onsdag 1. september 2010

Kronologisk liste over norske meteorittar

Ein meteoritt er ein stein som har ramla ned frå himmelen. Men først har han vandra ei tid gjennom verdsrommet som ein såkalla meteoride, ein større eller mindre partikkel av stein eller jern. Dersom ein slik meteroride kjem inn i atmosfæren vil han starta å lysa grunna luftmotstanden og vert då kalla ein meteor. Dei fleste meteorane brenn opp før dei når Jorda og kan sjåast som eit stjerneskot eller ei større eldkule. Men nokre få meteorar er så tunge og store at dei når bakken før dei er oppbrende. Desse steinane kan finnast att som såkalla meteorittar.

Slike meteorittar er det blitt funne få av her i Noreg, i alt 14. Her kjem ei kronologisk liste over dei norske meteorittane.


1. 1848 Ski (0.850 kg. Steinmeteoritt)
Ein vinterdag i 1848 fekk folk i Ski fekk sjå ein opplyst himmel og like etter hørte dei eit kraftig smell. Det vart sett i gang leiting etter det som tydelegvis hadde kome ned frå himmelen. Ikkje lenge etter vart det funne ein steinmeteoritt på isen i ein bekk. Etter det folk fortalde, var han då vorten kroppsvarm.

2. 1884 Tysnes (21.7 kg. Steinmeteoritt)
Dette er den største steinmeteoritten som er funnen i Noreg. Han vart observert på himmelen som ei stor eldkule, og kona som fann han fekk eit tilbod om kr. 25 for han av ein amerikanar. Sidan dette var rimeleg mye pengar på den tida, slo ho til. Då distriktslegen høyrde om dette, fekk han henne til å gjera salet om, slik at meteoritten kunne sendast til Kristiania for å undersøkast.

3. 1892 Skjåk (2.75 kg. Jernmeteoritt)
Meteoritten vart funnen i Morradal av ein mann som først trudde han hadde kome over ein klump med verdifull malm. Etter at distriktslegen hadde sendt steinen inn til nærare gransking, synte det seg at det her var tale om den einaste jern-meteoritten som til no er oppdaga her i landet.

4. 1898 Gloppen (0.1 kg. Steinmeteoritt)
Denne vart funnen på Mjelleim i Gloppen av to gutar som høyrde då han fall. Etter litt leiting fann dei han i snøen, enno varm.

5. 1902 Alta (78.67 kg. Stein-jernmeteoritt)
Noregs største meteoritt. Dette vert ofte kalla Alta-meteorittene, sidan det eigentleg var snakk om to meteorittar med same opphav. Truleg har bitane skilt lag før dei slo ned. Den store meteoritten på 78,67 kg vart seld til Tyskland, mens den minste biten er deponert i Bergen Museum. Det vart også spekulert i om eit meteoritt-fragment som er funne i Finland også stammar frå den same meteoren.

6. 1927 Trysil (0.64 kg. Steinmeteoritt)
Denne vart funnen i 3 bitar etter at han var blitt observert på himmelen som ein lysande hale med ei røyksky frå eit område på fleire kilometer. På svenskesida av grensa vert det fortald at vindaugsruter vart knuste då han kom inn i atmosfæra.

7. 1928 Kragerø (0.246 kg. Steinmeteoritt)
Meteoritten vart funnen på Otterøy ved Kragerø. Folk skal ha høyrd at han slo ned.

8. 1942 Rana (0.254 kg. Steinmeteoritt)
Denne vert ofte kalla Pollenmeteoritten, sidan han vart funnen i Pollen i Nordsjona, Rana (tidl. i Nesna kommune), den 6. april 1942. Dette var første gongen at eit meteorittfall vart sett i Norge. Meteoritten fall ned like ved ein bonde i Pollen og låg og freste i snøen då han vart funnen. Det andre observerte meteorittfallet var i Moss 2006 (s.d.).

9. 1950 Tromøy (nå Arendal) (0.357 kg. Steinmeteoritt)
Finnaren høyrde at meteoritten fall om ettermiddagen den 9. april 1950 på Lofstad på Tromøy i Aust-Agder. Dette kan vera noko av det næraste eit menneske har vore frå å bli treft av ein meteoritt her til lands, sidan finnaren oppdaga meteoritten berre 25 meter frå der han stod.

10. 1976 Mjøsa, på isen (0.046 kg. Steinmeteoritt)
Denne meteoritten vert gjerne kalla Grefsheim-meteoritten, sidan han vart funnen på Mjøsisen i nærleiken av Grefsheim gard, ca 1 km frå stranda. Denne vesle meteoritten hadde blitt delt opp i 8-10 mindre bitar då han trefte Mjøsa, og desse kunne Mineralogisk-Geologisk Museum setja i hop til ein meteoritt-stein med diameter 5 cm.

11. 1978 Leikanger (1.513 kg. Steinmeteoritt)
Meteoritten vart funnen 22. juli 1978 av ekteparet Liv og Knut Eldholm. Dei var på tur i fjellet nord for Leikanger ved Sognefjorden, der dei tok med seg ein stein dei tykte verka underleg og uvanleg mørk. Steinen låg ved foten av Myrdalsbreen i 1420 meters høgd, og har truleg landa mjukt i snøen på breen. Han var nemleg like heil og har nok følgd breen gjennom mange år til han til sist nådde brekanten grunna avsmeltinga.

12. 1992 Gaular (0.470 kg. Steinmeteoritt)
Denne vart funnet den 4. juli 1992 av Steffan og Oddmund Hatlestad, på fjellet ved Viksdalen i Sogn og Fjordane. Dette er den einaste såkalla akondritten som hittil er funnen i Noreg. Desse er særs sjeldne, og kan i nokre tilfelle faktisk stamma frå Månen eller Mars. De vanlegaste steinmeteorittene vert kalla kondrittar sidan dei inneheld såkalla kondrular, millimeterstore kuleforma lekamer som består av minerala olivin og pyroksen. Akondrittene inneheld ikkje desse små kulene.

13. 2001 Gloppen (0.715 kg. Steinmeteoritt)
Rypejegeren Jan Erik Mardal fann denne meteoritten på fjellet Svartekari ved Sandane i Sogn og Fjordane.

14. 2006 Rygge (0.035 kg) og Moss (0.75 og 0,676 kg. Steinmeteoritter)
Den 14. juli 2006 kunne ein over dei sør-austlege delane av Østlandet observera ei enorm eldkule på veg mot bakken. Bussjåfør Ragnar Martinsen høyrde også desse drønna, då han sat på utedoen på hytta si i Rygge. Då han like etter forlet doen, høyrde han ein susande lyd, og ein liten stein trefte ei bølgeblekkplate nokre få meter frå han. Det synte seg at det var ein bit av ein meteoritt som tydelegvis hadde blitt delt opp i fleire fragment over eit større område, for eit par dagar etterpå vart det også funne eit stykke på 0,75 kg i ein hage nær Moss. Denne hadde kuttet tre greiner av eit plommetre før han tok bakken. Litt etter vart det også oppdaga at taket på lagerbygget til UNIL på Solgård skog hadde byrja å leka og eit firma vart leigd inn for å tetta det. Det vart funne et hol i taket og ein svart meteorittstein nede i isolasjonen. Dette nedslaget og eksemplet frå Rygge er dei første tilfella der meteorittar har treft noko menneskeskapt her til lands.

Kjelder:
Nettsidene til Universitetet i Trondheim og Oslo
Nettsidene til Bilet Geoimport - GEOTOP (www.geotop.no)
Astronomiforeningen i Agder: Referat frå møte 19.4.05

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar