søndag 5. september 2010

100 norske ord for snø

Ei kjend og gammal språkleg legende går ut på at inuittane (eskimoane) på Grønland har 100 ulike ord for snø (eg har sett dette tallet variera mellom 50 og 500). Dette er ein påstand som har blitt nytta for å få fram eit viktig antropologisk poeng når det gjeld inuittane: Dei lever i ei verd av snø, derfor treng dei mange variantar av ordet for å kunna uttrykkja seg presist om noko som er ein så viktig del av kvardagen deira. Desse orda skulle då skildra snø i ulike variantar: fallande, liggjande, kornut, kram osb.

Det er ei viss kjerne av sanning i dette. Inuittane kan omtala ulike typar snø på eit rimeleg raffinert vis, men ofte ved å nytta samansetjingar eller fleire ord. Det vert også ofte hevda at eskimoisk (og samisk) har fleire usamansette snø-ord enn dei fleste andre språk. Eg det så nokon vits i å laga eit poeng av dette? Knapt. Det er nemleg slik at for kvart av desse grønlandske snø-orda finst det eit tilsvarande norsk. Dersom ein ser på den følgjande lista, oppdagar ein i tillegg fleire usamansette element (borr, sludd, firn, fjauter) som i talet nok kan måla seg med språket til inuittane. Det same gjeld nok for dei fleste språka i dei nordlege områda. Både i engelsk, russisk og samisk vil ein nok kunna finna ei tilsvarande mengd med ord for snø.

Det er nok ikkje vanskeleg å grava fram fleire enn dei hundre norske orda som er lista opp her. Oversikta byggjer for ein stor del på Ivar S. Ertesvåg si nettside med norske snøord (
folk.ntnu.no/ivarse/snjoord.html).

1. Avrange: blaut snø som er frosen til
2. Blautsnø, våtsnø
3. Blåstøde: snø som er full av vasspyttar
4. Borr: kornsnø
5. Bræne: snøskorpe på kanten av fjella
6. Dape, dapekave: blanding av snø og regn
7. Djupsnø
8. Drivsnø: samanfoken snø
9. Eitersnø (eitresnø): snø med fnugg som er særs små og kornute, som små hagl
10. Fauker: snø som fell med einskilde spreidde flak
11. Finsnø
12. Firn: årsgammal snø
13. Fjautr: snø med tørre, lette flak
14. Fjom, fjon (snø-)
15. Fjorsnø
16. Flekkesnø
17. Flinte (snø-): større snøfnugg
18. Flissnø: tørr, lett snø
19. Floke (snø-): større snøfnugg
20. Flukse (snøflukse, -flysse, -flykse): større snøfnugg
21. Folge (snø-) : tynt lag av snø
22. Fonn (snøfonn, - fane, - fann)
23. Halvgote: blanding av snø og regn, sludd
24. Hardang: snø som først har vore blaut og deretter har frose
25. Heideskav: lett snø som driv spreidd, truleg samme ordet som nedanfor
26. Heiske: lett snø som fell i nesten klart ver
27. Himmelsfok: hardt snøvêr som kjem ovanfrå (jfr. jordfok)
28. Iming: D.s.s. fjautr
29. Ising: mellomting mellom snø og is
30. Jordfok: snø som vert driven opp frå bakken
31. Jøkleføre: nysnø med isskorpe
32. Jøkul: snøbre, isbre
33. Kaldsnø: laus og tørr snø på bakken
34. Kjellføre: føre med djup og fast snø, djup nok til å køyra over steinurer og myrar
35. Klabbesnø
36. Kornsnø
37. Kovdam: tjukk luft med snø
38. Krap el. krav: små klumpar av is eller snø, også skorpe av snø på vatn
39. Kremme: kram snø
40. Lavsnø: snø på tregreiner
41. Laussnø
42. Mjell(snø): laus og tørr snø på bakken
43. Mylsnø: snø som først har vore frosen og så blitt knust
44. Nysnø
45. Pudder(snø)
46. Pulversnø
47. Raunsveig: snø på tregreiner
48. Rekkjingssnø: sporsnø
49. Rennedrev: snø som driv
50. Roksnø: d.s.s. rennedrev
51. Skare: snø på bakken med hard overflate
52. Slaps (slass): ekstra våt sludd
53. Slette (slett, slatter, slat) : samme som sludd
54. Slettekave: snøkave med store og våte snøflak
55. Sludd: fall av våt (regnblanda) snø
56. Smaladrepar: vått snølag som frys og dekkjer til beitet slik at smalen (småfeet) ikkje får mat
57. Snø (snjo, sny o.l.)
58. Snøbre: snø som ligg i fleire år
59. Snøbus: kraftig snøfokk
60. Snødett: eit lite snøfall
61. Snødrev (snødrift)
62. Snøfall
63. Snøfar: særs tynt lag med snø
64. Snøfille: større snøfnugg
65. Snøflak
66. Snøfnugg
67. Snøfokk
68. Snøføyke: mindre enn snøfokk
69. Snøfån: særs tynt snølag
70. Snøgopel: sørpe
71. Snøgov (-gauv): snøfokk
72. Snøgraut: sørpe
73. Snøgrim: fin snø med veik vind
74. Snøgrop: sørpe
75. Snøgyrje: sørpe
76. Snøhela: særs tynt snølag
77. Snøhim: særs tynt snølag
78. Snøhære: lett, tynt snøfall
79. Snøkav
80. Snøkjerring: særs stort snøfnugg
81. Snøklett: ganske stort snøfall
82. Snøkreist: snøfnugg som fell spreidd i halvklart vêr
83. Snøkyng: tett snøfall
84. Snøravl: tynt snøfall
85. Snørid: hardt snøver
86. Snørók
87. Snøskav: d.s.s. Jordfok
88. Snøskavl: snøfonn med kvass rygg
89. Snøskrimsel: ekstremt tynt snølag som nesten ikkje synest
90. Snøskute: innhol snøskavl som heng utover
91. Snøstorm
92. Snøvêr
93. Snøæke: samanblåsen fonn t.d. i eit fjellskar
94. Sor: blanding av snø og vatn, sørpe
95. Sporsnø
96. Stolpesnø: snø ein ikkje kan gå normalt i, men må „stolpa“, d.e. stabba
97. Sørpe(snø): vassblanda snø på bakken
98. Tørrsnø: snø som ikkje er kram
99. Uppstøding: snø med sterk skare som kan bera ein person
100. Vodl: d.s.s. sørpe

2 kommentarer: