tirsdag 29. juni 2010

21 norske fotball-"førster"

Eg startar opp denne bloggen midt under VM i fotball. Inspirert av dette blir det første innlegget ei fotball-liste. Kven var den første norske spelaren som fekk raudt kort i eliteserien? Og kven var eigentleg landets første profesjonelle spelar. Arne Scheie har sikkert alt dette i hovudet. Sjølv må eg ha det lista opp, slik som her:


1. Kven var den første fotballspelaren til å scora mål i den norske eliteserien?
Første mål i toppserien vart scora av Sigurd Ravndal (Ålgård) mot Viking etter berre 1 minutt i den første runden etter at det norske seriesystemet vart innført (1/8-1948).

2. Kven var den første som laga hat-trick i den norske eliteserien?
Det første hat-tricket vart sett inn same runden som toppserien i Norge starta (1/8-1948). Det var Thorleif Larsen som presterte dette då Fredrikstad FK slo Storm 5-0. Om dette var eit "ekte" hat-trick fortel kjeldene lite om.

3. Kven var den første spelaren som scora frå straffesparkmerket i eliteserien?
Det vart også tildelt straffe i den første toppserierunden (1/8-1948). Det var Øyvind Høibak som la på til 2-0 for Mjøndalen mot Sandefjord.

4. Kven var den første utlendingen som spela i den norske eliteserien?
Den første utanlandske statsborgaren til å spela norsk toppseriefotball var dansken Kurt Leo Mortensen som spela for Fredrikstad FK sesongen 1954/55.

5. Kva lag var det første som vann eliteserien året etter opprykk?
Fram (Larvik) vant hovudserien i sesongen 1949/50 etter å ha vunne 2-1 samanlagt over Fredrikstad i seriefinalen. Dei rykka opp etter sesongen 1948/49.
Dette har elles skjedd fleire gonger: Larvik Turn vart seriemeister i 1952/53 etter å ha rykka opp sesongen før, medan Brann vart seriemeister 1961/62 etter å ha kome frå ein lågare divisjon. Rosenborg gjorde det same i 1967, Moss i 1987.

6. Kva lag var det første som rykka ned året etter at dei hadde vunne eliteserien?
Fram (Larvik) rykket ned sesongen 1950/51 etter ha blitt seriemeistrar året før. Same lagnaden fekk Brann i 1964 etter å ha blitt meistrar i 1963, Lyn rykka ned i 1969 etter å ha blitt meistrar i 1968.

7. Kven var den første reserven som vart sett inn i ein norsk toppseriekamp?
Då seriesystemet vart innført måtte reservane setjast inn før andre omgang byrja. I den aller første toppserierunden 1/8-1948 vart Reidar Kvammen (Viking) bytta ut i pausen med Willy Kristensen i kampen der dei tapte 1-3 mot Ålgård.

8. Kven var den første spelaren som vart utvist i norsk eliteserie?
Det kunne gå år og dag mellom utvisningane i gamle dagar. Først i 2. sesong etter at seriesystemet var introdusert skjedde første utvisning den 4/9-1949, då Einar Bråthe (Sparta) vart utvist mot Strømmen av dommar Bjarne H. Bech for å "ha vippet Odd Wangen mot farlig gjerde på banen".

9. Kven var den første som vart utvist etter at ein innførte med raude og gule kort?
Ordninga med gule og raude kort vart innført i Noreg i året 1973, men først den 19/10-1975 fekk Svein Grøndalen (Rosenborg) raudt kort mot Brann av dommar Svein-Inge Thime. Grøndalen vart utvist for stadig ureglementert spel, og han fekk også tidlegare i kampen gult kort for munnbruk. Då Grøndalen tackla ein motspelar i knehøgde vart det raudt kort. Grøndalen forstod straks kva dette innebar og gjekk rett ut.

10. Kva lag var det første til å bli seriemeister utan å tapa ein kamp?
Fredrikstad vant gruppe B i hovudserien 1951/52 med 12 sigrar og 2 uavgjort. I seriefinalen slo dei Brann 3-1. I hovudserien 1955/56 cruisa dei gjennom med 13 sigrar og berre ein uavgjort. Men her tapte dei seriefinalen mot Larvik Turn med 3-2. Fredrikstad kom seg gjennom utan tap i avdelinga si i hovudserien også ein tredje gong, nemleg i sesongen 1958/59. Men også då vart det tap i seriefinalen, denne gongen mot Lillestrøm etter omkamp.

11. Kven scora det første målet i ein norsk cupfinale?
Det første offisielle NM i fotball gjekk av stabelen i 1902. Opphavleg var NM 1902,1903 og 1904 uoffisielle turneringar, men i 1905 vart desse turneringane gitt offisiell status med tilbakeverkande kraft. Finalen i 1902 stod mellom Grane og Odd, der Grane vann 2-0. I følgje fotballhistorikarane scora Eivind Thune Larsen scora begge måla i finalen.

12. Når var første gang det måtte nyttast ekstratid for å avgjera ein cupfinale?
Første gang ein cupfinale vart avgjort med ekstratid var i 1909 i kampen mellom Lyn og Odd. Her vart heile 2. omgang annullert grunna Odd sine protestar mot dommaren. Odd gjekk av banen sidan dei meinte at Lyn hadde fått et urett tildømt mål. Situasjonen vart løyst ved at dommaren vart bytta ut og 2. omgang vart spela om att! I følgje "NFFs Jubileumsskrift 1902-27" vart det spela "forlenget spilletid" i denne kampen, men truleg vert det her sikta til at 2. omgang vart spela på ny. I så fall gjekk den første cupfinalen med ordinære ekstraomgangar mellom Sarpsborg og Ørn i 1929 (2-1 e.e.o.).

13. Kva cupfinale var den første som måtte gå til omkamp?
Første gang cupfinalen måtte gå til omkamp var i 1945, då Fredrikstad møtte Lyn. Etter første kamp stod det 1-1 etter ekstraomgangar. Då måtte det omkamp til, men også her vart resultatet 1-1. Dermed måtte det ein tredje kamp til for å få ei avgjerd, og her vann endeleg Lyn med 4-0.

14. Når var første gong cupen bli vunnen av eit lag frå ein av de lågare divisjonane?
Både Rosenborg (1960) og Gjøvik-Lyn (1962) vann cupen same året dei rykka opp frå 2. divisjon. Rosenborg var det første laget til å vinna cupen (2-1 over Sarpsborg i 1964) medan dei framleis låg i 2. divisjon.

15. Kva var den første cupfinalen som vart send direkte i radio?
Det var finalen mellom Ørn og Drafn i 1927 (4-0).

16. Kva var den første cupfinalen som vart overført i fjernsyn?
I 1961 vart cupfinalen mellom Fredrikstad - Haugar (7-0) send i opptak. Den første direktesendte cupfinalen vart synt i 1974, då Skeid vann over Viking med 3-1.

17. Kven var den første spelaren som vart utvist i ein cupfinale?
Første utvisninga i ein cup-finale skjedde i 1940. På toppen av alt vart ikkje berre ein, men to spelarar utvist samstundes for "håndgemeng". Det var Per Laurendz (Skeid) og Thorleif Larsen (Fredrikstad) som måtte forlata banen i det 75. minutt.

18. Når spela Noreg sin første landskamp - og mot kven?
Noreg spela første landskampen i 1908 mot Sverige i Göteborg. Her vart det norsk tap med 3-11.

19. Når fekk Noreg den første sigeren i ein landskamp – og mot kven?
Noreg fekk den første landskampsigeren i 1918 - vår 28. landskamp. Det var Danmark som måtte bita i graset.

20. Kven var den første norske spelaren som scora i ein landskamp?
Minotti Bøhn frå Mercantile gjorde 1-0 til Noreg mot Sverige (Göteborg 1908) allereie etter eitt minutt.

21. Kven var den første norske spelaren som vart profesjonell?
Noregs første proff i utlandet var Thøger Nordbø som tekna hemmeleg proffkontrakt medan ein trudde han spela som amatør for Club Francaise i 1932/33. Hadde ikkje denne kontrakten blitt halden skjult, ville Nordbø mista retten til å spela på landslaget. Den som offisielt først var den første norske proffspelaren var Harald "Poppe" Pettersen for Sochaux i 1938/39.

Kjelder:
Norges Fotballforbunds årbok 1949
Arnfinn Fagerli og Christian Lunde Nilsen: Norsk Fotballeksikon. Alt om toppserien 1963-1999. Orion Forlag 1999.
Per Jorsett og Arne Skeie: Cupen : NM i fotball 1902-1999. Stenersens Forlag 1999.
Internett: www.rsssf.no/archive.html

I tillegg ein takk til Kåre M. Torgrimsen og Lars Aarhus for uvurderleg hjelp med denne lista.