9 alternative bynamn - løysningsside

1. Kristiansund


Lille-Fosen var namnet på denne tidlegare ladestaden før Christian VI ga han bystatus den 29. juni 1742. På starten av 1900-talet vart det reist spørsmål om byen skulle byta namn til Fosna etter garden med same namn. Denne garden ligg framleis i bydelen Vågen.

2 og 3. Fredrikstad

Då Fredrikstad vart grunnlagd av Fredrik II i 1567 (under namnet Fredriksstad, med to s-ar), var det eigentleg med tanke på å attreisa byen Sarpsborg, som hadde blitt brent det same året av svenskane i samband med krigen mellom Danmark-Norge og Sverige. Byen vart då flytta nokre kilometer lenger ned langs Glomma til ein stad som heitte Bruberg. Hadde ikkje dei danske kongane vore så glade i å kalla opp norske byar etter seg sjølv, hadde kanskje Fredrikstad hatt namnet Sarpsborg den dag i dag. i mellomtida klarte det opphavlege Sarpsborg etter kvart å gro fram frå oska att, og i 1839 fikk staden på ny bystatus.

4. Halden

Då byen fekk kjøpstadsrett i 1665 vart han døypt Fredrikshald etter Fredrik III, som var konge på den tida. Byen tok tilbake det opprinnelege namnet i 1928.

5. Sarpsborg

Som mange nok veit vart Sarpsborg grunnlagd av Olav Haraldson (den heilage) i 1016 under namnet Borg. På 1200-talet vart det etter kvart vanleg å kalla byen for Sarpsborg (etter Sarpefossen).
6. Stavern

I 1750 starta bygginga av landets første hovudstasjon for marinen i Stavern. Anlegget fekk namn etter den dåverande kongen, Fredrik V, og vart såleis heitande Fredriksvern. I åra 1790-1930 hadde byen det same namnet som dette marineanlegget.

7. Bodø

Bodø vart grunnlagd i 1816 som ein alternativ handelsby til Bergen for nordnorske fiskarar. Før staden fekk bystatus var han betre kjend under namnet Hundholmen.
8. Kongsberg

Bergstaden Kongsberg (Konningsberg) vart grunnlagd av kong Christian IV i 1624 etter at det var blitt funne sølv på staden. Utan innverknad frå kongen ville kanskje byen i dag heitt Sandsvær, slik området opprinneleg er kalla.

9. Lillesand

Opprinneleg gjekk staden under namnet Sanden etter eit lite område kring hamna der byen hadde utgangspunktet sitt. Byen er grunnlagd på garden Lofthus. Såleis kunne dette også ha vore namnet på denne byen, om historia hadde teke ein annan retning.