søndag 11. juli 2010

10 norske fly-"førster"

1. Første offisielle flytur over norsk område
14. oktober 1910: Den svenske baronen Carl Cederström flyg sitt eige Bleriot monoplan „Bil-Bol“ framfor 30 000 menneske på Etterstadsletta i Kristiania. Flyturen varer i 23 minutt. Cederström gjorde fleire oppvisningsturar dei neste dagane til han ein ettermiddag skar ut under avgang og braste inn blant publikum. Flyet vart ramponert, men baronen kraup ut uskadd. Nokre av tilskodarane vart lettare skadde, men alt i alt enda det heile godt.

2. Første norske flygar
Den første nordmannen som førte eit fly var nestkommanderande på Noregs første u-båt „Kobben“, Hans Fleischer Dons. I 1912 vert han sendt til Tyskland for å læra å flyga og kjøpa ein flygemaskin til det norske forsvaret. Han kjøper det første og beste flyet han finn i Berlin, eit Rumpler Taube monoplan. Det vert ikkje tid til å ta noko sertifikat, og etter bare tre soloflygingar tek han med seg flyet heim. Flyet vert døypt „Start“ og den 1. juni 1912 lettar Dons frå Gannestad-jordet i Horten og flyg til Fredrikstad i det spinkle flyet.

3. Første nordmann med flygarutdanning
12. juni 1912 løyvde Stortinget 18.000 kroner til flygarutdanning. Løytnant Einar Sem-Jacobsen drog straks til Frankrike for å utdanna seg til flygar og for å kjøpa fly. Han kom heim med sertifikat og to fly som fekk namna „Ganger Rolv“ og „Njaal“.

4. Første flyplass
Straks Sem-Jacobsen kom heim med „Ganger Rolv“ og „Njaal“ byrja forsvaret å sjå seg om etter ein høveleg stad til flyplass. Auga festa seg på eit jorde ved Kjeller, og dette vart starten på hovudbasen til Hærens flyvåpen. Opphavleg omfatta denne basen berre eit skur og førti mål leigd tomt. Flystripa var 100 meter lang og om lag 40 meter brei utan asfalt eller planering.

5. Første sivile flyplass
Den første norske «hovudflyplassen» vart opna som sjøflyhamn på Gressholmen inst i Oslofjorden i 1927. Elles fanst det ikkje sivile flyplassar på landjorda i Noreg, men dei militære flyplassane på Kjeller og Værnes kunne ta imot sivile fly. I midten av 1930-åra vart det starta byggjearbeid på flyplassar på Sola, Fornebu og Heimdal. Sola Lufthavn opna i 1937 og er i følgje Avinor den første sivile flyplassen i Noreg.

6. Første passasjerruta
Sidan det er eit definisjonsspørsmål kva ein skal leggja i omgrepet «passasjerrute» kan opplysningane sprika noko her. Då Det Norske Luftfartsrederi A/S vart stifta i 1919 som det første luftfartsselskapet i landet vart det gitt kontrakt på prøveflygingar med post på ruta Stavanger–Haugesund–Bergen i tida 16. august til 15. oktober 1920. Om bord i desse postflya var det plass til 3 passasjerar, og i løpet av den eine sesongen ruta eksisterte, vart det frakta i alt 64 passasjerar. Ein kan derfor påstå at dette var den første sivile passasjerruta i landet. Samstundes dreiv Hærens flyvåpen 1920 prøveflygingar i tidsrommet 19.6.–23.8 mellom Brummunddal–Kjeller–Halden der ein tok med passasjerar så langt dette let seg gjera.
Etter ein del spede forsøk med ruteflygingar med ulike aktørar vart Det Norske Luftselskap (DNL) tildelt eit 10-års monopol på post- og passasjerfrakt i 1935, der selskapet byrja å ta med passasjerar i 1936.
Første passasjerruta til utlandet gjekk mellom Oslo og Travemünde i Tyskland, starta av Deutsche Lufthansa i 1928.

7. Første ulukka i passasjertrafikk
Den 16. juni 1936 kolliderte passasjerflyet «Havørn» med Lifjellet i Hyllestad. Flyet var på veg frå Bergen til Trondheim då det i tjukk skodde kolliderte med fjellet som stikk 777 meter rett opp frå nordsida av Sognefjorden. Alle sju som var om bord omkom.

8. Første dødsulukka på norsk jord
1. mai 1917 ville løytnant Arne Køltzow prøve å sette ny skandinavisk høgde-rekord i eit Farman-fly. Den gjeldande rekorden var på 4000 meter. Tilskodarane på Kjeller, for det meste flygarkameratane til Køltzow, såg at flyet steig jamt og sakte til vêrs. Då flyet var kome om lag to tusen meter opp i lufta, vart det borte i skyene. Etter ei stund dukka flyet opp att. Då hadde det gått i spinn og kom stupande mot bakken. Det virka som Køltzow prøvde å retta opp flyet som likevel ikkje makta påkjenninga. Køltzow vart kasta ut og liket vart sidan funne nokre hundre meter frå flyvraket.

9. Første helikopter
Første gang eit helikopter dukka opp i norsk luftrom var i 1950, då eit svensk helikopter av typen Bell 47 vart rekvirert i samband med ein redningsaksjon etter eit flyhavari ved Fornebu.
Dei første norske helikoptra var også laga av Bell (Bell 47 D-1). I september 1952 underteikna Noreg ein kontrakt med Bell Aircraft co. om 6 helikopter til Luftforsvaret. 4 av desse vart flogne til Sola den 13. april 1953.

10. Første legetransport
Det første tilfellet av legetransport med fly skjedde i 1922, då Marinens Flyvevæsen flaug ein lege frå Hammerfest til Alta i eit Hansa Brandenburg W33 fly.

Kjelder: Norsk luftfart gjennom hundre år. Utg. av Norsk Luftfartsmuseum 2005
Innstilling frå Lufttrafikkommisjonen av 1930 (Forsvarsdepartementet)
T. Lindtveit og G. Thoresen: På vingene over Norge, 1980
Opplysningar frå Norsk Luftfartsmuseum, Bodø, ved konservator Olav Gynnild
NRK Sogn og Fjordane: Fylkesleksikon

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar