lørdag 10. juli 2010

20 bergenske Noregsrekordar

Når bergensaren dreg fram sin nystemte og framfører påstanden om at han ikkje er frå Norge, men frå Bergen, fjernar han samstundes grunnlaget for å inneha desse 20 fine norske rekordane. Det er jo synd.

1. Flest: Bergen skal vera den kommunen som har flest riksvegnummer innanfor grensene sine. Følgjande riksvegar passerer eller endar i Bergen: Rv7, Rv540, Rv546, Rv555-558, Rv562, Rv564, Rv566-567, Rv580, og 582, i alt 13.

2. Først I: Landets første papirfabrikk, Alvøen A/S, vart grunnlagd i Bergen i 1797. Verksemda var i produksjon fram til 1981.

3. Først II: Landets første moderne vassverk vart bygd ved Svartediket i Bergen i 1855. Frå då av kunne alle husstandane i Bergen ta imot vatn frå støypejernsrøyr.

4. Først III: Landets første sjukehus for sinnslidande, Dolhuset, vart grunnlagd i Bergen i 1762.
5. Først IV: Landets første kvinnelege postmeister, Arianche Welding, hadde denne stillinga så tidleg som 1660-68.

6. Først V: Landets første kommunale renovasjonsvesen vart oppretta i Bergen i 1877.

7. Først VI: Norges første krematorium vart opna i Bergen i 1907 i tilknytning til Haukeland Sjukehus.

8. Først VII: Bergensaren Cort Aslakssøn (1564-1624) vart den første nordmannen som som vart utnemnd til professor. Dette skjedde ved Universitetet i København i år 1600, nokre år før ein annan bergensar, Ludvig Holberg.

9. Først VIII: Ein annan bergensar, Hans Christian Knudsen (1816-1863), var den første nordmannen som reiste til Afrika som misjonær. I 1841 vart han send til Namaqualand på sørvestkysten av Afrika (no høyrer dette området til Namibia og Sør-Afrika). Han vart her den første som skreiv ned språket til namaqui-folket og gav ut ein grammatikk.

10. Eldst I: Bergen Filharmoniske Orkester er Noregs eldste symfoniorkester. Det vart skipa i 1765 under namnet Musikselskabet Harmonien.

11. Eldst II: Landets eldste portrettstatue, Christie-støtten i Bergen, vart avduka den 17. mai 1868. Skulpturen er laga av bilethoggaren Christopher Borch og er reist til minne om Wilhelm Frimann Koren Christie (1778-1849). Christie var formann i komiteen som forhandla med Sverige etter 1814, og har fått hovudæra for at Noreg fekk ei sjølvstendig stilling innan unionen. Monumentet over Christie vart avduka på Torvalmenningen, men vart seinare flytta til Nygårdshøyden framfor Bergen Museum. Christie var ein av grunnleggjarane av dette muséet i 1825, der han også fekk plassert si private samling av oldsaker. Då Christie døydde, fylde samlingane hans to bygningar, der den eine vart sett opp spesielt for dette føremålet. Dette vart landets første museumsbygning.

12. Eldst III: Svaneapoteket i Bergen er Noregs eldste og første apotek. Det vart grunnlagd i 1595. Bergen fekk med dette også landets første apotekar.

13. Eldst IV: Vassverket ved Svartediket vart bygd i 1855, og er såleis landets eldste.

14. Eldst V: Byvåpenet i Bergen vert ofte rekna for å vera landets eldste. Det er basert på byen sitt gamle segl, og er nemnd for første gong i 1293. Trass i dette var det Ålesund sitt byvåpen som var det første som vart offentleg godkjent.

15. Eldst VI: Bergen Svømme Club vart starta i 1908, og er såleis landets eldste.

16. Eldst VII: Det Medisinske Selskap i Bergen, tidlegare Bergens Lægeforening, vart stifta i 1831 og er landets eldste legeforeining.

17. Eldst IX: Det som oftast vert rekna som landets eldste eigentlege gate, Øvregaten, er nemnd allereie i 1135 (som «Stretet»).

18. Eldst X: Noregs eldste mållag, Vestmannalaget, vart skipa i Bergen av Henrik Krohn i 1868.

19. Einaste: Bergen er den einaste byen i landet som framleis har byport. Stadsporten, som stod ferdig i 1645, ligg der Kalfaret møter Kong Oscars gate. Her gjekk tidlegare den viktigaste vegen inn til byen. Stadsporten vart freda i 1927.

20. Størst: Haukeland Universitetssykehus i Bergen er landets største sjukehus målt etter talet på pasientar.

Kjelder: Bergen byleksikon
Bergen kommune

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar