøm: Den mystiske sjøormen (Oslo 1994)

1 kommentar:

  1. Fantastisk. Veldig god oversikt. Håper det er greit at jeg bruker denne informasjonen til en prosjekt jeg holder på med.
    Har du andre oversikter om f eks møter med Huldra?

    SvarSlett