søndag 11. juli 2010

25 Nordmørske Noregsrekordar

Nordmøre er omfatta av kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Halsa, Kristiansund, Rindal, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll. Alle desse kommunane er representerte nedanfor med minst ein Noregsrekord - bortsett frå Gjemnes. Eg håpar at nokre vakne gjemnesingar kan sørgja for at me får retta opp i dette påtakelege mishøvet.


1. Størst I: Landets største metanolfabrikk ligg i Statoil sitt industrianlegg på Tjeldbergodden i Aure kommune. Det same gjer Skandinavias største luftgassfabrikk. Verksemda produserer oksygen, nitrogen og argon. Ein stor del av oksygenet vert nytta i framstillinga av metanol på Tjeldbergodden.

2. Størst II: Landets største spesialfabrikk for fiskefôr ligg i Kristvik industriområde i kommunesenteret Bruhagen i Averøy. Han vert driven av Skretting AS.

3. Størst III: Eide kommune er landets største produsent av tilverka stein, med om lag halvparten av den norske marknaden (2005), fordelt på fleire verksemder. Kommunen vert såleis marknadsført under namnet 'Nordens steinkommune', og produserer gravminne, bygningsstein og fleire andre produkt.

4. Størst IV: Verksemda T-Komponent i Rindal er landets største produsent av laminert trevirke (limtre)og benkeplater.

5. Størst V: Smøla Vindpark er Noregs største vindkraftverk og det største landbaserte vindkraftverket i Europa. Vindparken består av 68 vindmøller og vart gjort ferdig i to etappar, i 2002 og 2005. Samla leverer anlegget 150 MW.

6. Størst VI: Hydro Aluminium Sunndal er det største aluminiumsverket i Vest-Europa. Det har ein produksjon på ca. 370 000 tonn primæraluminium per år (kjelde: Norsk Hydro).

7. Størst VII: Noregs største bergmalingsfelt ligg på Honnhammer 7 km øst for Tingvoll sentrum. Dei 5000 år gamle figurane er malte rett på berget, og må såleis ikkje forvekslast med helleristingar. Det er ganske oppsiktsvekkjande at fargene på desse førhistoriske framstillingane av elg, rein og laks framleis held seg så godt som dei gjer.

8. Først I: Industriområdet på Tjeldbergodden i Aure kommune inneheld Noregs første produksjonsstad for framstilling av flytande naturgass (LNG).

9. Eldst I: Kristiansund har verdas eldste kollektive transportselskap i samanhengande drift. Den såkalla Sundbåten har ført passasjerar mellom dei fire bydelane i Kristiansund sidan 18. november 1876.

10. Eldst II: Kristiansund har hatt operatradisjonar sidan 1805, men den første offentlege framsyninga fann stad i 1928. Dette var 32 år før Den norske Opera vart skipa i Oslo. Operaen i Kristiansund er såleis Noregs eldste opera. Men byen har formelt sett ikkje eige operahus, sidan det er Festiviteten sine lokale som vert nytta under førestillingane.

11. Eldst III: På Kuløy i Smøla er det funne ein runestein, Kulisteinen. Steinen fortel at «Tore og Hallvard reiste denne steinen etter Ulv (raude?). Tolv vintrar hadde kristendommen vore i Noreg». Dette er det eldste norske kjeldeskriftet som nemner kristendommen og namnet på landet vårt.

12. Eldst IV: Landets eldste eksisterande møbelfabrikk, Talgø, vart starta i Todalen i Surnadal i 1899 av ekteparet Thore og Thora Talgø. I dag ligg hovudverksemda på Kvennset i Todalen.

13. Først: Området frå Ålvundeid til Innerdalsporten (Innderdalen) i Sunndal vart Noregs første landskapsvernområde då det vart freda den 31.07.1967. Men legg merke til at Innerdalen vart verna før omgrepet "Landskapsvernområde" vart lansert første gong i 1970. Veøya i Molde kommune vart det første landskapsvernområdet etter at loven om landskapsvern vart innført dette året.

14. Nordlegast I: Strand i Averøy har verdas nordlegaste bestand av kristtorn.

15. Nordlegast II: Kuløy eller Kuli på Smøla har den absolutt nordlegaste førekosten av sommareik i verda.

16. Nordlegast III: I Nelvika på Smøla står eit einstaka kristtorntre som er det nordlegaste i verda (men sjå også ovafor under "Nordlegast I") (Kjelde: Verneplan for Smøla kommune).

17. Nordlegast IV: Verdas nordlegaste naturlege eikeskogar ligg på Eikrem og i Boksaspa naturreservat i Tingvoll. Eikrem er kanskje det nordlegaste stadnamnet i Noreg som inneheld treslaget eik.

18. Einaste I: Eide kommune er den einaste kjende voksestaden for torntvebladmose (Scapania nimbosa), som følgjeleg også er utpeikt til spesiell ansvarsart for kommunen. Denne sjeldne mosen veks berre på to stader i kommunen med til saman 11 individ. Arten er rekna for å vera kritisk truga.

19. Einaste II: Halsa kommune har landets einaste gravmonument over ein kval, nemleg minnerøysa over filmstjerna Keiko. Det var nemleg i fjordane kring Halsa den kjende spekkhoggaren heldt seg før han døydde av lungebetennelse den 12. desember 2003. Keiko vart opphavleg fanga utanfor Island i 1979, og vart sidan ein attraksjon i fleire parkar og akvarium i USA, Canada og Mexico. Han hadde hovudrolla i den første av tre Free Willy-filmane, før arbeidet starta med å prøva å la han venda attende til havet. I 1998 vart han returnert til havområda utanfor Island, men dukka altså seinare opp i Taknesbukta i Halsa, der han no er gravlagd.

20. Einaste III: Kuling- og stormvarselet på Bjørnehaugen i Kristiansund er det einaste i dagleg drift her i landet. Her varslar grønt lys storm, og kombinasjonar med raudt og kvitt syner vindretninga. Varsla vert styrde frå brann- og redningsvesenet. Stormvarselet vart sett opp på Rådhusplassen i 1898 og flytta til Bjørnehaugen 1932.

21. Einaste IV: I Øvre Surnadal ligg Noregs einaste flyfabrikk, Mikroflyprodukt. Som namnet seier, er det berre mikrofly som vert produserte ved fabrikken.

22. Einaste V: Nordenfjeldske Børstefabrikk AS (Norbørst) på Øye i Surnadal er den einaste musefellefabrikken i landet. Den kjende musefella Rapp kjem frå denne fabrikken.

23. Høgast I: Høgaste fossen i landet etter total fallhøgde, er truleg Vinnufossen i Sunndal med om lag 860 meter. Dette gjer han også til den høgaste fossen i Europa og den sjette høgaste i verda. Men Vinnufossen har lita vassføring, og opptrer mykje av året berre i form av ein bekk, noko som gjer at han sjeldan er blitt marknadsført blant landets høgaste fossar. Han er heller ikkje nøyaktig oppmålt.

24. Høgast II: Storkalkinn i Sunndal er det høgaste fjellet i Nord-Europa som stig opp direkte frå havnivået (1880 m.o.h.).

25. Varmast: Sunndalsøra i Sunndal kommune har landets høgaste februar-temperatur (18,9 grader målt 23.2.1990), høgaste november-temperatur (18,5 grader, målt 1.11.1984), og høgaste desember-temperatur (18,3 grader, målt 1.12.1998) (kjelde: Meteorologisk Institutt).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar