torsdag 29. juli 2010

8 norske teikneserie-"førster"

1. Første norske teikneserie
Den første lengre norske teikneserien er Kari, Per og Søren paa besøk i hovedstaden og paa reise til Amerika. Serien vart teikna av Gunnar Tandberg og skriven av Nanna With og gjekk i bladet For Hus og Hjem i 1912. Serien skildrar det unge søskenparet Per og Kari sine opplevingar i hovudstaden. Dei kjem frå ein gard, og tek med seg grisen Søren til Kristiania. Serien kom ut som eige hefte i 1913.
Men det vart laga teikneserieliknande forteljingar også før 1900-tallet. Røtene til dei norske teikneseriane ligg i dei illustrerte biletmagasina som kom på siste halvdelen av 1800-tallet. Her kan ein finna bidrag som per definisjon er teikneseriar. Den tidlegaste som til no er funnen vart prenta 5. mars 1864 i bladet Vikingen, og er ein serie på fire bilete: Studenternes Krigsøvelser. Serien skildrar den kjedelege kvardagen til soldatane med ein humoristisk vri. Me veit ikkje sikkert kven som laga denne serien, men ein går ut frå at forfattaren er norsk (kjelde: www.seriefokus.no/Historikk/1900.html).

2. Første norske avisserie
Den første avisa med teikneseriar var Tidens Tegn, ei dagsavis som kom ut i Noreg frå 1910-1941. Her vart serien Professor Tanke av Ivar Mauritz-Hansen prenta første gong i 1926, men før dette laga han fleire meir eller mindre kortvarige seriar for avisa, m.a. Onkel Brombass (som med dette vart den første norske avisserien), den humoristiske detektivserien Detektiv Luresen og serien Jumbo. Senere vart Mauritz-Hansen mest kjend for serien Blåmann.

3. Første serie med pratebobler
Den første norske serien som nytta seg av pratebobler var truleg Professor Tanke av Ivar Mauritz-Hansen.

4. Første science-fictionserie
Den første norske science fiction-serien var Reisen til Ken som gjekk i Arbeidermagasinet i 1933. Han var laga av teiknaren Arent Christensen og forfattaren Christian Haugen som også samarbeidde om fleire andre spaningsseriar, i hovudsak basert på Haugens sine romanar.

5. Første julehefte
Det første norskproduserte eigentlege juleheftet var Pappa og Pjokken som vart gitt ut første gong 1917. Heftet var skrive av Jan Lunde.


6. Første teikneserie på nynorsk
Då Nynorsk Vekeblad kom med det første prøvenummeret i 1934, var det med 4 teikneseriar med nynorsk tekst: Tom Tricks opplevelser i sagnbyen Anan, som opprinneleg var ein amerikansk serie, Nils og Blåmann, Halle Trallemann og den svenskproduserte serien Besse B. Alle desse seriene var rett nok blitt sett om frå originalspråket eller frå bokmål.
Smørbukk vart lansert i Norsk Barneblad sommaren 1938 som den første teikneserien som hadde originaltekst på nynorsk. Serien var opphavleg teikna av Jens R. Nilssen som også teikna Tuss og Troll.

7. Første spaningsserie
Det som er rekna som den første norske spaningsserien var Haukepatruljen. Han starta i Ukemagasinet 1930 og vart teikna av Jens R. Nilssen etter tekst av Alf Fossum. Serien handlar om ei gruppe flinke speidarar som hjelpte folk og fanga skurkar i Noreg og utlandet.


8. Første kvinnelege serieskapar
Den første kvinnelege norske serieteiknaren var Solveig Muren Sanden som teikna Tuss og Troll frå 1957. Seinare teikna ho også Smørbukk frå 1960. Nanna With var den første norske tekstforfattaren til ein serie (sjå "første teikneserie").

Kjelder:
www.seriefokus.no
Morten Harper: Tegneseriens triangel. Bø i Telemark. 1997

onsdag 28. juli 2010

Dei 5 siste menneska som er blitt drepne av bjørn i Noreg

Då den 13 år gamle gjetarguten Johan Sagadalen vart slegen i hjel av ein bjørnelabb ein seinsommardag i Vassfaret, vart han den siste av ei lita rekkje menneske som har hatt fatale møte med bamsen gjennom tidene. I alt vart det i perioden 1750-1962 registrert 27 dødsfall og 48 skadetilfelle valda av bjørn i Noreg og Sverige til saman, der det siste i Norge med dødeleg utgang hende i 1906.

Bjørnen vert oftast rekna for å vera eit godlynt dyr berre det ikkje blir terga eller overraska. Den følgjande lista over dei 5 siste bjørnedrapa her i landet demonstrerer såleis ei blanding av uheldige omstende, ungdommeleg overmot og skadeskotne dyr. Men sjølvsagt la dette ikkje nokon dempar på den respekten folk hadde for dette store og myteskapande dyret.


5. Isak Brønnelsen (Brynjulfsen), Sandvik, Snillfjord, Sør-Trøndelag (1872)
Isak Brønnelsen var gardbrukar i Sandvik. Ein dag oppdaga han ein bjørn i kornåkeren og prøvde å skremma han bort med ei øks. Men bjørnen let seg ikke jaga bort og gjekk til åtak på Isak som prøvde å verga seg med øksa. Uheldigvis brakk skaftet og Isak vart skamfaren av bjørnen. Han vart boren attende til huset og lagt til sengs til han døydde ei tid etterpå, den 31. desember 1872.

4. Tollef Torkjellsen Dale, Bruhjell, Balestrand, Sogn og Fjordane (1881)
Denne sommeren hadde mange blitt skremde av ein mannevond bjørn som herja på dei kantane. Han var blitt jakta på og skadeskoten, noko som ikkje hjalp på humøret til bjørnen. Etter dette hadde bjørnen gått laus på ein mann og mishandla han stygt, og han gikk vedvarande til åtak på saueflokkane kring om på stølane. Folk våga ikkje lenger å ta seg fram i utmarka, og derfor vart det organisert eit nytt jaktlag i byrjinga av august. I dette jaktlaget fann ein Tollef Dale i lag med tre andre dugande jegerar og eit par bjørnehundar. Etter å ha leita ei tid fekk hundane til slutt los på bjørnen i ei bratt li. Før jegerane fekk skikkeleg auge på bjørnen i krattet der han gøymde seg, styrta han fram og tok peiling på næraste skyttar som fyra av. Dette såg ikkje ut til å ha nokon verknad på bamsen, og det måtte til tre skot frå dei andre skyttarane før han låg i bakken. Der byrja han å slå rundt seg i noko som jegerane tolka som krampetrekningar. Men brått reiste han seg att, blødande og med foten slepande etter seg, og fekk kasta seg over skyttaren ved sida av Tollef, Aksel Gregoriussen. Aksel fekk andletet rive opp av bjørnekloa og gjekk over ende. Deretter fauk det rasande dyret på Tollef medan det stadig vart skote mot bjørnen, framleis utan effekt. Tollef mista balansen og landa på ryggen med bjørnen over seg, og saman trilla dei nedover lia medan bjørnen heile tida fekk gitt Tollef stygge sår. Så sokk bjørnen endeleg i hop og dei to attverande skyttarane fekk omsider gjeve bamsen to drepande skot.
Aksel Gregoriussen overlevde, vart lappa i hop og gjekk gjennom resten av livet med halve andletet lamma. Tollef Dale døydde derimot der på staden, 31 år gamal.

3. Hans Peter Bastian Andreassen Udgård, Hundeidvik, Sykkylven, Møre og Romsdal (1895)
Den 9. september 1895, 2 dagar før han fylte 13 år, var Hans Peter i fjellet på sauesanking i lag med ein mann og to ungdommar. Under sankinga kom han noko bort frå dei andre og råka brått på ein bjørn som gjekk til åtak på han. Hans Peter vart biten i andletet og i armen, men klarte å gjera seg fri frå fleire skader ved å dra i ragget i bjørnehovudet. Skrika hans fekk dei andre til å koma til hjelp, og dei greidde å skremma bjørnen bort. Hans Peter vart boren ned til garden, der dei snart innsåg at guten var hardt skada. Han vart send til sjukehuset i Ålesund, der han vart liggjande i to månadar. Men tilstanden vart etter kvart verre, det sette seg betennelse i såra i hovudet, og til slutt døyr Hans Peter den 8. november.

2. Peter Andreas Kristoffersen og Lars Johan Larsson i Røssvatnet, Hattfjelldal, Nordland (1897)
12 juni 1897 rodde 3 ungdommar over Røssvatnet på nattefriing. Det var Peter Andreas Kristofferson (25), Elias Johan Kolbeinson (19) og Lars Johan Larsson (18). Då dei var komne om lag midtvegs, oppdaga dei ein bjørn som symde ute på vatnet. Det er noko uklart korleis nærkontakten med bjørnen oppstod. Kanskje var det skotpremien som lokka og gav tre overmodige gutar lyst på å ta livet av bjørnen med årer og det dei elles hadde for handa i båten. Eller kanskje dei berre uforvarande støytte på bjørnen sjølv om nordlandsnatta var lys og sikta var god. Bjørnen vart i alle tilfelle aggressiv og prøvde å koma seg opp i båten. Såleis starta eit hardt basketak og båten vart raskt fylt opp med vatn. Lars prøvde å symja til lands, men fekk truleg merka bjørneklørne mellom akslene og klarte ikkje halda seg oppe. Peter kunne ikkje symja og prøvde å klamra seg til den kvelvde båten, men til slutt måtte han sleppa taket. Bjørnen gjekk laus på Elias og skada han stygt, men han klarte likevel å redda seg ved å klatra oppå båtkvelven.
Det vart sokna etter dei to som drukna og dei vart då også funne, men utan at me veit kva skader dei hadde fått. Elias levde til han vart over 90 år gammel, men ville aldri seia stort om kva som hende den juninatta.

1. Gjetarguten Johan Sagadalen ved Blåfjellhaugane i Vassfaret, Flå, Buskerud (1906).
Johan (13) var ute og gjette i lag med den yngre broren Andreas (11) ein augustdag i 1906. Under ein pause i gjetinga tok gutane seg ein liten tur for å plukka blåbær. Etter ei stund gjekk Johan for å sjå etter buskapen og gjekk då uforvarande rett på ein bjørn. Bjørnen stod ved eit sauekadaver han ville forsvara og reiv såleis guten stygt opp med eit slag med labben. Elleveåringen Andreas høyrde skrika frå broren og oppdaga det som hende. Ute av stand til å hjelpa sprang han til næraste seter, der han fekk tak i Ola Hilde. Då dei kom att til staden for bjørneåtaket sende Ola av garde eit skot i bergveggen for å skremma vekk bjørnen. Litt etter fann dei Johan liggjande skamfaren på bakken, men ved fullt medvit. Dei fekk tak i doktor og som gav guten førstehjelp på staden. Men skaden synte seg å vera så omfattande at han straks vart frakta til Drammen Sykehus. Der konstaterte dei eit alvorleg kraniebrot, og livet stod ikkje til å redda.

I tillegg til sogene ovafor bør me kanskje ta med det som hende med Oline Grunsvoll frå Bjynnustad, Gjerstad i Aust-Agder ein oktoberdag i 1899. Det er uklart om bjørnen gjekk til åtak på henne, men hun møtte i alle fall på ein irritert bamse og reagerte ved å springa alt ho makta heimover. Ho var nok kjend med trua på at bjørnen skulle vera farleg for gravide kvinner, og sidan Oline var på veg med det tredje barnet sitt, gav nok tanken på dette næring til panikken. Da hun til slutt nådde heim til Bjynnustad, synte det seg at påkjenninga hadde vorten for stor, og ho aborterte. Dette førde nokså raskt med seg alvorlege komplikasjonar og ho døydde like etter at doktoren nådde fram til henne.

(Litt.: Astor Furseth: Drept av bjørn og ulv : en historisk oversikt over mennesker drept og skadet av rovdyr i Norge de siste 400 år. Landbruksforlaget 2005)

tirsdag 27. juli 2010

13 nordmenn som har gjort det stort i USA

Det kan nok diskuterast kva som kan leggjast i uttrykket «å gjera det stort», særleg når massemorderska Belle Gunnes er inkludert i denne lista. Men så sant det er blitt ofra meir enn eit par linjer på ein norskfødd amerikanar i eit amerikansk leksikon, er det all grunn til å slå seg for brystet. Same kva dei har gjort.

1. Edwin Ruud f. i Askim 1854. Han reiste til USA i 1880 og tente ei formue på oppfinningane sine, særleg den gassfyrte trykkvarmaren. Han grunnla også Ruud Manufacturing Company.
2. Knute Kenneth Rockne (1888-1931), vart fødd i Voss, men emigrerte i lag med familien sin til USA allereie som liten. I nokre år var han amerikansk fotballspelar på eit universitetslag i Indiana, men vart seinare meir kjend som trenar. Han vart såleis legendarisk då han førte laget til The University of Notre Dame i Indiana til siger i 88,1 % av kampane. I 1940 vart han framstilt av seinare president Ronald Reagan i spelefilmen «Knute Rockne, All-American».
3. Sonja Henie (1912 – 1969) fekk amerikansk statsborgarskap i 1941 etter at ho hadde avslutta amatørkarriera som kunstløpar med fleire Europa- og verdsmeisterskap. I USA vart ho gjort til stjerne, først med isshowa sine og etter kvart også med fleire (11) filminnspelingar. I 1956 gifta ho seg med skipsreiar Niels Onstad og flytta heim til Noreg.
4. Boyesen, Hjalmar Hjort (1848-95) var fødd i Stavern. Han utvandra til USA i 1869 der han vart professor i tysk og seinare i germanske språk ved Columbia College i New York. Boyesen fekk etter kvart omfattande suksess som forfattar av både skjønnlitteratur og litteraturhistoriske verk. Han er særleg kjend for dei realistiske romanane Falconberg og Social Strugglers, og han vert rekna som ein av dei første amerikanske representantane for realismen.
5. Evinrude, Ole, eg. Evenrudstuen (1877-1934). Fødd på Toten, men emigrerte til Wisconsin som ganske ung. Her konstruerte han den første flyttbare motoren for robåtar som han seinare utvikla til det som me kjenner som påhengsmotoren. Han er mest kjend for produksjonen av motoren Evinrude & Johnson. Motoren vart produsert av firmaet Outboard Marine Corp. fram til det gjekk konkurs i 2000. Varemerket Evinrude & Johnson vart deretter seld til Canada.
6. Gunness, Belle (1859-?1931), f. Brynhild Paulsdatter Størset i Selbu. Ho emigrerte til USA i 1881 der ho skulle bli ein av dei mest berykta massemordarane i amerikansk historie. Ho myrda ektemannen og mellom 14 og 30 friarar, og det er også sannsynleg at ho tok livet av sine eigne born og fosterborn ved å la dei brenna inne.
7. Boomer, Jørgine Slettede (1887-1971), norskamerikansk hotellvertinne, fødd i Bøverdalen i Lom, Oppland. I over 40 år var ho vertinne på luksushotellet Waldorf- Astoria i New York. Ho er også kjend som oppfinnaren av Waldorf-salaten. Boomer vart enke i 1947 og aleine om ansvaret for drifta av Waldorf-Astoria, som ho dreiv med hell i fleire år.
8. Giæver, Ivar, f. 5. april 1929 i Bergen, norsk-amerikansk fysikar. Han var utdanna som maskiningeniør ved NTH, emigrerte 1954 til Canada og derifrå i 1956 til USA. Her tok han doktorgraden i 1964 og vart amerikansk statsborgar det same året. Han fekk Nobelprisen i fysikk i 1973 saman med L. Esaki og B. D. Josephson.
9. Nelson, Knute (1842-1923), fødd i Voss, norsk-amerikansk politikar (republikanar). Nelson var medlem av Kongressen 1883-92. I 1892 vart han vald til guvernør i Minnesota der han vart attvald 1894. Han var medlem av senatet i USA frå 1895 til han døydde. Nelson var den første norsk-amerikanaren som spela ei omfattande rolle i amerikansk politikk.
10.Solheim, Karsten, f. 15. sept. 1911 i Austrheim, norsk-amerikansk forretningsmann. I 1954 byrja Solheim å spela golf, og i 1958 utvikla han ein eigen puttar, som vart kalla Ping (etter lyden når kølla treff ballen). Køllene var handlaga i garasjen til Solheim og vart raskt særs populære. I 1967 starta Solheim Karsten Manufacturing Corporation, Phoenix, som no produserer og sel golfkøller og -utstyr under merket Ping over store deler av verda. Ping- og Solheimnamnet er også knytta til fleire prestisjefylde golfturneringar.
11. Kavli, Fred f. 1927 i Eresfjord, Nesset kommune, norsk-amerikansk fysikar og forretningsmann. Han tok eksamen ved Norges tekniske høgskole 1955 og utvandra til USA 1956. I 1958 grunnla han Kavlico Corporation i California for produksjon av sensorar til bil-, fly- og romfartsindustrien. Seinare selde han firmaet og oppretta sidan eit fond – Kavli Foundation – for pengane. Fondet skal finansiera tre forskningsprisar innan astrofysikk, nevrovitenskap og nanoteknologi.
12. Jan Stenerud f. 26. nov. 1942 i Fet, norsk-amerikansk spelar i profesjonell amerikansk fotball. Han er kjend som ein av dei beste kicker-ane amerikansk fotball har hatt. I 1991 vart han vald inn i NFL Hall of Fame.
13. Olsen, Tinius (1845-1932), fødd i Kongsberg, norsk-amerikansk ingeniør og oppfinnar. Han tok patent på ein materialprøvemaskin og grunnla eit eige firma i Philadelphia, Pennsylvania, for å produsera denne og seinare fleire typar materialprøvemaskinar. Verksemda hans vart den største i sitt slag i verda.

Ei alfabetisk liste over norske ord med bokstavsamansetjing

Her kjem ei liste eg har laga berre for moro skuld. Eg ville sjå om det gjekk an å laga ei liste med brukbare norske ord der alle bokstavane i alfabetet fungerte som ei slags «forstaving». Jeg klarte det på eit vis, men ikkje utan å strekkja strikken litt langt. I matematisk språkbruk går det t.d. an å setja saman dei fleste bokstavane i alfabetet med leddet -verdi (D-verdi, F-verdi). Eg valde å nytta meg av uttrykket K-verdi. Dei særnorske bokstavane Æ, Ø og Å sat også langt inne, og eg måtte ty til det litt for lettvinte alternativet «Æ-lyd» for å få kabalen til å gå opp.

1. A-lag
2. B-menneske
3. C-vitamin
4. D-dagen
5. E-post
6. F-moll
7. G-punkt
8. H-mjølk
9. I-bjelke
10. J-melding (melding frå Fiskeridirektoratet)
11. K-verdi
12. L-plate
13. M-teorien (kosmologisk teori)
14. N-anlegg (modelljernbaneuttrykk)
15. O-Fag
16. P-pille
17. Q-tips
18. R-båt (tysk minesveipar og patruljefartøy)
19. S-sving
20. T-skjorte
21. U-land
22. V-genser
23. W-partikkel
24. X-krok
25. Y-kromosom
26. Z-akse
27. Æ-lyd
28. Ø-merke (økologisk merke)
29. Å-form (dss. infinitiv)

25 norske eufemismar for å gå på do

Ein eufemisme er eigentleg eit ord eller ei formulering som vert nytta for å pynta på uttrykk som i visse situasjonar kan oppfattast som vulgære eller upassande. Såleis kan ein i visse høve nytta nemningar som «vondemannen» for Djevelen eller «veslekaren» for penis. I mange høve kan desse erstatningsorda bli meir fargerike enn orginalen og gjer såleis språket rikare på den måten at dei skapar fantasifulle synonym. Ofte kan difor eit ønske om meir variasjon i språket vera hovudårsaka til at slike eufemismer vert nytta.

NRK-programmet «Språkteigen» hadde i 2006 ein serie innslag der det vart etterlyst slike eufemismar for det å gå på do, og den følgjande lista har henta ein del av uttrykka frå dette programmet. Elles stammar ein del av uttrykka frå mi eiga innsamling frå munnlege kjelder. Storparten av desse seiemåtane knyter seg til det å urinera, der det er særleg mennene som ser ut til å ha krydra språket med ulike uttrykk for å vitja "veslehuset".

1.Slå vatnet av potetene
2.Ausa båten
3.Rista doggen av fiolen
4.Pumpa sjarken
5.Slå ein parabel
6.Tømma låret / ryggen
7.Vatna blomane
8.Tappa laken
9.Ut og imponera
10.Letta på trykket
11.Tøma vasstanken
12.Drenera vasslangen
13.Låra ut jamnaldringen
14.Kveila ut multikabelen
15.Ut og slå n' Jens
16.Lufta anakondaen

Dei fire neste uttrykka er spesielt mynta på damer:
17.Sila sviska
18.Sila dotten
19.Lufta lippene
20.Slenga a' Maria over kanten

Og dei 6 siste går spesielt på å gjera «nummer 2»:
21. Prompa materie
22. Klemma halen
23. Gå på trykkeriet
24. Tøma baktanken
25. Gjødsla toalettet

Her er det sjølvsagt rom for fleire uttrykk. Alle bidrag er difor velkomne!

søndag 25. juli 2010

10 framande dyreartar som er blitt introduserte i norsk natur

Som dei fleste nok veit, er det blitt gjort fleire meir eller mindre vellukka forsøk på å føra inn dyreartar til nye område. Tidlegare, då den økologiske kunnskapen var mykje mindre enn i dag, kunne dette få katastrofale følgjer. Det klassiske eksemplet er då kaninen vart introdusert i Australia – truleg som eit potensielt jaktbytte for utflytta engelskmenn. Etter kvart spreidde kaninane seg som ei bibelsk landeplage og øydela all plantevekst der dei kom. Det var ingen rovdyr som kunne halda dei australske kaninane i sjakk, og katastrofen fann ingen utveg før sjukdommen kaninpest (myxomatose) vart innført for å redusera bestanden.

Det er heldigvis ingen av dyra som er introdusert i norsk natur som har nærma seg dei same konsekvensane. Det kan rett nok seiast at eit dyr som t.d. minken har spreidd seg på kostnad av andre arter som høyrer til i det same økologiske leverommet (t.d. oter). Men ein har aldri medvite sett ut mink i norsk natur, sidan heile den norske bestanden stammar frå rømde eksemplar. I dei tilfella der ein med vilje har freista å setja ut framande dyr her i landet har suksessen, og med dette også dei negative konsekvensane, stort sett uteblitt.


1. Pingvinar
Det skulle ikkje vera noko i vegen for at pingvinar kunne overleva langs de nordlegaste delane av kysten vår, særleg om tilgangen på mat var stor nok, eller dersom det var råd å finna høvelege rugeplassar. Det var nok slik dei tenkte dei som freista å setja ut kongepingvinar (Aptenodytes patagonicus) i Nordland og Finnmark i 1936. Då vart 4 fuglar sende til Røst, medan 6 pingvinar skulle få ein ny heim i Gjesvær ved Nordkapp. Men fuglane, som eigentleg høyrer naturleg til på m.a. Falklandsøyene, Sør-Georgia og andre øyar i Antarktis, mista truleg livet i løpet av nokre månader. Det er likevel ikkje sikkert når dei siste forsvann. Dei seinaste observasjonane av pingvinar vart gjorde i Vesterålen 1943-44, men dette kan også godt vera ein av dei følgjande artane.
Det vart nemleg også gjort forsøk på å setja ut bøylepingvin (Pygoscelis papua) eit par år seinare. Fuglane var fanga på Sør-Georgia og sende til Tjøme i 1938, og derfrå vart dei frakta vidare til Røst. Dessverre døydde dei fleste i fangenskap på Svinøy, truleg av skjemd fisk. Dei fire attverande vart sette ut, men desse døydde sannsynlegvis også nokså raskt. Det vart sett levande pingvinar ved Røst i september 1939, men dette kan også dreia seg om eksemplar av gulltoppingvin (Eudyptes chrysolophus). Det vart sett ut 11 eksemplar av denne arten ved Røst same året, men desse overlevde også berre kort tid.

2. Gemse (Rupicaria rupicaria)
I Europa finst det gemsar naturleg i fjellområda i Mellom-Europa frå Kaukasus til Pyreneene. Gemsen er ei fjellgeit som sikkert godt kunne ha klart seg i norske fjell. Derfor har ein også prøvd å innføra arten til Noreg ved to høve, første gong i 1862. Då vart det henta sju gemsar frå Bayern til Håkenes i Vestfjorddalen, Tinn i Telemark. Av desse var det to som døydde på reisa, mens endå to døydde i Noreg før dei var blitt sette ut. Dermed var det tre stykke att som vart sleppte laus våren 1863. Men det synte seg at innan den same hausten var alle tre daude. I 1891 vart endå to gemsar kjøpte inn frå Austerrike til garden Berger ved Eidsvoll, men desse døydde før dei kunne setjast ut.

3. Mink (Mustela vison)
I motsetning til både pingvinar og gemsar er minken ein art som har hatt stor suksess med å etablera seg i den norske naturen. Idag finst han over heile landet, bortsett frå einskilde øyar. Minken har sin naturlege og opphavlege levestad over heile Nord-Amerika, og vart introdusert til Noreg som pelsdyr i 1927. Alle bestandane her i landet stammar frå rømde individ. Den første ville minkstamma vart rapportert frå Sunnhordland ca. 1930.

4. Regnbogeaure (Salmo gairdneri)
Regnbogeauren var frå først av utbreidd over heile Nord-Amerika, men nå er han blitt spreidd over så godt som heile kloten som ein av dei mest populære sportsfiskane i verda. Norsk klekking og utsetjing av denne arten byrja i 1908, og sidan er han blitt sett ut i dei fleste kommunane. Men det er berre i Oppdal i Sør-Trøndelag at ein kjenner til at det er oppretta ein fast bestand. Av lakseefiskar elles er det også sett ut pukkellaks, canadarøye og bekkerøye. Dei to siste artane har levedyktige bestandar i fleire vatn i Noreg.

5. Villsvin (Sus scrofa)
Det var ikkje uvanleg at steinaldermenneska jakta på villsvin her i Noreg. I historisk tid har villsvinet i tillegg vore vanleg over heile Mellom- og Sør-Europa, men no er arten utrydda mange stader. Det er blitt gjort forsøk fleire gonger på å føra inn villsvin på ny i her i landet. I 1886 kom det eit par frå zoologisk hage i Berlin til godseigar Hanneborgs eigedom i Høland. Desse to treivst godt og formerte seg kraftig. På det meste kunne Hanneborg og jaktkameratane hans nyta godt av 30 dyr på det meste, heilt til dei to siste vart skotne i 1902. I dag er arten sett ut i Sverige, og det vil nok sikkert snart spreia seg villsvin over på den norske sida av grensa. Det skal vera gjort fleire observasjonar av arten i de søraustlegaste delane av landet, men desse er ikkje stadfesta.


6. Dåhjort (Dama dama)
Dåhjorten skal visstnok ha eksistert i Mellom-Europa, men han forsvann herifrå i tidleg historisk tid. Nå finst han i opphavleg vill tilstand i Vesleasia og det nære austen. Me veit ikkje når dåhjorten vart innført til Noreg, men i 1745 vart det halde eksemplar av arten i ein dyrehage på Kalvøya ved Stavanger. Vi veit for sikkert at det vart innført dyr til Hankø og Rauøy (1901-02) i Oslofjorden, deretter frå Hankø til Skorpøy sør for Bergen (1904) og til Hurdal (1903 og 1907). I 1924 vart det overført dyr frå Hankø til Fritzöehus ved Larvik. Dyra ved Hurdals verk rømde, medan dyra på Vestlandet forsvann etter første verdskrigen, venteleg grunna krypskyting. I dag lever dåhjort vilt ved Hankø/Onsøy og i Skjeberg/Isesjø-området i Østfold. Dessutan finst det 60-70 dyr i Fritzöehus-parken. På Svanøy i Sogn og Fjordane har det blitt halde dåhjort i fangenskap sidan 1991. Men arten må ha kunstig foring for å overleva i Noreg.

7. Ilder (Mustela putorius)
Ilderen fanst truleg naturleg i norsk fauna fram til 1700-talet. Sidan er han også blitt funnen her i landet i 1916, men dette dreier seg truleg om eit eksemplar som er kome frå Sverige der arten førekjem naturleg. Det fantest ingen ilderfarmar i Noreg før 1950, men etter dette dukka det opp fleire. Dette førte til at ein del dyr rømde og prøvde å etablera seg i den norske naturen. I Søraust-Noreg finst det ein mindre ilderpopulasjon som nok stammar frå rømde dyr.

8. Kanin (Oryctolagus cuniculus)
Kaninen finst naturleg berre i Portugal, Spania, Sør-Frankrike og nordvest-Afrika. Han er likevel introdusert til dei fleste landa i Europa, mellom anna Norge. Her i landet vart han sett ut første gongen i 1875 på Fedje i Hordaland, da det vart innført 10 par frå Shetland. Seinare vart det sett ut kaninar også på Mølen i Oslofjorden (1899) og på Edøy utanfor Smøla (1902). Mølen-kaninane er borte, men det finst framleis ein livskraftig populasjon på Fedje. Elles er det mange tamkaninar som har blitt sleppte fri gjennom åra, men det ser ikkje ut til at nokon av desse greier å overleva i lengre tid. Opphavleg vart nok kaninane sett ut for at ein skulle ha eit ekstra jaktobjekt, men i dag er kaninane faktisk freda her til lands. Og det er ikkje rapportert store skadar frå kaninar her i Noreg, slik ein har opplevd i fleire andre land der kaninar er blitt sette ut.

9. Moskus (Ovibos moschatus)
Moskusfeet levde naturleg i Norge i siste mellomistid, for 100 000 år sidan. Nå lever arten vilt på Grønland og i Nord-Amerika. Det første forsøket på innføra arten på ny til Noreg vart gjort i 1924. Då henta ein 11 dyr til Møre. Denne flokken døydde likevel snart ut, og det vart gjort eit nytt forsøk i 1931. Då vart 10 dyr frakta til Ålesund og så til Hjerkinn, og to av desse vart førde til Dovre i 1938. Nokre av desse overlevde til slutten av krigen, men dei dyra som lever på Dovre i dag stammar frå 15 kalvar som vart innførde frå Grønland i 1953. Denne stamma auka sakte fram til midten av 60-talet, då han var på om lag 20 dyr. I dag er det ca. 100 dyr i moskusstamma på Dovre.

10. Kanadagås (Branta canadensis)
Kanadagåsa er ein nordamerikansk art som vart sett ut i Sverige i 1930, først og fremst for å skaffa eit nytt jaktobjekt. Denne svenske bestanden er grunnlaget for heile den skandinaviske populasjonen av kanadagjess, og dei første eksemplara vart henta derifrå i 1936. Frå midten av 60-talet auka utsetjinga. Då vart det sett ut minst 750 kanadagjess i alle fylka bortsett frå Oppland. I dag hekkar det ca. 1500-2000 par i Noreg. Det vart opna for jakt på kanadagås i 1986, og frå 1992 kan ein jakta på han over heile landet. Likevel vert det ikkje skote nok gjæser, og ein må difor punktera egg fleire stader for å halda bestanden nede.

I tillegg til lista ovafor kan det nemnast at den vanlege husmusa er innført til Noreg ved hjelp av menneske. I naturleg tilstand lever husmusa på stepper og i halvørkenar i Nordvest-Afrika og frå Spania aust til Ural. Ho er blitt spreidd via handelssamkvem over store deler av verda. Det same gjeld brunrotta, som har sitt opphavlege leveområde i Sibir og Kina der ho lever ute i det fri. Brunrotta kom til Noreg med skip ca, 1750 og utkonkurrerte etter kvart den innfødde svartrotta.

(Kjelde: Tømmerås, B.Å. (red.) 1995. Introduksjoner av fremmede organismer til Norge. - NINA Utredning 62: 1-141)

9 norske film-"førster"

1. Første spelefilm
Noregs første spelefilm var «Fiskerlivets farer» som vart spela inn ein gong mellom 1906 og 1908. Det var ein kortfilm på 4 minutt og er no er gått tapt. Filmen var produsert av Hugo Hermansen, og det vart seinare gjort eit forsøk på å rekonstruera filmen.

2. Første langfilm med lyd
Første norske langfilm med lyd var spelefilmen Den store barnedåpen (1931) etter Oskar Braaten, produsert av Tancred Ibsen og Einar Sissener.

3. Første norske fargefilm i kinoformat
Den første norske fargefilmen som vart spela inn for kinoframsyning var Ivo Caprino sin animasjonsfilm «Musikk på loftet» frå 1951. Filmen varer i åtte minutt og syner Ole Lukkøye ta med seg Lars og Lotte inn i ei musikalsk eventyrverd der instrumenta vert levende og spelar avansert jazz på eiga hand. Det var også blitt laga kortfilmer i fargar tidlegare, men i andre format. Den første norske kortfilmen i fargar var såleis «Jorden rundt på to timer» av Rasmus Breistein frå 1949.

4. Første norske spelefilm i fargar
Den første norske spelefilmen i fargar kom ikkje før i 1957. Det var «Smuglere i smoking» regissert av Bjarne Andersen.

5. Første teiknefilm/animasjonsfilm
Den første norske animasjonsfilmen var «Tigeren Teodors Triumf», ein reklamefilm som vart laga på oppdrag av Tiedemanns Tobak i 1926. Første animasjonsfilm som ikkje var reklamefilm var Ivo Caprino sin «Tim og Tøffe» fra 1949.

6. Første teikna langfilm
Den første teikna langfilmen som vart produsert her til lands var «Solan, Ludvig og Gurin med reverompa» (1998).

7. Første langfilm for born
«Ti Gutter og en Gjente» frå 1944 vert av mange rekna som den første barnefilmen. Han vart regissert av eksilrussaren Alxey Zaitzow og skulle bli den einaste filmen han regisserte. Sjølv om filmen vart annonsert som barnefilm og hadde born i alle hovudrollane, hadde forteljarteknikken eit temmeleg vakse preg. Derfor er det kanskje heller filmen «Gråpus som forsvant» frå 1955 som bør reknast som den aller første filmen som var mynta spesielt på barn (Kjelde: Norsk filminstitutts websider)

8. Første norske spelefilm som fekk ein oppfølgjar
Filmen Toya frå 1956 vart følgd opp i 1957 med Toya og Heidi.

9. Første spelefilm på nynorsk
«Liv» frå 1934, regissert av Rasmus Breistein, var den første filmen med nynorsk tale. Filmen fortel om Liv (Tordis Maurstad) som forelskar seg i tateren Aslak (Alfred Maurstad).

torsdag 15. juli 2010

20 Noregsrekordar frå Nordhordland

Nordhordland er samansett av dei 9 kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy og Vaksdal. Alle desse kommunane er representerte nedanfor med minst ein Noregsrekord.

1. Vestlegast I: Noregs vestlegaste fastlandspunkt, Vardetangen, ligg i Austrheim.

2. Vestlegast II: Fedje er den vestlegaste kommunen i landet.

3. Vestlegast III: Granskogen på Otterstadstølen i Modalen skal vera den vestlegaste naturlege granskogen i landet. Det finst nok einskilde naturleg spreidde grantre lenger vest, men ingen skog.

4. Nordlegast: Verdas nordlegaste bøkeskog ligg på Vollom i Lindås – og altså ikkje i Larvik slik mange kanskje trur.

5. Eldst I: Noregs eldste tinnstøyperi, Havstad Tinn, ligg på Fedje. Tinnstøyperiet vart etablert av Gunnar Havstad på Nesodden utanfor Oslo i 1928. I 1997 vart verksemda flytta til Fedje (Kjelde: Havstad Tinn AS).

6. Eldst II: Den eldste norske båten med bordgangar er funnen på Mangersnes i Radøy. Det vart gjort funn av eit spantfragment som er datert til år 80 e. Kr.

7. Først I: Fedje var den første staden i Noreg der det vart sett ut kaninar (1875).

8. Først II: Vesle Moland ligg lenger framme på IT-fronten enn mange andre norske kommunar. Kommunen var den første i landet som kjøpte PCar til alle elevane (1993), og det er den første kommunen i Noreg som har gitt alle innbyggjarane tilbod om gratis trådlaust Internett.

9. Størst I: Landets største oljeraffineri er bygd opp på den tidlegare garden Mongstad, som ligg i Lindås kommune. I dag omfattar industriområdet også ein del av Austrheim kommune. Raffineriet vart sett i drift i 1975 av Statoil og har i dag ein kapasitet på 10 millionar tonn råolje årleg. Hamneanlegget på Mongstad er landets største, målt i tonnasje, samstundes som det er Europas største oljehamn, nest etter Rotterdam.

10. Størst II: Nordhordland Folkehøgskole på Frekhaug i Meland tek inn 160 elevar i året, og er såleis landets største.

11. Størst III: Osterøy er Noregs største innlandsøy, det vil seia at ho er omgitt av fastland på alle sider. Øya er i alt på 324 km², og er delt mellom kommunane Osterøy og Vaksdal.

12. Størst IV: Radøy er den største skogreisningskommunen i landet sett i høve til arealet. Over 30% av arealet er tilplanta med gran, furu og sitkagran.

13. Størst V: Dale Fabrikker i Vaksdal er landets største produsent av tradisjonelt strikka klede. Dale Fabrikker var også den første norske tekstilverksemda som gjekk over til elektrisk drift av maskinane. I 1908 leverte Siemens hundre elektromotorar til vevstolane og 13 større motorar til spinnemaskinene (Kjelde: Dale of Norway)

14. Lengst: Nord-Europas lengste flytebru kjem i land i Meland kommune: Nordhordlandsbrua mellom Klauvaneset (Bergen) og Flatøy (Meland). 1246 m av strekninga er flytebru.

15. Våtast: Haukeland i Masfjorden har norsk nedbørsrekord over ein 30-døgnsperiode med 1320 mm målt i perioden 9.1.-7.2.1989.

16. Brattast: Noregs brattaste veg ligg ligg i Kossdalen på Osterøy. Vegen inneheld 17 svingar der stigninga er på gjennomsnittleg 27%. Til samanlikning har Stalheimskleiva ein stigning på 20%. Kossdalsvegen stod ferdig i 1897 og vart restaurert i 1990. Han er ikkje open for bilttrafikk.

17. Einaste I: Manger Folkehøgskule i Radøy er Noregs einaste brassfolkehøgskule. Radøy er elles rekna som landets fremste brasskommune, der Manger Musikklag har vunne 7 Noregsmeisterskap for brassband, elitedivisjon. Laget vann NM fire år på rad (1994-97), ein prestasjon ingen andre brassband har makta å kopiera.

18. Einaste II: Radøy er den einaste kommunen i landet som har to landskapsparkar, Manger- området og Sæbø-området. Bakgrunnen er det opne, grøne kulturlandskapet her.
Over 50% av totalarealet i Radøy kommune er kulturlandskap. Kommunen vert derfor kalla «Den grøne øya».

19. Einaste III: På øya Boga i Radøy står det som truleg er det einaste langhuset som er att i Noreg. Eit langhus er eit samanbygd hus med ulike funksjonar. I bygningskomplekset på Boga finn ein stove, eldhus, glasstove, svalgang, loft og bu. Dei eldste delene er frå 15- eller 1600-talet. Fleire stader i landet hadde ein også fjoset under same tak, men slik er der ikkje her. Bygningen vart formelt freda av Riksantikvaren i 2006 under namnet Bogatunet (Kjelde: Hordaland Fylkeskommune).

20. Flest: Manger kino i Radøy er den bygdekinoen i Noreg som har flest besøkande. Det vert seld ca. 4000 billettar om året.

onsdag 14. juli 2010

50 norske vatn der det skal ha blitt observert sjøorm

Det er ikkje berre Loch Ness og Seljordsvatnet som har sin eigen sjøorm. Frå heile verda finst det eldre eller nyare segner om ulike udyr som skal ha blitt observert i innsjøar eller ute på det store havet. Noreg er ikkje noe unntak slikt sett. Mange vil nok kjenna til den høgakta biskop Pontoppidan si skildring i «Det Første Forsøg paa Norges Naturlige Historie» frå 1755, der han etter pålitelege vitnemål tek det for gitt at det finst fleire slike skapningar i havet utanfor norskekysten. Men det skal dessutan ha blitt sett sjøorm i vatn og vassdrag i alle fylke frå Østfold til Finnmark. Her kjem derfor eit fylkesvist oversyn over 50 norske vatn der slike skapningar skal ha blitt observert. Eg kunne ha lista opp nærare 100.

Den som tar seg tid til å studera heile lista vil nok oppdaga at mange av framstillingane av desse sjøormane er påtakeleg like. Den mørke fargen, det hesteliknande hovudet og ei langsgåande «man» er nokre av dei særdraga ein finn i mange av desse observasjonane. For ein sjøormforskar vil dette kanskje styrka trua på at det er ein og same dyreart som i tidlegare tider har okkupert fleire av dei norske vassdraga. Ein folkeminnegranskar ville nok derimot her berre sjå ei ganske naturleg spreiing av segner og vandrehistoriar. Uansett vil det for begge partar vera nok av norske vatn å ta fatt på dersom ein vil gå djupare inn (eller ned) i granskinga av sjøormfenomenet.


ØSTFOLD:
1. Rømsjøen i Rømskog

Rømsjøen ligg nordaust i Østfold, tett ved svenskegrensa. Her finst det fleire eldre og nyare observasjonar av sjøorm. Ruth Hult fortel i boka «Østfoldminne» frå 1937 om ei gammal kone som mintest at ho hadde sett sjøormen i Rømsjøen. Hovudet skulle vera som på ein kalv, fortalde ho, og kroppen som ein tømmerstokk. Elles har det vore fleire observasjonar av eit liknande vesen mellom 1929 og 1992. I 2002 vart det gjennomført ein ekspedisjon i Rømsjøen der ein med hydrofon fanga opp uidentifiserte lyder frå djupet av innsjøen.

2. Store Lee, syd for Ørje
Denne sjøen vert delt i to av svenskegrensa, og berre ein liten, nordleg del ligg i Noreg. Sjøen er ein del av det same vassdragsystemet som Rømsjøen. Eit par observasjonar frå nyare tid (1970-tallet) fortel om eit 3-4 m. langt «uhyre» som har reist seg opp frå sjøen for så å dukka under att.

3. Krokvann, 2 mil øst for Moss
Det er meldt om ein observasjon frå 1958 av eit stort dyr som følgde etter ein fiskesluk inn mot land.

HEDMARK:
4. Mjøsa

Mjøsormen er vel kjent, og det finst fleire observasjonar fra 1500-talet og fram til i dag. Det er ikkje til å undrast på at ein så stor innsjø får sine meir eller mindre fantasifulle historiar om kva som kan finnast under vassflata. Her er det i alle fall god plass til ein sjøorm. Sams for mange av historiane og observasjonane er at dyret skal ha fleire puklar og vera utstyrt med eit hesteliknande hovud med man.

5. Nord-Mesna og Sør-Mesna, avløp til Mesnaelva som renn ut ved Lillehammer
Her finst det ei gammal segn som fortel at ein såg ein sjøorm krypande over eidet frå Nord- til Sør-Mesna.

6. Osensjøen, Trysil-Åmot
Det finst fleire eldre segner frå Østerdalen om sjøorm, eller vassorm som dei kalla han her. Fleire vatn skal ha husa desse skapningane. Ormen i Osensjøen, som er den 4. største av innsjøane i Hedmark, skal ha flytta seg mellom Vetle-Osen og Stor-Osen. Denne ormen var så stor, vert det sagt, at han kunne leggja halen på vestsida og hovudet på en stein på austsida av sjøen.

7. Sørsåssjøen i Våler, avløp til Glomma
Her skulle det ha halde seg ein brunfarga sjøorm, stor som «ein tolv tommars tømmerstokk».

8. Busjøen/Hafsjøen, Eidskog
Ei segn fortel at vassormen hadde vegen sin mellom desse to sjøane ein gong før 1850. Folk fekk aldri sjå denne ormen i levande live, men det var breie far etter han i graset. Til slutt vart det sett opp ei felle som han gjekk i og kreperte. Han skulle ha vore fleire meter lang og ha slått av eit lite grantre med halen før han døydde.

9. Leirsjøen, Eidskog
Leirsjøen ligg på grensa mellom Eidskog og Sverige. Her gjekk det ei segn om ein gutt som vart jaga av ein sjøorm medan han var ute og rodde. Gutten fekk inn fleire slag mot ormen, men var psykisk og fysisk utkøyrd i lang tid etterpå. Seinare vart sjøormen funnen daud i ei vik.

10. Stangnessjøen, Eidskog
Stangnessjøen ligg vest for Skotterud. Her låg det i byrjinga av førre hundreåret eit sagbruk, der nattevakta observerte ein sjøorm tidleg en morgon. Ormen kom opp av vatnet og la seg til å sola seg i en flishaug.

11. Kroktjernet, Trandemskogen, Eidskog
Her skulle dei ha fanga ein sjøorm «ein gong i tida». Fangstmannen, namngjeven som Gulbrand Bjørneby, omtala han som «5 meter lang. Hovudet var som på ein månadsgamal kalv, og han hadde svart man og store auge».

12. Hesbølsjøen, Eidskog
Denne sjøen ligg ved Skotterud. Her var det to gutar med namna Karl Jegerud og Trond Sjøli som oppdaga ormen medan dei var ute og bada. Han stakk hovudet opp av vatnet og kikka på dei. Denne ormen skal, etter segna, likeeins ha blitt observert av fleire andre, og han byta tilhald mellom Hesbølsjøen og Gaustadsjøen.
Det er elles fleire andre namngjevne innsjøar i Eidskog der det etter segnene skal ha blitt sett sjøorm.

13. Bergesjøen, Elverum, Sørskogbygda
Her skal det ha blitt sett sjøorm fleire gonger, i følgje eldre segner. Et namngjeve vitne, Embret Mo, skal på siste halvdelen av 1800-talet ha sett ormen tydeleg. Dyret samsvarar med andre observasjonar, eller liknande segner om ein vil: Hovud som ein kalv og med ei lang man etter ryggen. Det går ellers segner om sjøorm i fleire andre innsjøer og vatn i Elverum og i Åmot.

OPPLAND:
14. Ringsjøen i Snertingdal

Her skal det ha blitt sett en sjøorm i 1868. Som så mange andre stader vert det fortald om eit hesteliknande hovud, i tillegg til eit stort gap med kvite tenner.

15. Vangsmjøsa
Det er fleire gamle segner om at det skal vera orm i Vangsmjøsa. Ein observasjon frå 1910 påstår at han vart sett i Leirholsundet. Han skal ha vore uhorveleg stor med 5-6 puklar, og hovudet svingte frå side til side.

16. Garin, Etnedal
Dette er ein sjø som ligg på fjellet mellom Torpa og Etnedalen. Her er det fleire som skal ha sett sjøormen kring 1900.

17. Ormekula, Vestringsbygd, Nord-Aurdal
Her fortel segna om ei jente som skal ha blitt teken av ein sjøorm. Ho skulle ro over vatnet i ein båt då ormen kom og kvelva båten slik at ho drukna. Dette kan sjølvsagt vera ei segn som er konstruert for å forklara namnet på vatnet.

18. Randsfjorden
Det finst eldre forteljingar om ein sjøorm som levde i Randsfjorden og som forsynte seg av buskapen i området. Ormen skulle ha hypnotisk makt over dyra, og bøndene mista meir og meir av krøtera sine. Til slutt vende dei seg til den kjende børsemakaren Børse-Gunder, som gjekk i gang med å smi eit kraftig våpen med kaliber på nærare 20 mm. Denne ormen flytta seg mellom Randsfjorden og

19. Åbborvatnet
der Børse-Gunder batt fast ei geit ved vatnet som åte for ormen. Han tjora seg sjølv fast til eit tre slik at dei hypnotiske evnene til sjøormen ikkje skulle trekkja han uti vatnet. Etter ei stund kom sjøormen setjande og glefsa til seg geita. Gunder sikta etter ei gul stjerne i brystet på ormen og trekte av. Det vart full treff, og Abborvatnet vart farga raudt av blod. Sidan skaut Børse-Gunder sjøorm både i Vangsmjøsa og i Sperillen.

BUSKERUD:
22. Krøderen

I Skilling-Magazinet frå 1854 vert det fortald om ein sjøorm som vart oppdaga i eit kjerr ved stranda, venteleg på veg ut i innsjøen. «Hovedet var meget stort, som et lidet Hus, Øinene som store Tallerkner, og den brølede som en Ko». Vitnet sprang etter børsa si, men då han kom attende, var udyret borte.

23. Sperillen
Det fantest ein gong ei børse som den kjende børsesmeden Børse-Gunder (se ovanfor u. Randsfjorden) skal ha laga til å jakta på sjøorm i Sperillen. Dette klenodiet vart stole for nokre år tilbake. Den siste kjende sjøorm-observasjonen i Sperillen skriv seg frå 1893. Då fekk husmannsjenta Karen Fjellbråten sjå at sjøormen kasta seg ut i Sperillen. Han skulle ha vore meir enn 15 meter lang, var svart og med svart man.

TELEMARK:
24. Seljordsvatnet

Dette er sjølve nestoren blant norske sjøormar med over 100 observasjonar. Det er den einaste norske turistattraksjonen som er usynleg 99,99% av tida.

25. Fyresvatnet
Her fantes det såkalte Gjevstrollet. Dette vart sett siste gongen i 1918 av to menn der den eine hadde med seg ei Krag-Jørgensen-rifle. Med denne sende han tre skot mot sjøormen som forsvann og aldri meir vart sett.

26. Kviteseidvatnet
Her fortel segna at ormen vart biten i to av havhesten, og vatnet vart farga raudt av blod. Dette er den einaste gongen havhesten skal ha blitt sett i innlandet. Som regel gjekk disse kampane mellom sjøormen og havhesten føre seg til havs.

27. Flåvatnet
Her synte sjøormen seg særleg etter at Bandakkanalen vart opna. Men denne ormen skal visstnok ha blitt slegen i hel av skovlhjula. Seinere flaut det i land deler av ormen som synte at han hadde vore åtte tommar tjukk.

28. Gausbuvatn, Skasåheiene mot Setesdal
Her skal sjøormen ein gong i tida ha drepe ein hest. Men han måtte sjølv bøta med livet under tømmerfløtinga nokre år seinare.

VEST-AGDER:
29.Repstadvatnet, Søgne

Her vart det sett sjøorm for ein del år tilbake. Eit par karar som var ute på vatnet og fiska i ein pram oppdaga brått at det byrja å braka i tørrved og kvist borte ved breidda. Då dei såg dit bort, fekk dei auge på ein sjøorm så stor som ein tømmerstokk som gleid ut i vatnet.

30. Tinnkjødnet, liten pytt i Deblemyren ved Mandal
Her vart det gjort ein observasjon på siste halvdelen av 1800-talet av ein sjøorm som var relativt kort (ca. 1,80 meter), men „overmaade tyk“.

31. Hallandsvatnet ved Mandal
Ifølgje Fedrelandsvennen observerte brørne Arne og Martin Larsen hausten 1969 ein sjøorm medan dei var på fisketur. Han var „svart på ryggen og blank på undersiden, med et hode som en middels kålrot. [Den var] et par meter mellom hver buktning. Oppe på hodet satt to små følehorn som på en snegl, øynene var store og neseborene som på en nyfødt fole, og munnen rød med fin tanngard“. Dei kasta stein mot uhyret, og då „reiste det seg en buktning på et par meters høyde ute i vannet. Og litt etter stakk hodet opp av vannet. Tanngarden var blottet, og det kom en truende rar lyd“. Martin Larsen gjekk attende til staden fleire gonger seinare, men fekk aldri sjå sjøormen att.

ROGALAND:
32. Lundevatnet, på grensa mellom Flekkefjord i Rogaland og Kvinesdal i Vest-Agder
Første gongen denne ormen er nemnt i skriftlege kjelder er av Peder Claussøn Friis i 1599.

33. Suldalsvatnet
Her skal mange pålitelege folk ha sett sjøormen, og ein av de mest omtala observasjonane skal ha blitt gjort rett før pinsen 1883. Hovudet var „stort som [på] ei ku eller ein øyk“, og ormen skal ha blitt sett av 8 mann samstundes. Seinare observasjonar enn dette skal ha blitt skrivne under på i tingretten. Men nokre år seinere skal ein slik sjøorm ha blitt avslørt som ein haug med sagmugg som hadde „lege og rotna og gått i gjæring slik at det vart mykje gass. Denne gassen hadde strøymt ut og eksplodert gong på gong. Dette hadde støytt opp trestammer med røter, stokkar og greiner heilt opp i vasskorpa“.

34. Sandsavatnet, Suldal
Sandsavatnet er eit større fjellvatn der det skal ha blitt observert sjøorm av ein namngjeven person, Odd Tjøstheim, og to av sønene hans, venteleg noko før 1900. Ormen er omtala som noko over 60 meter lang.

35. Mosvatnet, Suldal
Her fortel segna om at det skulle vera ein orm „i gamle dagar“. Han skulle sjå ut som „ei mengd knudrete ospestokkar“. Denne ormen prøvde ein gong å koma seg til Suldalslågen via eit mindre vassdrag som hadde utløpet sitt fra Mosvatnet. På vegen måtte ormen over ein foss, men var uheldig og vart hengjande fast i ei bjørk. Der døydde han og rotna bort, noko som resulterte i at både vatn og omland vart forureina.

36. Reinsvatnet, ovafor Slettedalen, Sauda
Her var det ein orm „i gamle dagar“ som gjekk på land og forsynte seg med småfe.

HORDALAND:
37. Ormsjøen, ved Bergen

Segna fortel om eit brurefølgje som var på veg over vatnet i ein båt og vart skremd då ein sjøorm byrja å følgje etter dei. I panikken som oppstod kvelva båten, og fleire skal ha drukna.

38. Torfinnsvatn, Voss
Dette er eit fjellvatn der ein i eldre tider meinte å ha sett eit uhyre med stor kjeft, drakeliknande hovud og kropp som ein krokodille.

39. Litledalsvatnet, Etne
Her skal det ha halde til ein stor orm ein gong i tida. Han var så stor „at um vinteren slo han isen sund“. Segna fortel at ei kone vart teken av ormen før han forsvann.

40. Storevatn, Askøy
Her hadde ein i gamle dagar sett ein lang svart skapnad som likna på ein kantra båt.

SOGN OG FJORDANE:
41. Loenvatnet
Her er det blitt gjort fleire observasjonar, også i nyare tid. Den 18. juli 1995 vart det observert 3 puklar med ein vass-sprut 4-5 meter bak den siste pukkelen.

42. Jølstervatn
Her fortel segna om ein freistnad på å lokka til seg ormen ved å henga ei sølvkanne langs båtripa. Ormen let seg lokka, men fekk hovudet hogd av.

SØR-TRØNDELAG:
43. Selbusjøen

I følgje gamle segner skal det ha halde til ein sjøorm her.

NORD-TRØNDELAG:
44. Snåsavatnet
I Snåsavatnet er det blitt observert sjøorm i seinare tid. I 1984 vart det rapportert noko som likna ein ubåt utan tårn. Dette er den einaste norske sjøormen som er freda iflg. fylkestingsvedtak.

NORDLAND:
45. Rotvatnet i Hamarøy
Her har ein ved eit par høve råka på eit stort dyr, i 1910 og i 1960. Siste gongen vart dyret gissa på å vera ca. 1,5 meter.

46. Sandnesvatnet, Hamarøy
Her skal det vera eit vassuhyre som er blitt observert fleire gonger i nyare tid.

47. Rombovatna, Tysfjord
For ein mannsalder sidan hadde ein sjøorm lagt seg til å døy på ein sandbanke lengst sør i vatna. Lengda på utysket vart rekna ut til å vera mellom 4 og 6 meter. Då dyret byrja å råtna, vart stanken så uutholdeleg at samane som heldt til der måtte flytta reinsflokken. Først etter halvtanna år kunne dei flytta attende.

48. Kvalvatnet, Beiarn
Det skal ha blitt funne bein av sjøorm ved dette vatnet. Beina vart frakta til bygda og teke vare på, men det er ingen som veit kor det er blitt av desse i dag.

49. Botnvatnet, Saltdal
Her skal både fastbuande og turistar ha blitt skremde av sjøorm.

FINNMARK:
50. Åfjordvatnet, Sørøya, vest for Hammerfest

Denne er vidkjent og skal ha blitt observert gjennom generasjonar, og det var forbode for ungar å bada i vatnet. Åfjordvatnet er berre 0,4 km2 stort, men det skal vera over 100 meter djupt. Dykkarar skal i tillegg ha oppdaga 8 grotter under vassflata, noko som kan skapa ideelle gøymestader for ein ukjend skapning. I 1977 vart udyret sett av fire personar. Ormen skulle ha vore ca. fem meter lang og hadde fleire puklar. Finnmark Dagblad sette opp ein dusør på 5000 kroner til den som kunne få teke eit fotografi av „Åfjordtykjen“, som han vert kalla.


Kjelder:
Ruth Hult: Østfolsdminne (Oslo, 1937)
Mjoesormen.no (web-side)
Sigurd Neergaard: Skikk og Bruk. Folkeminne fra Østerdalen V. (Oslo 1927)
Lars M. Fjellstad: I Grendom. Folkeminne fra Eidskog III (Oslo 1966)
Knut Hermundstad: Truer om dyr (Oslo 1985)
Torkell Mauland: Folkeminne frå Rogaland. Andre bandet. (Oslo 1931)
Rolf Langstrøm: Den mystiske sjøormen (Oslo 1994)

tirsdag 13. juli 2010

Dei 5 siste som vart dømde til døden for trolldom

I 1695 brann det siste heksebålet her i landet. Det var Johanne Nielsdatter frå Kvæfjord som fekk denne lagnaden, ein lagnad ho delte med fleire andre, både kvinner og menn. Dei norske hekseprosessane gjekk føre seg gjennom eit par mørke århundre etter at paven gav klarsignal til ei omfattande heksejakt i 1484. Men også før dette freista stat og kyrkje å motarbeida kjetteri og med dette også heksene som ei følgje av dette, og den første kjende norske hekseprosessen vart halden i 1325.

Etter at den siste norske heksa vart brend i 1695, heldt styresmaktene fram med rettssaker og dommar over påstått trolldomskunnige menneske til eit godt stykke innpå 1700-talet. Sjølv om alle dei 5 dødsdommane som er omtala nedanfor har kome på grunnlag av tilståingar, veit me at tortur av dei tiltala var eit viktig bidrag til å skaffa fram desse tilståingane.


5. Anne Mogensdatter Løset (Borgund/Vanylven, Møre og Romsdal) 1679
Det vart reist sak mot Anne på bygdetinget i Rovde skipreide i 1679 for å ha sett sjukdom på ein mann med namnet Knud Olufsen Søfre slik at han aldri vart frisk att. Fleire kunne gå god for at ho hadde truga Knut og at ho i tillegg hadde vore orsaka til at fleire, både dyr og menneske, vart sjuke. Det kom også fram at bestemor til den tiltala var klaget og deretter brend for hekseri, noko som slett ikkje var til fordel for Anne. Først nekta Anne all skuld, men etter kvart kom tilståinga. Ho og fire andre namngjevne kvinner hadde vore ihop med djevelen ei julenatt på Dovrefjell.
Dommen over Anne er gått tapt, men i rekneskapspapira til futen går det fram at Anne vart brend saman med to andre trollfolk (Ingebret Størkersen og Marit Johannesdatter - sjå nedenfor). I rekneskapen kjem det også fram at futen hadde talfesta utgiftene til lagmannen for godkjenning av dommen, til bøddelen for eksekveringa av dommen, til øl og vin til dei tre trollfolkene, og til presten på retterstaden for "hans umage".

4. Ingebrikt Størkersson (Borgund/Vanylven, Møre og Romsdal) 1680
Ingebret stod tiltala same staden året etter Anne Størkersen. Han gjekk som ein omstreifar i bygda og hadde derfor fått tilnamnet Tater-Ingebret. Han var også kjend under kallenamnet Lefsebjørn. Han var tiltala for å forgjera ein mann slik at han døydde under store smerter, noko han då også tilstod til slutt. Han vedgjekk også å ha drepe fleire husdyr ved hjelp av trolldom. For å få til dette hadde han teke med seg oblaten (nattverdsbrødet) frå nattverda for å gje denne til dyra. Han tilstod også å ha vore på Dovre. Der han hadde gått i teneste hjå Fanden som trommeslagar og hadde slått på tromma med to kalverumper. Fanden hadde lova han både gull og grønne skoger for dette, fortalde han. Men dette synte seg å vera berre tomme løfte sidan han gjekk på bålet før han fikk sjå noko til rikdommane Djevelen hadde lova.


3. Marit Johannesdatter (Borgund/Vanylven, Møre og Romsdal) 1680
Den tredje som gjekk på bålet i Borgund i 1680 var frå Løset i Vanylven. Ho tilstod at ho var ei framifrå trollkvinne som kunne øva trolldom på mange slags vis. Ho hadde mellom anna kasta storm over båten til Ivar frå Vik slik at han heldt på å setja livet til då han skulle til Bergen med varer. Dessutan hadde ho forheksa fleire kyr slik at dei mjølka blod og ikkje minst hadde ho vore årska til at meistermann Oluf (bøddelen) hadde brukke handa slik at han ikkje kunne gjennomføra arbeidet sitt. Når ho i tillegg tilstod at pakta hennar med Djevelen omfatta seksuell omgang og sambuarskap gjennom fleire år, var det lite anna å gjera for påtalemakta enn å dømma henne til bål og brann.

2. Jon Bonkind (Ullensaker, Akershus) 1694
Jon var ein signar, dvs. han prøvde å gjera sjuke folk friske ved hjelp av bøner og magiske hjelperåder. Spesialiteten hans var smyging eller smøygjing, der den sjuke skulle bli dregen gjennom ein trong opning. Tanken var at sjukdomen skulle trekkjast av pasienten samstundes som det vart sagt fram ei signebøn. Signebøna til Jon var ganske enkel: „Eg smyg deg frå det vonde til det gode, i Jesu namn“. Var pasienten for tung eller for svak til å kunna flyttast, kunne kleda hans nyttast på same viset. Dersom slike signarar vart tiltala for trolldom, hende det ofte at dei tilstod. Bøna hadde eit kristent innhald og lovbrotet kunne derfor bli sett på som lite og gje låg straff, ja til og med frikjenning. Men av ein eller annan grunn gjekk det særs gale for Jon Bonkind, sjølv om fleire vitne lovprisa han og meinte han hadde gjort barna deira friske utan å ha brukt vonde verkemiddel. Han blei avretta i 1694, 76 år etter at dødstraffa for signing vart oppheva.

1. Johanne Nielsdatter (Kvæfjord, Troms) 1695
Etter tiltalen skulle Johanne ha fornekta både Gud, dåp og kristendom og gitt seg over til djevelen. Ho tilstod å ha vore årsaka til at 4 menneske var døde som ei følgje av trolldomskunstene hennar, i tillegg til at hadde skada flere andre på liv og lemmer. Med andre ord vart ho oppfatta som ei ekte trollheks, noko som til slutt førte til at ho vart dømd til å kastast levande på bålet. Dommen vart skriven under av sorenskrivar Povel Hansen Egede, far til Grønlands apostel Hans Egede. Sjølv om dette var det siste heksebålet her i landet, var det framleis bålstraff for andre brotsverk. Fleire sodomittar (seksuell omgang med dyr) fekk bålstraff fram til 1757. I slike sakar, som vart definerte som brot mot naturen, vart både mannen og dyret brent.

Kjelder:
Gunnar W. Knutsen: Trolldomsprosessene på Østlandet. En kulturhistorisk undersøkelse. Tingbokprosjektet, Oslo 1998
Rune Hagen: Kvæfjord 1695 - siste heksebål i Norge. I: Europas hekseprosesser og trolldomsforfølgelsene i Troms. Trondarnes Distriktsmuseums skriftserie nr. 3 - 2002
Ragnhild Botheim: Trolldomsprosessane i Bergenhus len 1566-1700. Hovedoppgave i historie - Universitetet i Bergen, 1999

Takk også til Rune Hagen, Universitetet i Tromsø

mandag 12. juli 2010

6 norske dyre-"sister"


1. Den siste svartrotta
Mange har nok høyrt soga om korleis brunrotta (Rattus norvegicus) utkonkurrerte den svarte rotta (Rattus rattus) her i landet. Dermed sit kanskje også mange med den oppfatninga at svartrotta opphavleg høyrte til i norsk fauna før ho vart trengt bort av den meir suksessrike brunrotta. Det er nok ikkje tilfelle. Svartrotta spreidde seg kring om i Europa først om lag år 1000 e. Kr. Peder Claussøn Friis skriv på slutten av 1500-talet at ho var komen her til lands med skip. At ho har vore mest utbreidd i tettstadane tyder også på det. Svartrotta var aldri vanleg i Noreg og det minka på arten etter kvart som brunrotta spreidde seg. Den opprinnelege rottestamma heldt seg lengst i områda kring Kongsberg, der svartrotta var relativt vanlig heilt til utpå 1870-tallet.
Den siste kjende svartrotta av den gamle norske populasjonen vart drepen på garden Dyrmyr utanfor Kongsberg, men arten fantest nok her heilt til byrjinga av det 20. hundreåret. Seinare har ho dukka opp i nokre få kystbyar, venteleg etter å ha blitt ført dit med skip. Blant anna vart ho funnen i Bergen i 1911, og i 1910 fantest det ein innført bestand som heldt seg i Nylands verksted. Og under krigen 1940-45 dukka ho opp kring om i tyske garnisonar og depot, sannsynlegvis innført med fôr eller proviant frå Søraust-Europa. Det kan nok framleis henda at ho syner seg i norske hamnebyar, men ho forsvinn alltid raskt igjen. Siste sikre funn av svartrotte i Noreg var i Bergen 1961. Den næraste faste bestanden i Norden er i hamnekvarteret i København.

2. Den siste klippedua
Klippedua (Columba livia) heldt til i klippeveggane på øyer i Ryfylke, særleg Rennesøy. Her var det store koloniar fram til midten av 1800-tallet. Arten var så talrik her at ein jeger kunne skyta 70 duer på eit par dagar, iflg. Collett i 1894.
Klippedua var ein standfugl som oppsøkte åkrane på fastlandet i vinterhalvåret. Men kring 1860 var det berre få individ att. Resten var blitt utrydda av jakt, rovfuglar og kanskje sjukdom. Den siste klippedua ein kjenner til vart skoten i 1873 nær Stavanger, men det vart seinare gjort spreidde observasjonar på Rennesøy. Det er blitt rapportert moglege observasjoner fleire gonger på 1900-tallet også, men sidan dei vanlege byduene stammar frå klippedua, kan det like godt vera eventyrlystne fuglar som har teke seg ein tur frå næraste by. Den næraste hekkestaden til klippedua i dag er på Færøyane.


3. Den siste geirfuglen
Geirfuglen (Pinguinus impennis) var ein stor og tillitsfull alkefugl som ikkje kunne flyga. Han kunne minna om ein pingvin og fantest tidlegare over heile Nord-Atlanteren. Her i landet var han vanleg fram til vikingtida, men etter kvart ble han så hardt jakta på at han vart borte. Andre stader var han vanleg til utpå 1500-talet, men også her gjorde ei intens jakt store innhogg i bestanden, og det enda med at arten vart heilt utrydda.
Den offisielle utryddingsdatoen var den 3. juni 1844, då dei to siste kjente geirfuglane vart drepen ved Eldøy på Island. Men kanskje har ikkje soga enda her likevel.
Fire år seinare, ein fin vårdag i 1848, ror 25 år gamle Lauritz Odin Brodtkorb og eit par kameratar frå Vardø ut på jakt. Ute i sundet mellom Vardø og den no freda Reinøya får karane auge på noko som dei først trur er ei gruppe alker. Men desse er mykje større, og dei er fire i talet. Merkeleg nok flyg ikkje fuglane opp, men dei tek til med å kava med vengjene rett framfor båten og dukkar innimellom. På 40 meters hald skyt Lauritz Odin Brodtkorb ein av fuglane. Karane dreg den daude alkefuglen om bord i båten. Dei undrast sikkert, men ser inga nytte i fangsten. Då jaktlaget kjem att til Vardø, let dei berre fuglen liggja i strandkanten, og eit par dagar etter er han borte.
I et seinare brev gav Brodtkorb ei skildring av fuglen. Han var svart og kvit som ei alke, men han var mykje større, som ei ringgås. Framom kvart auga hadde fuglen i følgje Brodtkorb ein kvit flekk, noko som er eit tydeleg særdrag ved geirfuglen. Seinare vart han synt fargeplansjar der han kunne stadfesta at det var geirfugl dei hadde skote denne vårdagen i 1848, fire år etter det siste offisielle funnet av geirfugl.


4. Den siste kornspurven
Tidligare ruga kornspurven (Miliaria calandra) fleire stader på Jæren og det fantest også ein liten koloni på Lista på slutten av 1800-talet. Men så tok arten til å gå attende over heile Europa. Grunnen var først og fremst nye driftsformer i jordbruket. Kornspurven rugar på dyrka mark i juni, noko som gjer at reira vert øydelagde i slåtten. I tillegg kom bruken av insektmiddel, som byrja å bli meir intens i første halvdelen av det førre hundreåret. Det siste norske reirfunnet av kornspurv vart gjort i 1926, medan det som truleg var eit hekkende par vart observert i 1928. Sannsynlegvis vart det også sett eit hekkande par i 1939 . Sidan har det også vore fleire observasjonar og teikn som kan ha tyda på hekking, men det finst ingen prov på dette.


5. Den siste glenten
Glenten (Milvus milvus) har alltid vore uvanleg i Noreg, men fantest jamnleg på søraust-landet på 1800-talet. Glenten er ein rovfugl som er om lag like stor som ein hønsehauk, ein fugl han også liknar på, berre at han har ei kløft i halen. Arten ruga sannsynlegvis fleire stader i nærleiken av Halden inntil ca.1890, men det er også mogleg at han ruga i Nordmarka ved Oslo i 1880-åra. Sidan minka han sterkt både her og i Europa, men no ser det ut til at han er i vekst på kontinentet att. Det siste eksemplaret vart skote her i landet i Bjerkreim 1943. Det er blitt observert glente nærare 80 gonger i Sør-Noreg etter 1900, men det er altså ikkje blitt gjort funn av reir. Arten hekkar i Sør-Sverige.


6. Den siste menneskeloppa
Menneskeloppa (Pulex irritans) vart stort sett borte då folk slutta å bruka halm i sengene sine. Før dette var nok loppa til stor plage for folk flest, sjølv om ho vart sett på som ei uunngåeleg plage. Lopper var greitt, men det var som regel større skam å vera heimsøkt av lus.
Idag er menneskeloppa helt utdøydd her i landet. Dersom nokon idag vert biten av ei loppe, er det nok den mykje mindre fugleloppa (hønseloppa) som reint tilfeldig prøver å bytta ut fugleblod med menneskeblod, men det kan også henda at me blir bitne av kattelopper, pinnsvinlopper eller andre artar. I alt er det funne 17 loppeartar som meir eller mindre tilfeldig har stukke folk her i landet. Det kan nok derfor henda at det før i tida også var andre lopper enn menneskeloppa som plaga folk med bitt. Me har diverre ingen prøver frå sengehalmen i gammal tid som kan syna oss hvor utbreidd den eigentlege menneskeloppa var. Den eldste konserverte eksemplaret av ei norsk menneskeloppe er frå 1906-07 og syner dermed at menneskeloppa verkeleg har vore til stades i norske senger. De siste funnet som er gjort her til lands er frå 1948.

Kilder: Norges Dyr. Cappelen 1969 og 1992
Haftorn, S.: Norges fugler. Universitetsforlaget 1971
Folkevett 7.12.2005

20 ord som endar på hest men som ikkje direkte har noko med hestar å gjera

Det er ingen spesielle grunnar til å inkludera denne lista, anna enn at ho er artig. Eg kunne like gjerne ha laga ei liste over «ord som endar på hund og som ikkje har noko med hundar å gjera» eller «ord som startar med hest og ikkje har nko med hestar å gjera». Eg prøvde faktisk på det sistnemnde med det resultatet at eg stod att med ei liste der 90 prosent av innslaga var blomsternamn. Kanskje trøyttande mange blomsternavn, så dermed let eg den lista liggja.
Det blir kanskje litt feil å påstå at orda i den følgjande lista ikkje har noe med hest å gjøre. Som oftast er det samanlikninga med dyret som ligg til grunn for desse orda, enten det er storleiken(brimhest), styrken (brothest), formen (bøylehest) eller lyden (humrehest). Men i fleire tilfelle er nok ikkje samanlikninga så tydeleg(felehest, kinnhest). Og sjølvsagt: ein kjepphest er ein hest av tre. Men her er ordet teke med på grunn av den overførte tydinga.

1. Brimhest – ei stor bølgje, brotsjø
2. Brothest – eit arbeidsjern
3. Bøylehest – eit turnapparat
4. Damphest – eit lokomotiv (her har også ordet eimhest blitt nytta)
5. Eldhest – ein rund kubbe til å leggja i peisen og som held lenge på varmen
6. Felehest - stolen som held strengene på ei fele
7. Flodhest
8. Havhest – ein måkeart
9. Humrehest – dialektnavn på bekkasin (fugl)
10. Kinnhest – et slag i andletet, lusing
11. Kjepphest
12. Kummelhest – ein klossmajor
13. Lesehest (eller pugghest)
14. Lihest - dialektnamn på grønnspett (fugl)
15. Preikehest - skravlekopp
16. Sengehest – grind til å setja i sengekanten for å hindra småborn i å ramla ut
17. Sjøhest – ein tropisk fisk
18. Skrubbehest - namn på ei av tærne
19. Straumhest – dialektnamn på fossekall
20. Vindhest – ein kastevind

søndag 11. juli 2010

25 Nordmørske Noregsrekordar

Nordmøre er omfatta av kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Halsa, Kristiansund, Rindal, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll. Alle desse kommunane er representerte nedanfor med minst ein Noregsrekord - bortsett frå Gjemnes. Eg håpar at nokre vakne gjemnesingar kan sørgja for at me får retta opp i dette påtakelege mishøvet.


1. Størst I: Landets største metanolfabrikk ligg i Statoil sitt industrianlegg på Tjeldbergodden i Aure kommune. Det same gjer Skandinavias største luftgassfabrikk. Verksemda produserer oksygen, nitrogen og argon. Ein stor del av oksygenet vert nytta i framstillinga av metanol på Tjeldbergodden.

2. Størst II: Landets største spesialfabrikk for fiskefôr ligg i Kristvik industriområde i kommunesenteret Bruhagen i Averøy. Han vert driven av Skretting AS.

3. Størst III: Eide kommune er landets største produsent av tilverka stein, med om lag halvparten av den norske marknaden (2005), fordelt på fleire verksemder. Kommunen vert såleis marknadsført under namnet 'Nordens steinkommune', og produserer gravminne, bygningsstein og fleire andre produkt.

4. Størst IV: Verksemda T-Komponent i Rindal er landets største produsent av laminert trevirke (limtre)og benkeplater.

5. Størst V: Smøla Vindpark er Noregs største vindkraftverk og det største landbaserte vindkraftverket i Europa. Vindparken består av 68 vindmøller og vart gjort ferdig i to etappar, i 2002 og 2005. Samla leverer anlegget 150 MW.

6. Størst VI: Hydro Aluminium Sunndal er det største aluminiumsverket i Vest-Europa. Det har ein produksjon på ca. 370 000 tonn primæraluminium per år (kjelde: Norsk Hydro).

7. Størst VII: Noregs største bergmalingsfelt ligg på Honnhammer 7 km øst for Tingvoll sentrum. Dei 5000 år gamle figurane er malte rett på berget, og må såleis ikkje forvekslast med helleristingar. Det er ganske oppsiktsvekkjande at fargene på desse førhistoriske framstillingane av elg, rein og laks framleis held seg så godt som dei gjer.

8. Først I: Industriområdet på Tjeldbergodden i Aure kommune inneheld Noregs første produksjonsstad for framstilling av flytande naturgass (LNG).

9. Eldst I: Kristiansund har verdas eldste kollektive transportselskap i samanhengande drift. Den såkalla Sundbåten har ført passasjerar mellom dei fire bydelane i Kristiansund sidan 18. november 1876.

10. Eldst II: Kristiansund har hatt operatradisjonar sidan 1805, men den første offentlege framsyninga fann stad i 1928. Dette var 32 år før Den norske Opera vart skipa i Oslo. Operaen i Kristiansund er såleis Noregs eldste opera. Men byen har formelt sett ikkje eige operahus, sidan det er Festiviteten sine lokale som vert nytta under førestillingane.

11. Eldst III: På Kuløy i Smøla er det funne ein runestein, Kulisteinen. Steinen fortel at «Tore og Hallvard reiste denne steinen etter Ulv (raude?). Tolv vintrar hadde kristendommen vore i Noreg». Dette er det eldste norske kjeldeskriftet som nemner kristendommen og namnet på landet vårt.

12. Eldst IV: Landets eldste eksisterande møbelfabrikk, Talgø, vart starta i Todalen i Surnadal i 1899 av ekteparet Thore og Thora Talgø. I dag ligg hovudverksemda på Kvennset i Todalen.

13. Først: Området frå Ålvundeid til Innerdalsporten (Innderdalen) i Sunndal vart Noregs første landskapsvernområde då det vart freda den 31.07.1967. Men legg merke til at Innerdalen vart verna før omgrepet "Landskapsvernområde" vart lansert første gong i 1970. Veøya i Molde kommune vart det første landskapsvernområdet etter at loven om landskapsvern vart innført dette året.

14. Nordlegast I: Strand i Averøy har verdas nordlegaste bestand av kristtorn.

15. Nordlegast II: Kuløy eller Kuli på Smøla har den absolutt nordlegaste førekosten av sommareik i verda.

16. Nordlegast III: I Nelvika på Smøla står eit einstaka kristtorntre som er det nordlegaste i verda (men sjå også ovafor under "Nordlegast I") (Kjelde: Verneplan for Smøla kommune).

17. Nordlegast IV: Verdas nordlegaste naturlege eikeskogar ligg på Eikrem og i Boksaspa naturreservat i Tingvoll. Eikrem er kanskje det nordlegaste stadnamnet i Noreg som inneheld treslaget eik.

18. Einaste I: Eide kommune er den einaste kjende voksestaden for torntvebladmose (Scapania nimbosa), som følgjeleg også er utpeikt til spesiell ansvarsart for kommunen. Denne sjeldne mosen veks berre på to stader i kommunen med til saman 11 individ. Arten er rekna for å vera kritisk truga.

19. Einaste II: Halsa kommune har landets einaste gravmonument over ein kval, nemleg minnerøysa over filmstjerna Keiko. Det var nemleg i fjordane kring Halsa den kjende spekkhoggaren heldt seg før han døydde av lungebetennelse den 12. desember 2003. Keiko vart opphavleg fanga utanfor Island i 1979, og vart sidan ein attraksjon i fleire parkar og akvarium i USA, Canada og Mexico. Han hadde hovudrolla i den første av tre Free Willy-filmane, før arbeidet starta med å prøva å la han venda attende til havet. I 1998 vart han returnert til havområda utanfor Island, men dukka altså seinare opp i Taknesbukta i Halsa, der han no er gravlagd.

20. Einaste III: Kuling- og stormvarselet på Bjørnehaugen i Kristiansund er det einaste i dagleg drift her i landet. Her varslar grønt lys storm, og kombinasjonar med raudt og kvitt syner vindretninga. Varsla vert styrde frå brann- og redningsvesenet. Stormvarselet vart sett opp på Rådhusplassen i 1898 og flytta til Bjørnehaugen 1932.

21. Einaste IV: I Øvre Surnadal ligg Noregs einaste flyfabrikk, Mikroflyprodukt. Som namnet seier, er det berre mikrofly som vert produserte ved fabrikken.

22. Einaste V: Nordenfjeldske Børstefabrikk AS (Norbørst) på Øye i Surnadal er den einaste musefellefabrikken i landet. Den kjende musefella Rapp kjem frå denne fabrikken.

23. Høgast I: Høgaste fossen i landet etter total fallhøgde, er truleg Vinnufossen i Sunndal med om lag 860 meter. Dette gjer han også til den høgaste fossen i Europa og den sjette høgaste i verda. Men Vinnufossen har lita vassføring, og opptrer mykje av året berre i form av ein bekk, noko som gjer at han sjeldan er blitt marknadsført blant landets høgaste fossar. Han er heller ikkje nøyaktig oppmålt.

24. Høgast II: Storkalkinn i Sunndal er det høgaste fjellet i Nord-Europa som stig opp direkte frå havnivået (1880 m.o.h.).

25. Varmast: Sunndalsøra i Sunndal kommune har landets høgaste februar-temperatur (18,9 grader målt 23.2.1990), høgaste november-temperatur (18,5 grader, målt 1.11.1984), og høgaste desember-temperatur (18,3 grader, målt 1.12.1998) (kjelde: Meteorologisk Institutt).

10 Norske oppfinningar utanom ostehøvelen og bindersen

Når me skal dra fram døme på god norsk oppfinnarkunst, vil nok særs mange nemna bindersen. Nordmannen Johan Vaaler (1866-1910) tok patent på ei slik papirklemme første gong i Tyskland i 1899, men han er nok blitt gitt æra for denne oppfinninga på feil grunnlag. Vaaler sin binders var ei mindre funksjonell utgåve av allereie eksisterande bindersar, og patentet kom aldri i produksjon. Den binderstypen me kjenner i dag vart produsert for første gong i 1890-åra av The Gem Manufacturing Company i England, men det har visstnok ikkje lukkast å spora opp patentet til dette produktet.
Her i Noreg starta Mustad å produsera bindersar av Gem-typen kring 1930, samstundes som det norske patentstyret feilaktig heldt fram Johan Vaaler som oppfinnaren av bindersen. Dette ryktet vart etter kvart så vellukka at påstanden snart vart godteken av dei fleste norske oppslagsverka. Til og med i USA vart denne myten akseptert og spreidd, med god hjelp av at bindersen vart nytta som eit norsk nasjonalsymbol under den andre verdenskrigen.
Så innarbeidd er oppfatninga av at bindersen er ei norsk oppfinning, at då Posten i 1999 gav ut eit frimerke med bilete av ein binders som det første i ein serie om norske oppfinningar, var det eit eksemplar av den britiske Gem-bindersen som var reprodusert. Det same gjeld den 7 meter høge bindersen som er reist utanfor Handelshøyskolen BI i Sandvika.
Men heldigvis kan ingen ta frå oss det andre symbolet for norsk skaparevne og design, ostehøvelen. Han vart patentert av Thor Bjørklund frå Lillehammer i 1925 og vart nokså raskt ein suksess etter at han vert sett i produksjon i 1927. Sidan dette var ein reiskap som var konstruert med tanke på å kutta tynnere skivar av osten, vart dette snart assosiert med norsk måtehald. Dette gjorde at ostehøvelen fekk stor symbolverdi som norsk oppfinning, men han vil nok oppfattast som mer banebrytande her til lands enn i dei delene av verda der ein føretrekkjer å skjera tjukt av osten. Såleis vil nok fleire av dei følgjande oppfinningane vera mindre påakta her i landet, sjølv om innverknaden deira internasjonalt er langt større enn ostehøvelen.


1. Granatharpunen

Kva: Dette var ein kvalfangerreiskap der det var blitt plassert ein granat inne i spissen på ein harpun. Granaten eksploderte først når han trefte kvalen, samstundes som mothakane på harpunen heldt dyret fast slik at det ikke sokk.

Når: 1870

Kven: Sven Foyn (1809-94) var den første som tok granatharpunen i bruk, og med stort hell. Den årlege fangsten hans gjekk fra kanskje ein kval i sesongen til opp mot 100, og han vart snart en rik mann. I tillegg kommersialiserte han granatharpunen og derfor er namnet hans knytta til oppfinninga som han trass alt ikkje kan ta æra for. Det var nemleg ishavsskipper Erik Eriksen frå Lyngør som tenkte ut og designa granatharpunen, utan å få korkje heider eller forteneste av dette. I depresjon reiste Eriksen frå kone og 9 barn og emigrerte til U.S.A. der han døydde under ein snøstorm i Dakota. I tillegg var det sokneprest Esmark i Ramnes som utvikla tennsatsen for granatane slik at dei eksploderte når dei slo inn i kvalen.

Følgjer: Oppfinninga revolusjonerte kvalfangsten på slutten av 1800-tallet. I tillegg til å betra resultatet av den tradisjonelle kvalfangsten, kunne ein no også jakta på kvalartar som både var for raske og for kraftige til at ein tidligare hadde våga å gje seg i kast med dei, slik som finnkval og blåkval.

2. Kunstig kalksalpeter

Kva: Kunstig kalksalpeter (kalsiumnitrat) med handelsnamnet Norgessalpeter vart framstilt ved Norsk Hydro for å brukast til gjødsel.

Når: 1904

Kven: Kristian Bernhard Birkeland (1867-1917) og Sam. Eyde (1866-1940) utvikla ein metode for å vinna ut nitrogen frå luft ved hjelp av ein "salpeterkanon" som nytta seg av effektane frå ein lysboge i eit kraftig magnetfelt.

Følgjer: Kalksalpeter og andre typar kunstgjødsel var ein føresetnad for den sterke voksteren i planteproduksjonen på 1900-tallet. I tillegg gjorde kunstig framstilt gjødsel det mogleg å dyrka opp næringsfattig jord.

3. Søderberg-elektroden

Kva: Ein sjølvbrennande grafikkelektrode til bruk i smelteverk.

Når: 1919

Kven: Ingeniør Carl Wilhem Søderberg (1876 -1955)

Følgjer: Elektroden gjorde det mogleg å halda ein smelteovn i kontinuerleg drift. I tillegg var han driftssikker og økonomisk. Han vart teken i bruk første gong ved Fiskå Verft i Kristiansand i 1919 og vart sidan nytta over heile verda.

4. Den moderne skibindinga

Kva: Ei skibinding med stive "øyrer" av jern festa til skia, med seinare forbetringar.

Når: 1894, 1916 og 1927

Kven: Fritz Reichwein Huitfeldt (1851-1938) frå Oslo konstruerte den første moderne skibindinga, patentert 1894. Seinere forbetringar vart gjort av skiløparen Lauritz Bergendal (1916) og Bror With (Rottefella-bindinga, 1927).

Følgjer: Huitfeldt si binding med jernøyrer frå 1894, i tillegg til dei seinare forbedringane hans frå 1897 med samanhengande kantar av jern på begge sider danna utgangspunktet for alle skibindingar sidan. Oppfinninga må ta mykje av æra for at skisporten fekk den utbreiinga han etter kvart fekk. Tåbindinga til Bror With (Rottefella) skal vera den mest produserte skibindinga i verda.

5. Gassturbinen

Kva: Motor som vert driven ved at luft blir komprimert i eit sett med skovlar (kompressor) og deretter brent ved høg temperatur i eit brennkammer. Når blandinga av luft og forbrenningsgassar utvider seg kraftig grunna varmen i brennkammeret, blir denne energien ført gjennom eit nytt sett med skovlar.

Når: 1884

Kven: Ægedius Elling (1861-1949)

Følgjer: Ein gassturbin er i prinsippet det same som ein jetmotor. Då Elling greidde å få bygd den første gassturbinen i 1903, var ikkje dei materiala ein rådde over på den tida varmebestandige nok til at den fulle effekten til ein slik konstruksjon kunne takast ut. Det vart Sir Frank Whittle som seinare konstruerte dei jetmotorane som kunne nyttast i flyindustrien, sidan engelskmennene klarte å utvikla ei titanlegering som tålte dei høge temperaturane som motorane kravde. Whittle gav Elling æra for oppfinninga, sidan det var hans prinsipp jetmotoren bygde på. I tillegg var det norsk titanmalm frå Sokndal i Rogaland som vart nytta i dei første jetmotorane.

6. Sprayboksen

Kva: Boks som inneheld ei væske som vert spreidd ut i forstøva tilstand ved hjelp av ein trykknapp. Væsken vert halden under trykk i boksen ved hjelp av kondensert gass.

Når: 1927

Kven: Erik Rotheim (1898-1938)

Følgjer: Som alle veit er denne oppfinninga blitt ein verdsartikkel. Men Rotheim fekk ikkje sjølv gleda av patenten sin, sidan boksen ikkje kunne produserast før i starten på 50-tallet grunna tekniske avgrensingar. Då var patenttida på 20 år ute.

7. Holkortmaskinen

Kva: Ein elektromekanisk sorteringsmaskin for holkort.

Når: 1919

Kven: Fredrik Rosing Bull (1882 - 1925)

Følgjer: Holkorta vart først tekne i bruk for å halda orden på data innan bank og forsikring. Bull sine holkortmaskinar fekk stor utbreiing i Noreg og Danmark på 1920-talet, men patenten vart etter kvart seld til franske interesser. I 1931 vart det franske selskapet Bull skipa. Sidan gjekk patentrettane over til amerikanske Honeywell der holkortsorteringa utvikla seg til meir avansert databehandling. Namnet til nordmannen lever vidare i det verdsomfamnande konsernet Honeywell Bull.

8. "Den store bindersen"

Kva: En festeinnretning som gjorde det mogleg å binda jernbaneskinnene til svillene på ein smartare måte.

Når: 1957

Kven: Per Pande Rolfsen

Følgjer: "Den store norske bindersen" er no standard i over 80 land. Dessverre forstod ikkje norsk industri dei framtidsutsiktene som låg i denne festebindersen og patentrettane hamna såleis i England. Der hausta oppfinnaren ei langt større ære, og namnet hans lever vidare gjennom firmanamnet "Pandrol International Ltd." Selskapet har nå milliardomsetning med fabrikkar i 12 land.

9. Jiffy-potta

Kva: Ei organisk blomsterpotte basert på torv og fiber

Når: 1950-åra

Kven: Leif Fr. Koxvold og Odd Melvold

Følgjer: Denne plantepotta som hindra røttene i å tørka ut men som dei samstundes kunne veksa gjennom, vart ein suksess over heile verda. Når produksjonen var på det høgaste, gjekk 95% til eksport. Koxwold og Melvold konstruerte maskinen for framstilling av pottene sjølve.

10. Nøkkelkortet

Kva: Ein innbrotsssikker nøkkel i form av eit holkort i plast.

Når: 1977

Kven: Tor Sørnes (1925 - )

Følgjer: Holkortsystemet gav rom for 4,5 millionar nøkkelkombinasjoner, noko som gjorde systemet innbrotssikkert. Produktet gjorde mosseverksemda TrioVing, som gav økonomisk støtte til patenten, til den leiande produsenten av holkortnøklar i verda (seinare vart «holkortavdelinga» skilt ut som eiga verksemd under namnet VingCard). Holkortnøklane er nå i bruk i over 100 land.

Kjelder:
Svein A. Knudsen: Norske oppfinnelser. Kreativitet og nyskaping. Oslo 1996
Wikipedias artikkel om bindersen

8 norske konge-og adels-"sister"

Her må ein hugsa på at i nokre hundre år var dei danske kongane også norske regentar. Derfor må også desse inkluderast i den følgjande oversikta.

1. Siste konge som døydde i eit slag
Den siste norske kongen som mista livet i eit slag var Magnus V Erlingsson (konge 1161-1184). Han fall i slaget på Fimreite i 1184.

2. Siste tronarvingen som døydde før han vart konge
Den eldste sonen til Christian IV's, som også heiter Christian, døyr i 1647, 44 år gammal. Han døyr eit år før faren sin, og med dette blir den yngre broren hans, Frederik, konge under namnet Frederik III.

3. Siste konge som deltok i et slag
Christian V, som var konge i Danmark-Norge 1665-1699, erklærte krig mot Sverige i 1675 for å vinna att gamle danske landområde i Skåne («Den skånske Krigen»). Det kom til voldsomme kampar der kongen sjølv deltok, men desse krigshandlingane førte aldri med seg noka avgjerd i striden. I eit fransk fredsdiktat i 1679, vart det avgjort at svenskane skulle få behalda alle dei skånske landområda.

4. Siste katolske konge
Frederik I var konge i Danmark-Norge 1523-33. Trass i at han hadde lova adelskapet å verna den katolske kyrkja, innførte Frederik I reell religionsfridom for lutheranarar i Danmark-Norge. Han følgde etter Christian II som i mellomtida hadde byrja å vakla i synet sitt på katolisismen, og vedkjente seg protestantismen under eksil i Nederland. Men det var Fredrik I sin etterfølgjar Christian III som vart den første offentleg lutheranske konge i Danmark-Norge. Dette trass i sterk motstand frå den norske biskopen Olav Engelbrektsson.

5. Siste norske kongen som vart krona
Kroningar vert som regel avgrensa til dei kongene som har sikra seg trona utanom arverekkefølgja. I dei tilfella der son følgjer far er det tradisjon for å bruka signing, eller som i eldre tider, salving. Siden Haakon VII markerte starten på ei ny norsk kongerekke vart han kronet i Nidarosdomen den 22. juni 1906, medan sonen hans, Olav V, berre vart signa då han tok over kongetrona i 1957.

6. Siste eineveldige konge
Fredrik 6. var regent i Danmark-Noreg i 1814, og han vart med dette den siste kongen Noreg delte med Danmark. Han skulle også bli den siste som regjerte som eineveldig konge her i landet. Eineveldet vart innført i Danmark-Noreg i 1660 etter at landet lå i ruinar som ei følgje av fleire krigar mot svenskane. Den dåverende kongen, Fredrik 3, var særs populær og vart sett på som ein person som kunne ordna opp i det politiske kaoset som rådde på den tida. Dermed vart det vedteke på eit stendermøte i København at kongen skulle bli gitt eineveldig makt. Då vart den gamle adelen sett til sides, noko danskene syntest var heilt i orden, sidan adelen sat med ein heil del kostbare privilegier samstundes som han ikkje gav nokre motyingar til samfunnet til gjengjeld. Men sidan dette eineveldet vart gjort arveleg, oppstod problema etter kvart som det dukka opp fleire mindre dugelege kongar. Under Fredrik 6. vart krava om demokratisering stadig sterkare, og kongen oppretta fire rådgjevende stenderforsamlinger for å koma somme av desse krava i møte. Etterfølgjaren Christian 8. vart etter dette ein overgangsperson før sonen hans igjen, Frederik 7, underteikna den danske grunnlova som gjorde fullstendig slutt på eineveldet i Danmark i 1849.

7. Noregs siste greve
Den siste som bar tittelen greve her i Noreg, var Peder Anker Wedel Jarlsberg (1809-1893). Han var onkel til:

8. Noregs siste baron,
Harald Wedel Jarlsberg (1811-1897). Han vart den siste som hadde rett på å bera adelstittel her i landet.