tirsdag 10. august 2010

Dei 5 siste sivile avrettingane i Noreg

Dødsstraffa vart avskaffa her i landet med den nye straffelova av 1902. Då var det gått 26 år sidan Kristoffer Nilsen Grindalen ("Svartbækken") hadde blitt frådømd livet i den siste sivile dødsdommen her til lands. Etter dette var det ei tid framleis opning for dødsstraff som følgje av alvorlege krigsbrotsverk, men også denne paragrafen vart avskaffa ved lov i 1979. Dei absolutt siste avrettingane i Noreg skjedde den 28. august 1948, då som ei følgje av landssvikoppgjeret etter krigen.

5. Friedrich Wilhelm Priess og Knud Fredrik Christian Simonsen (halshogne i Kristiania 19. april 1864)
Den siste avrettinga i hovedstaden vart gjennomført på Etterstadsletta på Østre Aker den 19. april 1864. Staden var ein gammal militær ekserserplass og det var den 30 år gamle tyskaren Friedrich Wilhem Priess og den tre år yngre Knud Fredrik Christian Simonsen som fekk den blanda æra av å stilla dei hovudlause kroppane sine til syne for eit nyfikent publikum i hovudstaden. Det hadde møtt opp fem tusen glanelystne menneske, mest kvinner, som det måtte heile tre og et halvt tusen infanteristar i tillegg til ein del kavalleristar til for å halda på rimeleg avstand. Søknader om å selja forfriskningar var blitt avslått og politiet var blitt spesielt bede om å halda dei prostituerte borte frå rettarstaden. Driftige kjerre-eigarar selde ståplass i kjerrene sine, og fleire familiar hadde møtt opp med nistepakkar og flasker. Dette "skodespelet" sette for alvor fart i debatten om dødsstraff her i landet.

Priess og Simonsen hadde møtt kvarandre på båten mellom København og Kristiania hausten 1862. Simonsen var skomakar i Kristiania. Han var opprinneleg dansk, og no var han på veg attende frå eit besøk i København saman med den norskfødde kona si og borna. Priess var på si side på flukt fra ein valdsdom i Tyskland i lag med den gravide elskerinna si. Han var av god familie og med ein stor porsjon sjarm, og den trufaste, men noko enkle skomakaren let seg fascinera av den veltalande tyskaren.

I Kristiania hadde ingen av dei noko særleg hell med seg. Ingen av dei hadde pengar, og Priess flytta inn hjå Simonsen saman med den barntunge kjærasten sin. Der tok planane om eit ran snart form. Offeret skulle syna seg å bli Lærdalsbonden Knut Grøte som sommaren 1863 hadde stått på torget i Kristiania i 14 dagar med røykelaks og etter kvart tent seg ein god slump med pengar. Den 10. august 1863 hadde dei to venene lokka han med seg på tur til Hovedøya i ein leigd robåt. Vel ute frå hamna trekte Simonsen fram ein pistol og skaut den godtruande bonden i bakhovudet. Skotet var ikkje dødbringande, og Grøte vart liggjande i botnen av robåten og ynka seg. Då tok Priess resolutt fram eit tau og strupte offeret. Etterpå skar han halsen over på han. Dei henta ein stor stein på Hovedøya og lempa liket over bord, bunde fast til steinen med ankertauet. Så vart båten gjort rein før han vart levert tilbake, og snart var dei to gjerningsmennene fordufta til København med pengane dei hadde stole frå offeret. Uheldigvis for ranarane flaut liket opp ei veke seinare. Ankertauet han var bunden med vart snart kobla saman med båten dei hadde leigd, der eigaren kunne fortelja politiet kven som hadde hatt båten då tauet var blitt borte. Dei to vart snart spora opp i København og ført attende til Kristiania, der dei vart dømde til døden.

I fengselet skjedde det ei religiøs omvending hjå begge, noko som gav dei ein viss sympati i folket. Denne sympatien vart ikkje mindre på sjølve avrettingsdagen, då det synte seg at dårleg organisering av dei utkommanderte soldatane gjorde at Priess, som var den første av dei dødsdømte som skulle til skafottet, måtte køyrast omkring i ein halvtime og venta på si eiga avretting. Augevitneskildringa i Morgenbladet gir også uttrykk for ein viss sympati med gjerningsmennene, då særleg for Priess: "Med Ro og Andstand traadte Priess, ledsaget af sin Præst, op paa Tribunen. Hans kraftige Bygning og gode Holdning forblev uforandret; han saa godt ud, hilste venlig til de faa, der vare paa Tribunen, og syntes med christelig Hengivenhed at gaa sin Død imøde. Efter at den forrettende Foged i Aker, Hr. Eger, havde oplæst Dommen, henvendte Præsten Møhne sig i en vakker Tale over ‘Syndens Sold er Døden’ til det omkringstaaende Folk. Derpaa knælede Priess sammen med Præsten og bad en kort Bøn, medens der rundt omkring herskede en dyb Stilhed. Priess var rørt, men fattet, han vendte oftere sit Blik mod Himlen og hans Aasyn var mildt og behageligt. Da han reiste sig op, omfavnede han sin Sjælesørger, kyssede ham og takkede ham til Afsked, hvorefter han uden Hjælp af Skarpretteren afførte sig Frakke og Vest, og gik med rolig Sikkerhed hen mod Blokken. Medens han knælede, blev hans Lommetørklæde bundet for hans Øine. Han indtog nu en liggende Stilling, og lagde Hænderne paa Ryggen. Præsten knælede i Bøn. Folket blottede sit Hoved. Medens Præsten høit og tydeligt læste Fadervor, bad ogsaa Priess halvsagte en Bøn. Skarpretteren stod med løftet Øxe. En uhyggelig Stilhed herskede rundt omkring. Da Ordene ‘Forlad os vor Skyld, som og vi forlade vore Skyldnere’ lød, faldt Dødshugget. Hovedet lagdes ved Siden af Kroppen. Straffen var fuldbyrdet. Efterat nogle af de tilstedeværende Læger havde iagtaget Liget, der viste de almindelige Muskeltrækninger og Bevægelser i de øverste Respirationsorganer, nedlagdes Kroppen og Hovedet i en almindelig simpel Ligkiste og kjørtes bort. Den af Blod besudlede Blok blev ombyttet med en reen, Blodet tørredes bort fra Tribunen og frisk Granbar og Sand strøedes udover: der gjordes Forberedelser til Simonsens Henrettelse."

4. Olaus Andersson (halshogd i Skedsmo 17.7.1868)
Olaus Andersson var fødd i Gøteborg. Han drog tidleg i lag med mora som omstreifande tiggar før han fekk seg noko jordarbeid på ein større eiegedom i Sverige. Her gifta han seg med ei tysk kvinne han vart kjend med då ho var på besøk på garden. Han levde likevel framleis av småsteling under fattige kår, noko han vart mint på under eit fuktig juleselskap saman med ein tysk familie som budde i nærleiken. Olaus vart sint, og gjekk derfor ut og sette fyr på garden der dei var på gjesting. Sjølv om ingen brann inne, vart han klaga for mordbrann og dømd til døden. Dette høvde godt, meinte han sjølv, for han sa seg lei av livet. Derfor vart det ein strek i rekninga for han då han vart teken i nåde og i staden dømd til straffearbeid i 10 år.

Da han vart sleppt fri kom han til Noreg der han gjekk under namnet Tyske-Anders og livnærte seg dels ved tigging og småarbeid, dels ved tjuveri. Han var ofte plaga av angst som han prøvde å døyva med alkohol. Denne angsten var så plagsom at han, etter eiga utsegn, framleis ønskte å døy. Og det skal ha vore dette dødsønsket som fekk han til å vitja Margrete Olsdatter Vestvolden, ei gammal kone i Skedsmo, for å be om husrom, og der han natta mellom 29. og 30. desember slo henne i hjel med ein øksehammar. Det var ikkje tale om eit ran, sidan kona var fattig og hadde ingenting det var verd å stela. Det var berre eit ønskje om å bli teken og dømd frå ei verd han hata like mykje som seg sjølv.

Då han vart arrestert, hadde han på seg støvlane til den døde. For å vera på den sikre sida hadde han sett sine eigne att i huset til offeret. Det var tydeleg at dødsønsket var sterkare enn tanken på å vera varsam og dekkja over spora sine. Og dømd til døden vart han. Skafottet vart reist i ein bjørkelund i Skedsmo, like ovafor kyrkja, der avrettinga skulle finna stad fredag 17. juli 1868. Den dømde vart følgd av prost Ingier og sonen hans, som var kapellan. Der tok den dømde eit rørande farvel som ein angrande synder før han la seg ned på blokka og fekk hovudet skild frå kroppen med eitt einaste hogg.

3. Jacob Wallin (halshogd i Bergen 25. januar 1876)
Jacob Wallin var fødd i Sverige av norske omstreifarforeldre. Allereie som ung gutt vart han jaga bort av faren sin og levde sidan eit landstrykarliv som ein einstøing. Han hamna i fengsel første gongen som 19-åring, og han vart arrestert fleire gonger i Sverige for tjuveri, fyll og vald.
Her i Noreg kom den første dommen hans i 1861 for tjuveri av klede. Fleire norske dommar følgde, m.a. vart han dømd i Kongsvinger i 1870 for å ha gått til åtak på ein politimann med kniv. Medan han sat i Christiania tukthus i 1871 braut det ut eit fangeopprør, der det vart sagt at Wallin stod i spissen. Han fekk eit tillegg i straffa på 6 månadar som skulle sonast i Bergen. Både medfangar og voktarar var redde for han, og det vart funne kniv på han fleire gonger.

Sundag morgon 2. mai 1875 var Wallin til lufting på gardplassen utanfor tukthuset. Han kom i krangel med voktarane, og som eit resultat av dette skulle han setjast på isolat på arrestrommet ved tukthuset dagen etter. Under lufteturen måndagen vart han oppsøkt av underinspektør Erik Madsen Hammer. Det kom til ein heftig diskusjon der Wallin trekte fram ein kniv og stakk inspektøren i underlivet. Skaden Hammer fekk var så omfattande at han døydde dagen etterpå.
Saka mot Wallin gjekk gjennom flere rettsinstansar, men i alle var avgjerda klar: Han skulle dømmast til døden. Det var få formildande omstende, og kongen skreiv under på dødsstraffa.

Utanfor murane gjekk diskusjonane høgt om dødsdommen. Samtidige skildringar tyder på stor motstand mot avrettinga og veksande motstand mot dødsstraff i det heile. Dei siste dagane sine sat Wallin og las i Bibelen, åleine eller saman med presten eller predikanten Traasdahl.
Då dagen for avrettinga kom, hadde det møtt opp tusenvis av forvitne tilskodarar, sjølv om bergensarane var blitt oppmoda til å halda seg heime. Det skal ha vore 5000 menneske til stades, både vaksne og born, men det var likevel heilt stilt ved rettarstaden. Skarprettaren hadde dei henta til Bergen frå Christiania, og han stod klar med ei stor øks. Først las byfogd Schjelderup opp alle dommane som var sagde over Wallin, i tillegg til den kongelege resolusjonen om iverksetjinga av dommen. Så las presten Dahl ei bøn, og spurde Wallin om han angra. Svaret var Ja. Så heldt Traasdahl ein liten tale før Wallin sjølv sa nokre ord som enda med ”Kjære Venner, be for meg”. Så vart det sunge ei salme før Wallin tok imot presten si velsigning og la hovudet på blokka.

Alt den same dagen kunne ein i Bergen kjøpa skillingsvisa ”En ny og sandfærdig Beretning og Vise om den grusomme Morder Wallin”. Han vart jordfesta i det stille på gravplassen på Møllendal. Neste dag var grava dekt av blomar, som var blitt lagde der i sympati i løpet av natta.

2. Sofie Johannesdatter Heffermehl (halshogd 18. februar 1876)
På same vis som dei føregåande var Sofie Heffermehl fødd i Sverige. Ho hadde eit ulasteleg rulleblad før ho vart tilsett hjå grosserar Stang i Fredrikshald, der ho gjekk i trufast teneste i fleire år. Trass i dette tok ho livet av husfaren og husmora med gift og prøvde å gjera det same med fleire av dei nære pårørande til huslyden. For dette vart ho den siste kvinna som vart dømd til døden i ein sivil rettssak her i landet.

1. Kristoffer Nilsen Grindalen ("Svartbækken") (halshogd i Løten 25. februar 1876)
Kristoffer Nilsen vart fødd på husmannsplassen Svartbekken under Grindalen i Elverum. Han utvikla seg til å bli ein vanekriminell og berykta forbrytar som sat på tukthuset i store deler av livet sitt. I 1874 vart han sleppt fri etter å ha site inne 7 år i Trondheim for eit postrøveri. I tida etter lauslatinga livnærte han seg som omreisande kremmar, og det var i eigenskap av dette at han dukka opp på Grundset-marknaden i Vestad i Elverum i 1875. Her sette han seg etter kvart føre å rana den 19 år gamle bondesonen Even Nilsen Dælien.

Svartbækken greidde å vinna tiltru hjå Dælien, og guten baud han skyss vidare til Husum. Etter 2 mil skilde dei lag. Svartbækken la seg på lur og venta på Dælien med ei øks han hadde hatt med seg heile vegen. I ly av mørkret gjekk Svartbækken til åtak og drap bondesonen med eit hogg mot hovudet.

Då drapet vart oppdaga fekk lensmannen hjelp av to politimenn frå Christiania. Dei gjekk frå hus til hus, og ei ung jente forklarte at ho hadde sett Dælien forlata Vestad i lag med ein eldre mann ho kjende som ein som drog rundt og selde sukkertøy. Politiet tok henne med til Grunsetmarkedet der ho kort tid etter kjende att Svartbækken. Han bar framleis blodige klede og ei tjukk lommebok med namnet "E. Dæhlien". Følgjeleg såg det nokså mørkt ut for Svartbækken.

Svartbækken vart dømd til døden i underretten i Søndre Hedemarken den 2. august 1875, og straffa vart stadfesta like opp til Høgsterett. Straffa skulle eksekverast på Stormyra i Løten, nær staden for brotsverket. Sjølv om staden ligg avsides til, hadde det møtt opp 3000 nyfikne tilskodarar. Presten spurde om Svartbækken hadde gjort det han var tiltala for og om han meinte dommen var rettvis. Svartbekken svara Ja på båe spørsmåla. Deretter bad presten ei bøn saman med den dømde. Så vart hodet skilt frå kroppen med eitt hogg.

Det gjorde eit sterkt inntrykk da gravaren etterpå tok hovudet til Svartbekken i håret og synte det fram. Fleire svima av og mange kunne fortelja at hovudet skar tenner. Kista vart heist over muren, siden drapsmenn ikkje fikk passera gjennom porten.

Ei tid etter avrettinga vart det gjort eit likfunn i Dovre. Det synte seg å vera ei kvinne som var blitt meldt sakna kort tid etter at Svartbækken hadde sleppt ut av fengselet i Trondheim. Det var tydeleg at kvinna var blitt drepen, og det vart hevda at skrinet Svartbækken nytta under sukkertøyhandelen var identisk med eit skrin denne kvinna skulle ha ått. Svartbækken var den einaste mistenkte for dette mordet, men saka kunne ikkje oppklarast no som han var død.

Kjelder:
Ørnulf Hodne: Mystiske steder i Norge. Oslo 2000
Erik Oluf Melvold: Priess og Simonsen. Temahefte nr. 4. Utgitt av av skolesjefen i Oslo som en del av prosjekt "Oslo-Patriot".
Avisa Verdens Gang 8/1, 23/4 og 5/8 1868
Retstidende nr. 26, 1868, s. 441
www.digitalarkivet.uib.no

1 kommentar:

  1. Det burde også føyes til at Wikipedia-artikkelen om Svartbækken har vært brukt som kilde. Jeg som har skrevet den artikkelen burde vite det.

    SvarSlett