onsdag 28. juli 2010

Dei 5 siste menneska som er blitt drepne av bjørn i Noreg

Då den 13 år gamle gjetarguten Johan Sagadalen vart slegen i hjel av ein bjørnelabb ein seinsommardag i Vassfaret, vart han den siste av ei lita rekkje menneske som har hatt fatale møte med bamsen gjennom tidene. I alt vart det i perioden 1750-1962 registrert 27 dødsfall og 48 skadetilfelle valda av bjørn i Noreg og Sverige til saman, der det siste i Norge med dødeleg utgang hende i 1906.

Bjørnen vert oftast rekna for å vera eit godlynt dyr berre det ikkje blir terga eller overraska. Den følgjande lista over dei 5 siste bjørnedrapa her i landet demonstrerer såleis ei blanding av uheldige omstende, ungdommeleg overmot og skadeskotne dyr. Men sjølvsagt la dette ikkje nokon dempar på den respekten folk hadde for dette store og myteskapande dyret.


5. Isak Brønnelsen (Brynjulfsen), Sandvik, Snillfjord, Sør-Trøndelag (1872)
Isak Brønnelsen var gardbrukar i Sandvik. Ein dag oppdaga han ein bjørn i kornåkeren og prøvde å skremma han bort med ei øks. Men bjørnen let seg ikke jaga bort og gjekk til åtak på Isak som prøvde å verga seg med øksa. Uheldigvis brakk skaftet og Isak vart skamfaren av bjørnen. Han vart boren attende til huset og lagt til sengs til han døydde ei tid etterpå, den 31. desember 1872.

4. Tollef Torkjellsen Dale, Bruhjell, Balestrand, Sogn og Fjordane (1881)
Denne sommeren hadde mange blitt skremde av ein mannevond bjørn som herja på dei kantane. Han var blitt jakta på og skadeskoten, noko som ikkje hjalp på humøret til bjørnen. Etter dette hadde bjørnen gått laus på ein mann og mishandla han stygt, og han gikk vedvarande til åtak på saueflokkane kring om på stølane. Folk våga ikkje lenger å ta seg fram i utmarka, og derfor vart det organisert eit nytt jaktlag i byrjinga av august. I dette jaktlaget fann ein Tollef Dale i lag med tre andre dugande jegerar og eit par bjørnehundar. Etter å ha leita ei tid fekk hundane til slutt los på bjørnen i ei bratt li. Før jegerane fekk skikkeleg auge på bjørnen i krattet der han gøymde seg, styrta han fram og tok peiling på næraste skyttar som fyra av. Dette såg ikkje ut til å ha nokon verknad på bamsen, og det måtte til tre skot frå dei andre skyttarane før han låg i bakken. Der byrja han å slå rundt seg i noko som jegerane tolka som krampetrekningar. Men brått reiste han seg att, blødande og med foten slepande etter seg, og fekk kasta seg over skyttaren ved sida av Tollef, Aksel Gregoriussen. Aksel fekk andletet rive opp av bjørnekloa og gjekk over ende. Deretter fauk det rasande dyret på Tollef medan det stadig vart skote mot bjørnen, framleis utan effekt. Tollef mista balansen og landa på ryggen med bjørnen over seg, og saman trilla dei nedover lia medan bjørnen heile tida fekk gitt Tollef stygge sår. Så sokk bjørnen endeleg i hop og dei to attverande skyttarane fekk omsider gjeve bamsen to drepande skot.
Aksel Gregoriussen overlevde, vart lappa i hop og gjekk gjennom resten av livet med halve andletet lamma. Tollef Dale døydde derimot der på staden, 31 år gamal.

3. Hans Peter Bastian Andreassen Udgård, Hundeidvik, Sykkylven, Møre og Romsdal (1895)
Den 9. september 1895, 2 dagar før han fylte 13 år, var Hans Peter i fjellet på sauesanking i lag med ein mann og to ungdommar. Under sankinga kom han noko bort frå dei andre og råka brått på ein bjørn som gjekk til åtak på han. Hans Peter vart biten i andletet og i armen, men klarte å gjera seg fri frå fleire skader ved å dra i ragget i bjørnehovudet. Skrika hans fekk dei andre til å koma til hjelp, og dei greidde å skremma bjørnen bort. Hans Peter vart boren ned til garden, der dei snart innsåg at guten var hardt skada. Han vart send til sjukehuset i Ålesund, der han vart liggjande i to månadar. Men tilstanden vart etter kvart verre, det sette seg betennelse i såra i hovudet, og til slutt døyr Hans Peter den 8. november.

2. Peter Andreas Kristoffersen og Lars Johan Larsson i Røssvatnet, Hattfjelldal, Nordland (1897)
12 juni 1897 rodde 3 ungdommar over Røssvatnet på nattefriing. Det var Peter Andreas Kristofferson (25), Elias Johan Kolbeinson (19) og Lars Johan Larsson (18). Då dei var komne om lag midtvegs, oppdaga dei ein bjørn som symde ute på vatnet. Det er noko uklart korleis nærkontakten med bjørnen oppstod. Kanskje var det skotpremien som lokka og gav tre overmodige gutar lyst på å ta livet av bjørnen med årer og det dei elles hadde for handa i båten. Eller kanskje dei berre uforvarande støytte på bjørnen sjølv om nordlandsnatta var lys og sikta var god. Bjørnen vart i alle tilfelle aggressiv og prøvde å koma seg opp i båten. Såleis starta eit hardt basketak og båten vart raskt fylt opp med vatn. Lars prøvde å symja til lands, men fekk truleg merka bjørneklørne mellom akslene og klarte ikkje halda seg oppe. Peter kunne ikkje symja og prøvde å klamra seg til den kvelvde båten, men til slutt måtte han sleppa taket. Bjørnen gjekk laus på Elias og skada han stygt, men han klarte likevel å redda seg ved å klatra oppå båtkvelven.
Det vart sokna etter dei to som drukna og dei vart då også funne, men utan at me veit kva skader dei hadde fått. Elias levde til han vart over 90 år gammel, men ville aldri seia stort om kva som hende den juninatta.

1. Gjetarguten Johan Sagadalen ved Blåfjellhaugane i Vassfaret, Flå, Buskerud (1906).
Johan (13) var ute og gjette i lag med den yngre broren Andreas (11) ein augustdag i 1906. Under ein pause i gjetinga tok gutane seg ein liten tur for å plukka blåbær. Etter ei stund gjekk Johan for å sjå etter buskapen og gjekk då uforvarande rett på ein bjørn. Bjørnen stod ved eit sauekadaver han ville forsvara og reiv såleis guten stygt opp med eit slag med labben. Elleveåringen Andreas høyrde skrika frå broren og oppdaga det som hende. Ute av stand til å hjelpa sprang han til næraste seter, der han fekk tak i Ola Hilde. Då dei kom att til staden for bjørneåtaket sende Ola av garde eit skot i bergveggen for å skremma vekk bjørnen. Litt etter fann dei Johan liggjande skamfaren på bakken, men ved fullt medvit. Dei fekk tak i doktor og som gav guten førstehjelp på staden. Men skaden synte seg å vera så omfattande at han straks vart frakta til Drammen Sykehus. Der konstaterte dei eit alvorleg kraniebrot, og livet stod ikkje til å redda.

I tillegg til sogene ovafor bør me kanskje ta med det som hende med Oline Grunsvoll frå Bjynnustad, Gjerstad i Aust-Agder ein oktoberdag i 1899. Det er uklart om bjørnen gjekk til åtak på henne, men hun møtte i alle fall på ein irritert bamse og reagerte ved å springa alt ho makta heimover. Ho var nok kjend med trua på at bjørnen skulle vera farleg for gravide kvinner, og sidan Oline var på veg med det tredje barnet sitt, gav nok tanken på dette næring til panikken. Da hun til slutt nådde heim til Bjynnustad, synte det seg at påkjenninga hadde vorten for stor, og ho aborterte. Dette førde nokså raskt med seg alvorlege komplikasjonar og ho døydde like etter at doktoren nådde fram til henne.

(Litt.: Astor Furseth: Drept av bjørn og ulv : en historisk oversikt over mennesker drept og skadet av rovdyr i Norge de siste 400 år. Landbruksforlaget 2005)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar