tag:blogger.com,1999:blog-53844378877406245582024-02-19T05:55:21.865+01:00Index NorvegicaUnknownnoreply@blogger.comBlogger48125tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-3099766596471060672010-09-06T19:09:00.005+02:002010-09-06T19:43:42.500+02:0022 Noregsrekordar frå RomsdalDistriktet Romsdal omfattar kommunane Aukra, Fræna, Midsund, Molde, Nesset, Rauma, Sandøy og Vestnes. Bortsett frå Midsund er alle desse kommunane her representert med minst ein Noregsrekord kvar.

1. Størst I: Det som til no er landets største anleggsleir vart bygd på Nyhamna i Aukra i samband med ilandføringa frå gassanlegget Ormen Lange. Leiren gav hus til 2500 arbeidarar.

2. Størst II: Den største arkeologiske utgravinga som nokon gong er blitt gjort her i landet, vart gjennomført i Nyhamn på Gossen i Aukra 2003-04 i forkant av Ormen Lange-utbygginga. 123 personar var involvert i prosjektet, som omfatta 32 undersøkte lokalitetar og der det vart samla inn over 320 000 ulike arkeologiske gjenstandar, dei aller fleste av dei frå den eldste steinalderen her i Noreg. Ein del av funna er heile 11200 år gamle, og dette er mellom dei eldste spora me har etter nordmenn (Kjelde: NTNU Trondheim).

3. Størst III: Verksemda Hustadmarmor i Elnesvågen i Fræna er verdas største leverandør av kalksteinspigment (kalksteinsslurry) til papirindustrien. Firmaet produserer flytande marmor som vert nytta både i papiroverflata og som fyllstoff (Kjelde: NGU; Hustadmarmor AS).
4. Størst IV: Landets største tre, målt i volum, skal vera ei sitkagran som står på Kviltorp i Molde kommune. Treet er på 23 kubikkmeter, noko som svarar til volumet av 35 velvaksne grantre (Kjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune).

5. Størst V: Det største historiske fjellskredet i Noreg er Tjelleskredet i Langfjorden i Nesset kommune i mars i 1756, som involverte omtrent 15 mill m³ (ca 40 mill. tonn) fjellmasse. Raset førte til flodbølgjer som var over 50 meter høge. 32 menneske omkom i dette raset (Kjelde: NVE).

6. Størst VI: Vågstranda i Rauma skal ha den største brakkvasspollen i Norden. Det er her tale om eit innelukka sjøbasseng som inneheld ei blanding av saltvatn og ferskvatn. Denne pollen er godt eigna for oppdrett av østers. Ein annan slik poll med østersoppdrett ligg i Tysnes i Hordaland.

7. Nordlegast I: Europas nordlegaste sanddyner med marehalm finn ein i Hjertvika i Aukra (Kjelde: Verdens natur nr. 1 – 2003).

8. Nordlegast II: Verdas nordlegaste sanddyner (av sørleg type) finn ein ved utløpet av Farstadelva i Fræna. Den sørlege typen er det me til vanleg forstår med sanddyner: laus, kvit flygesand med marehalm. Det ser likevel ikkje ut til å veksa marehalm i Fræna. Nordgrensa for marehalm går i Aukra (sjå ovafor) (Kjelde: Verdens Natur nr. 1 – 2003).

9. Nordlegast: I Molde finn ein landets nordlegaste veksestad for barlind.

10. Sørlegast: Ona i Sandøy er det sørlegaste fiskeværet i Norge med fast busetnad. Øya har i dag om lag 30 innbyggjarar, medan det like etter andre verdskrigen var heile 370 fastbuande på Ona. Her ligg også det freda Ona fyr, med eit av landets eldste støypejarnstårn.

11. Først I: Første gongen eit båtforlis vart overført direkte i media var natt til sundag 3. april 1938, då D/S Rokta gjekk på grunn under ein orkan og sokk utanfor Bjørnsund i Fræna. Redningsaksjonen vart dekka fortløpande med utgangspunkt i den vesle Rindarøya i Aukra. På grunn av veret kunne ikkje redningsmannskapet ta seg fram til Rokta og ta om bord dei av mannskapet som var att før eitt døgn etter forliset. Det er reist eit monument over denne hendinga på Rindarøya med utsikt til Gallerskjera der forliset fann stad.

12. Først II: Landets første jordmorutdanning vart skipa til i Molde i 1789, med stadsfysikus Matthias Joachim Goldt som lærar. Før dette vart jordmorutdanninga teken i København, noko som vart etter måten dyrt. Kurset ved jordmorskulen i Molde varde i 4-6 månader, men etter 8 år hadde berre 2 jordmødrer utdanna seg hjå Goldt (kjelde: Statsarkivet i Trondheim).

13. Først III: Det som vert rekna for den første ordinære bussruta her i landet, vart starta av Aarø Automobilselskap den 12. mai 1908 av av Johan Olsen Aarø (1881-1913). Selskapet hadde base i Årø utanfor Molde, og bussruta vart driven mellom Molde og Batnfjordsøra, ei strekning på 36 kilometer.

14. Først IV: I den vesle bygda Isfjorden i Rauma kan ein finna opphavet til den norske konfeksjonsindustrien. Her dreiv ein med ferdigproduksjon av klede allereie på 1860-talet. Marknaden var fiskarar oppover langs nordlandkysten, og syinga gjekk frå først av føre seg i heimane i Isfjorden. Denne verksemda, som vart kalla Nordlandshandelen, la grunnlaget for ei eventyrleg utvikling av konfeksjonsindustrien i Romsdal. Fleire fabrikkar vart grunnlagde, m.a. Oddfred Tokles Konfeksjonsfabrikk i Isdalen, som i dag inneheld eit konfeksjonsmuseum (Kjelde: Romsdalsmuséet).

15. Einaste I: Fræna er heimkommunen til Noregs einaste dumpers-produsent, Moxy Trucks AS. Verksemda vart starta i 1974 av Birger Hatlebakk, som også grunnla Glamox-konsernet. Idag (2008) er Moxy overteke av det koreanske konsernet Doosan under namnet Doosan Moxy AS.

16. Einaste II: TINE Midt-Norge Tresfjord i Vestnes kommune er det einaste norske meieriet som produserar osteslaga Ridderost og Port Salut.

17. Sist: Det siste riksrådmøtet her i landet vart halde i Bud i Fræna i 1533. Riksrådet var ei rådgjevande forsamling som var sett saman av dei mest framståande adelsmennene og geistlege i landet. Riksrådet hadde stor makt som rådgjevande forsamling for kongen og som regjering i dei tilfella kongen framleis var umyndig. Riksrådsmøtet i Bud var leidd av Noregs siste erkebiskop, Olav Engelbrektsson, og skulle ta stilling til kven som skulle overta kongemakta etter at kong Fredrik I var død. Tanken var på ny å prøva få sett inn ein eigen norsk konge. Dei kom ikkje til noka semje, og i 1536 sette den nye danskekongen, Christian 3, ein endeleg stopp for fleire norske riksråd. Ein kan såleis seie at forsamlinga i Bud var ein siste freistnad på på å få til norsk sjølvstende før 1814.

18. Eldst I: Jazzfestivalen i Molde, Moldejazz, er den eldste i landet og ein av den eldste i Europa. Festivalen vart opna for første gong 4. august 1961. Berre jazzfestivalen i Ljubljana, Slovenia og den franske jazzfestivalen i Juan-les-Pins, Jazz à Juan, er eldre. Begge desse vart arrangerte for første gong i 1960.

19. Eldst II: På Tiltereidet i Nesset kommune finn ein restane etter landets eldste daterte myrbru eller kavlveg. Han er 300 meter lang og skal ha vore i bruk mellom år 500-1300 e. Kr. Kavlvegar var laga av stokkar som var lagde på tvers over myrane for at folk skulle komma seg rimeleg tørrskodde over.

20. Eldst III: Hotel Aak på Åndalsnes i Rauma vert rekna som det eldste turisthotellet i Noreg. Det vart restaurert i 1998, då det vart lagt ein ny fløy til det gamle hotellet.

21. Høgast I: Noregs, og kanskje Europas, høgaste loddrette fjellvegg, Trollveggen, ligg i Rauma kommune. Han har eit fall på 1100 meter på det høgaste. Trollveggen er ein populær stad for klatrarar og var tidlegare ein kjend stad for basehopping, før eit forbod sette ein stopp for denne aktiviteten i 1986.

22. Høgast II: Mongefossen i Rauma toppar ofte listene over Noregs høgaste fossar når ein rangerer dei som kjem ned i eitt fall. Fossen har eit fall på 773 meter, der han i 300 meter av desse fell fritt. Mongefossen er regulert og er tørrlagd i deler av året.Unknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-64268852685313222472010-09-05T11:06:00.004+02:002010-09-05T11:28:04.404+02:0020 namn som høver til yrketSøkjer ein på Internett vil ein finna fleire lister over norske menn og kvinner der namn og yrke ser ut til å gå hand i hand. Nokre av desse namna har nok mest preg av å vera vandrehistoriar utan faktisk grunnlag. Derfor har eg prøvd å plukka ut 20 namn som skal skriva seg frå faktiske personar. Men eit visst atterhald må nok også eg ta. Ver også merksam på at ein god del av desse personane ikkje lenger sit i dei nemnde yrka.

1. Bakarmeister Skorpen, Alta. Det finst faktisk for tida to bakarar med etternamnet Skorpen ved Skorpens bakeri i Alta.
2. Eks-banksjef Tor Gullhav (i Sparebanken Nord-Norge)
3. Eks-brannmester Svihus, Stavanger.
4. Brannsjef Lae Brenne, Namdalen
5. Byggmeister Vindskei
6. Jordbærbonde Dyre Karterud
7. Kiropraktor Torleif Trykkerud, Skien
8. Ivar Ullebust, tidlegare direktør for Gjesdal Spinneri
9. Jon Olav Drogset, tidl. leiar i Norsk Idrettsmedisinsk Forening og har hatt ansvaret for fleire dopingkontroller.
10. Doktor Jan Leversund, Bremnes
11. Drosjeeigar Henrik Rath
12. Frøhandlar E. Knoph, Stavanger
13. Lyspærefabrikksjef Lampe, Drammen. Tidl. sjef for Osram fabrikkar.
14. Porselenshandlar Max (Maximillian) Kopp, Oslo. Direktør for denne familibeverksemda er idag Hans Kopp.
15. Tannlege Holtan, Sandnes. På ein del nettsider over artige personnamn er namnet på denne tannlegen skrive med dobbel-n (Holtann) for å gjera det ekstra morosamt.
16. Tannlege Einar Røskeland, Oslo
17. Tannlege Harald Fylling, Valderøy
18. Veterinær Rita Kylling, Drammen
19. Røyrleggjar Avløp
20. Vaktmeister SkolegårdenUnknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-9732819438763450062010-09-05T10:11:00.004+02:002010-09-05T10:50:42.547+02:00100 norske ord for snøEi kjend og gammal språkleg legende går ut på at inuittane (eskimoane) på Grønland har 100 ulike ord for snø (eg har sett dette tallet variera mellom 50 og 500). Dette er ein påstand som har blitt nytta for å få fram eit viktig antropologisk poeng når det gjeld inuittane: Dei lever i ei verd av snø, derfor treng dei mange variantar av ordet for å kunna uttrykkja seg presist om noko som er ein så viktig del av kvardagen deira. Desse orda skulle då skildra snø i ulike variantar: fallande, liggjande, kornut, kram osb.

Det er ei viss kjerne av sanning i dette. Inuittane kan omtala ulike typar snø på eit rimeleg raffinert vis, men ofte ved å nytta samansetjingar eller fleire ord. Det vert også ofte hevda at eskimoisk (og samisk) har fleire usamansette snø-ord enn dei fleste andre språk. Eg det så nokon vits i å laga eit poeng av dette? Knapt. Det er nemleg slik at for kvart av desse grønlandske snø-orda finst det eit tilsvarande norsk. Dersom ein ser på den følgjande lista, oppdagar ein i tillegg fleire usamansette element (borr, sludd, firn, fjauter) som i talet nok kan måla seg med språket til inuittane. Det same gjeld nok for dei fleste språka i dei nordlege områda. Både i engelsk, russisk og samisk vil ein nok kunna finna ei tilsvarande mengd med ord for snø.

Det er nok ikkje vanskeleg å grava fram fleire enn dei hundre norske orda som er lista opp her. Oversikta byggjer for ein stor del på Ivar S. Ertesvåg si nettside med norske snøord (folk.ntnu.no/ivarse/snjoord.html).

1. Avrange: blaut snø som er frosen til
2. Blautsnø, våtsnø
3. Blåstøde: snø som er full av vasspyttar
4. Borr: kornsnø
5. Bræne: snøskorpe på kanten av fjella
6. Dape, dapekave: blanding av snø og regn
7. Djupsnø
8. Drivsnø: samanfoken snø
9. Eitersnø (eitresnø): snø med fnugg som er særs små og kornute, som små hagl
10. Fauker: snø som fell med einskilde spreidde flak
11. Finsnø
12. Firn: årsgammal snø
13. Fjautr: snø med tørre, lette flak
14. Fjom, fjon (snø-)
15. Fjorsnø
16. Flekkesnø
17. Flinte (snø-): større snøfnugg
18. Flissnø: tørr, lett snø
19. Floke (snø-): større snøfnugg
20. Flukse (snøflukse, -flysse, -flykse): større snøfnugg
21. Folge (snø-) : tynt lag av snø
22. Fonn (snøfonn, - fane, - fann)
23. Halvgote: blanding av snø og regn, sludd
24. Hardang: snø som først har vore blaut og deretter har frose
25. Heideskav: lett snø som driv spreidd, truleg samme ordet som nedanfor
26. Heiske: lett snø som fell i nesten klart ver
27. Himmelsfok: hardt snøvêr som kjem ovanfrå (jfr. jordfok)
28. Iming: D.s.s. fjautr
29. Ising: mellomting mellom snø og is
30. Jordfok: snø som vert driven opp frå bakken
31. Jøkleføre: nysnø med isskorpe
32. Jøkul: snøbre, isbre
33. Kaldsnø: laus og tørr snø på bakken
34. Kjellføre: føre med djup og fast snø, djup nok til å køyra over steinurer og myrar
35. Klabbesnø
36. Kornsnø
37. Kovdam: tjukk luft med snø
38. Krap el. krav: små klumpar av is eller snø, også skorpe av snø på vatn
39. Kremme: kram snø
40. Lavsnø: snø på tregreiner
41. Laussnø
42. Mjell(snø): laus og tørr snø på bakken
43. Mylsnø: snø som først har vore frosen og så blitt knust
44. Nysnø
45. Pudder(snø)
46. Pulversnø
47. Raunsveig: snø på tregreiner
48. Rekkjingssnø: sporsnø
49. Rennedrev: snø som driv
50. Roksnø: d.s.s. rennedrev
51. Skare: snø på bakken med hard overflate
52. Slaps (slass): ekstra våt sludd
53. Slette (slett, slatter, slat) : samme som sludd
54. Slettekave: snøkave med store og våte snøflak
55. Sludd: fall av våt (regnblanda) snø
56. Smaladrepar: vått snølag som frys og dekkjer til beitet slik at smalen (småfeet) ikkje får mat
57. Snø (snjo, sny o.l.)
58. Snøbre: snø som ligg i fleire år
59. Snøbus: kraftig snøfokk
60. Snødett: eit lite snøfall
61. Snødrev (snødrift)
62. Snøfall
63. Snøfar: særs tynt lag med snø
64. Snøfille: større snøfnugg
65. Snøflak
66. Snøfnugg
67. Snøfokk
68. Snøføyke: mindre enn snøfokk
69. Snøfån: særs tynt snølag
70. Snøgopel: sørpe
71. Snøgov (-gauv): snøfokk
72. Snøgraut: sørpe
73. Snøgrim: fin snø med veik vind
74. Snøgrop: sørpe
75. Snøgyrje: sørpe
76. Snøhela: særs tynt snølag
77. Snøhim: særs tynt snølag
78. Snøhære: lett, tynt snøfall
79. Snøkav
80. Snøkjerring: særs stort snøfnugg
81. Snøklett: ganske stort snøfall
82. Snøkreist: snøfnugg som fell spreidd i halvklart vêr
83. Snøkyng: tett snøfall
84. Snøravl: tynt snøfall
85. Snørid: hardt snøver
86. Snørók
87. Snøskav: d.s.s. Jordfok
88. Snøskavl: snøfonn med kvass rygg
89. Snøskrimsel: ekstremt tynt snølag som nesten ikkje synest
90. Snøskute: innhol snøskavl som heng utover
91. Snøstorm
92. Snøvêr
93. Snøæke: samanblåsen fonn t.d. i eit fjellskar
94. Sor: blanding av snø og vatn, sørpe
95. Sporsnø
96. Stolpesnø: snø ein ikkje kan gå normalt i, men må „stolpa“, d.e. stabba
97. Sørpe(snø): vassblanda snø på bakken
98. Tørrsnø: snø som ikkje er kram
99. Uppstøding: snø med sterk skare som kan bera ein person
100. Vodl: d.s.s. sørpeUnknownnoreply@blogger.com13tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-78153528171646507682010-09-03T19:09:00.005+02:002010-09-03T20:11:16.464+02:0025 Noregsrekordar frå RyfylkeRogalandsdistriktet Ryfylke omfattar kommunane Finnøy, Forsand, Hjelmeland, Kvitsøy, Rennesøy, Sauda, Strand og Suldal. Alle desse kommunane er representerte nedanfor med minst ein Noregsrekord.

1. Størst I: Finnøy er landets største tomatkommune med ein årsproduksjon på over 4000 tonn. 38 % av det samla dyrkingsarealet for tomat ligg under glas i Finnøy kommune (2009) (Kjelde: Finnøy Tomatfestival).

2. Størst II: Noregs største småbåtreiarlag, L. Rødne & sønner, ligg på Kyrkjøy i Finnøy kommune. Det vart grunnlagt i 1956. I dag rår firmaet over 15 båtar, 12 av desse er snøggbåtar som driv ulik skyssverksemd og sightseeing (Kjelde: L. Rødne og sønner).

3. Størst III: Verdas største jærstol står plasert like ved ferjestøa i Hjelmelandsvågen i Hjelmeland kommune. Han vart laga på dugnad av møbelfabrikken Aksel L. Hansson AS, som masseproduserer desse stolane, og to mindre lokale møbelprodusentar i 1999. Han skal vera 4 meter høg. Jærstolane er laga på ei ramme av tre med fletta siv til sete, og er eit tradisjonelt Hjelmelandsprodukt. Det noko misvisande namnet kjem truleg av at sivet til produksjonen vart henta frå Jæren. Denne stoltypen finst mange stader i verda, og er ikkje uvanleg i områda kring Middelhavet. Kommunevåpenet til Hjelmeland framstiller flettverket i setet på jærstolen.

4. Størst IV: Landets største tomatpakkeri (Rennesøy Tomat og Fruktpakkeri) ligg på Østhusvik i Rennesøy.

5. Størst V: Fiskå Mølle i Strand er landets største private kraftfôrkonsern. Berre Felleskjøpet er større.

6. Størst VII: Strand kommune har landets største produsent av juletre (kjelde: Strand kommune).

7. Størst VIII: Førrevassdammen på grensa mellom Suldal og Hjelmeland er Noregs største betongdam. Han er 80 m høy, og har ei lengd på 1,3 km. Ved utbyggjinga vart det nytta nesten 255 000 m3 betong (Kjelde: Energibedriftenes Landsforening).

8. Størst IX: Landets utan tvil største pukkverk vert drive av Norsk Stein på Jelsa i Suldal. Her vert det teke ut 4 millionar tonn stein årleg.

9. Først I: Det var i Finnøy at ekkolodd vart nytta for første gong i samband med fiske. Det var fiskaren Reinert Bokn frå øya Sør-Bokn som tok dette hjelpemidlet i bruk i 1934 (Kjelde: Øyposten 30.04.2009).

10. Først II: I 2006 vart verdas første hummerfabrikk grunnlagt på Kvitsøy. Det er firmaet Norwegian Lobster Farm som satsar på landbasert oppdrett av porsjonshummar. Selskapet er førebels det einaste i verda som driv med eit slikt oppdrett av hummar. Kvitsøy har elles lange tradisjonar med fangst, eksport og sjøbasert klekking av hummar (Kjelde: Norwegian Lobster Farm).

11. Først III: Landets første bedehus skal ha vore Strand bedehus som vart bygd ved Strand kyrkje i 1837. Det er planar om å rekonstruera dette bedehuset (Kjelde: Strand Historie- og Ættesogelag).

12. Først IV: Erik Erikson Bråtveit (1896 – 1972) frå Suldal vart historisk då han vart landets første blinde student i 1921. Etter at han hadde teke teologisk embetseksamen i 1927, vart han også landets første blinde prest. Det skulle likevel gå ei tid innan han fekk eit presteembete, grunna ei gammal forordning frå Christian 5. si tid, som sa at ein prest skulle vera «legemlig lytefri». Men etter kvart gjekk departementet med på å gje dispensasjon frå dette, og biskop Lunde skaffa Bråtveit eit vikariat i Asak kyrkjelyd i Berg sokn. Der vart han så omtykt, at då den faste stillinga vart utlyst, vart han tilsett. Denne stillinga heldt han på i 35 år, like til han gjekk av for aldersgrensa. Han vart heidra med Kongens fortenestemedalje i gull.

13. Einaste I: Landets einaste undersjøiske vegkryss ligg under Talgjefjorden i Finnøy. Det er Finnfast-tunnellen (opna 30.10.2009), som knyter saman Rennesøy og Finnøy, som har fått lagt inn eit vegkryss med ein 1,5 km avstikkar til øya Talgje (Kjelde: Stavanger Aftenblad).

14. Einaste II: Landets einaste rekonstruerte oldtidslandsby, Landa, ligg på Forsandmoen i Forsand. Her er det attreist tre større bygninger etter mønster frå bronsealderen (ca. År 1000 f. Kr.), i tillegg til eit lagerhus. Dette kom som eit resultat av Noregs største arkeologiske utgravning (1980-1994), som dessutan avdekte spora etter landets største samling av oldtidshus, 250 i alt. Dette er fleire enn det som tidlegare var blitt undersøkt i heile Noreg.

15. Einaste III: Førredalen i Hjelmeland er den einaste norske voksestaden for planten skredmjelt. Her veks han på skiferhaldige rasmarker, og er elles berre kjent frå Skottland. Miljøverndepartementet har plukka ut denne sjeldne planten til å vera Hjelmeland kommune sin ansvarsart, og han er naturlegvis freda (kjelde: Miljøvern-departementet).

16. Einaste IV: Noregs einaste bevarte kloster frå mellomalderen, Utstein kloster, ligg på Klosterøy, som er den vestre delen av Mosterøy i Rennesøy kommune. Klosteret vart grunnlagt som augustinarkloster i om lag 1164 og var vigd til St. Laurentius.

17. Einaste V: Tau Mølle i Strand kommune er einaste norske produsent av puffa ris, havre og kveite.

18. Flest I: Øykommunen Finnøy er sannsynlegvis den kommunen i landet som har flest busette øyer, i alt 16. Følgjande øyer er registrert med fast busetnad: Finnøy, Sør-Talgje, Fogn, Sør-Bokn, Måløy, Byre, Halsnøy, Ombo, Nord-Hidle, Bjergøy, Aubø, Eriksholmen, Kyrkjøy, Tjul, Nord-Talgje og Helgøy.

19. Flest II: Hjelmeland er den kommunen i landet som har suverent flest av sine innbyggjarar som medlemmar i Den norske Turistforening. Heile 12% av hjelmelandsbuane har meldt seg inn i DNT.

20. Lengst: Noregs (og verdas?) lengste trapp går frå Fløyrli i Lysefjorden (Forsand) og 780 meter opp til ei demning som ein gong i tida forsynte Stavanger med kraft. Trappa skal vera på 4444 trinn (Kjelde: Forsand kommune).

21. Høgast: Europas høgaste foss, målt i fritt fall, skal i følgje World Waterfall Database, vera Kjeragfossen i Forsand. Han har ei høgd på 715 meter, men fossen har ofte særs lita vassføring og kan stundom også tørka heilt opp. Av den grunn er det ikkje alle som tek Kjeragfossen med på listene over norske fossar.

22. Minst: Kvitsøy er den minste kommunen i landet i areal (6,16 km²).

23. Sørlegast: Noregs sørlegaste isbre er ein liten bre på fjellet Skaulen mot Heiabotn i Sauda (Kjelde: Stavanger Turistforenings Årbok 1997).

24. Nordlegast: Den nordlegaste utandørs palmehagen i verda ligg på øya Sør-Hidle i Strand. Det er tropehagen Flor og Fjære som har greidd å dyrka fram desse palmane i tillegg til ei mengd andre eksotiske vokstrar.

25. Høgast: Oddatjørndammen i Suldal er med sine 142 meter Noregs høgaste steinfyllingsdam.
Unknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-26132010521469174622010-09-02T19:12:00.004+02:002010-09-02T19:28:40.126+02:0045 norske eufemismar for alkoholEin eufemisme er eigentleg eit ord eller ei formulering som vert nytta for å pynta på uttrykk som i visse situasjonar kan oppfattast som vulgære eller upassande. Såleis kan ein i visse høve nytta nemningar som «vondemannen» for Djevelen eller «veslekaren» for penis. I mange høve kan desse erstatningsorda bli meir fargerike enn orginalen og gjer såleis språket rikare på den måten at dei skapar fantasifulle synonym. Ofte kan difor eit ønske om meir variasjon i språket vera hovudårsaka til at slike eufemismer vert nytta.

Det ser ut til at det har vore eit særskilt stort behov for å laga erstatningsord for alkohol. Dette kan nok skuldast det norske folket sitt noko ambivalente tilhøve til dette rusmiddelet opp gjennom tidene, der det å ønska å «ta seg ein liten ein» medan den svært så edruelege tante Agathes høyrer på lett kan virka forsonande på stemninga. Men vel så gjerne kan årsaka vera at fantasien får friere tøyler med ein liten klunk innanfor vesten.

Lista inneheld ein del ord henta frå Tone Tryti si bok om Norsk Slang frå 1984. Det finst også ei nyttig ordliste med alkoholslang på nettet (www.bks.no/slang.htm#Alkohol) som eg har nytta meg av. I tillegg har jeg nytta fleire munnlege kjelder.

1. Eldvatn
2. Kaffidoktor
3. Klunk
4. Hivert
5. Noko å skylja halsen med
6. Svarte svin (helst om flasker med alkohol)
7. Sprudelwasser, eller sprudlevatn
8. Vaksenbrus
9. Ein skarp ein
10. Ein stiv ein / ein stivert
11. Snabelstoff / snabelvatn
12. Rugg
13. Oppstivar
14. Ein tår for tørsten
15. Ein dråpe
16. Munnvatn
17. Pjalle
18. Litt bakteriedrepande væske
19. Ein i den eine foten/den andre foten
20. Drivstoff
21. Morobrus
22. Ein liten ein
23. Ein liten kvessar
24. Pokal
25. Angstfordrivar
26. Angstutsetjar
27. Pinne
28. Støyt
29. Hikkas / pillehikkas
30. Gurglevatn
31. Jodlevatn
32. Snøvlevatn
33. Skravlevatn
34. Pappabrus
35. Slalåmbrus
36. Tenkevatn
37. Vinglevatn
38. Rauvrivar

Dei følgjande er oftast spesielt nytta om heimebrent:
39. Heimebakst
40. Svingstangbrus
41. Plankesaft (eigentleg om tresprit?)
42. Krukkesaft
43. Hestesaft
44. Flybensin
45. TurboUnknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-83384018575515531172010-09-01T19:00:00.002+02:002010-09-01T19:30:06.759+02:00Kronologisk liste over norske meteorittarEin meteoritt er ein stein som har ramla ned frå himmelen. Men først har han vandra ei tid gjennom verdsrommet som ein såkalla meteoride, ein større eller mindre partikkel av stein eller jern. Dersom ein slik meteroride kjem inn i atmosfæren vil han starta å lysa grunna luftmotstanden og vert då kalla ein meteor. Dei fleste meteorane brenn opp før dei når Jorda og kan sjåast som eit stjerneskot eller ei større eldkule. Men nokre få meteorar er så tunge og store at dei når bakken før dei er oppbrende. Desse steinane kan finnast att som såkalla meteorittar.

Slike meteorittar er det blitt funne få av her i Noreg, i alt 14. Her kjem ei kronologisk liste over dei norske meteorittane.

1. 1848 Ski (0.850 kg. Steinmeteoritt)
Ein vinterdag i 1848 fekk folk i Ski fekk sjå ein opplyst himmel og like etter hørte dei eit kraftig smell. Det vart sett i gang leiting etter det som tydelegvis hadde kome ned frå himmelen. Ikkje lenge etter vart det funne ein steinmeteoritt på isen i ein bekk. Etter det folk fortalde, var han då vorten kroppsvarm.

2. 1884 Tysnes (21.7 kg. Steinmeteoritt)
Dette er den største steinmeteoritten som er funnen i Noreg. Han vart observert på himmelen som ei stor eldkule, og kona som fann han fekk eit tilbod om kr. 25 for han av ein amerikanar. Sidan dette var rimeleg mye pengar på den tida, slo ho til. Då distriktslegen høyrde om dette, fekk han henne til å gjera salet om, slik at meteoritten kunne sendast til Kristiania for å undersøkast.

3. 1892 Skjåk (2.75 kg. Jernmeteoritt)
Meteoritten vart funnen i Morradal av ein mann som først trudde han hadde kome over ein klump med verdifull malm. Etter at distriktslegen hadde sendt steinen inn til nærare gransking, synte det seg at det her var tale om den einaste jern-meteoritten som til no er oppdaga her i landet.

4. 1898 Gloppen (0.1 kg. Steinmeteoritt)
Denne vart funnen på Mjelleim i Gloppen av to gutar som høyrde då han fall. Etter litt leiting fann dei han i snøen, enno varm.

5. 1902 Alta (78.67 kg. Stein-jernmeteoritt)
Noregs største meteoritt. Dette vert ofte kalla Alta-meteorittene, sidan det eigentleg var snakk om to meteorittar med same opphav. Truleg har bitane skilt lag før dei slo ned. Den store meteoritten på 78,67 kg vart seld til Tyskland, mens den minste biten er deponert i Bergen Museum. Det vart også spekulert i om eit meteoritt-fragment som er funne i Finland også stammar frå den same meteoren.

6. 1927 Trysil (0.64 kg. Steinmeteoritt)
Denne vart funnen i 3 bitar etter at han var blitt observert på himmelen som ein lysande hale med ei røyksky frå eit område på fleire kilometer. På svenskesida av grensa vert det fortald at vindaugsruter vart knuste då han kom inn i atmosfæra.

7. 1928 Kragerø (0.246 kg. Steinmeteoritt)
Meteoritten vart funnen på Otterøy ved Kragerø. Folk skal ha høyrd at han slo ned.

8. 1942 Rana (0.254 kg. Steinmeteoritt)
Denne vert ofte kalla Pollenmeteoritten, sidan han vart funnen i Pollen i Nordsjona, Rana (tidl. i Nesna kommune), den 6. april 1942. Dette var første gongen at eit meteorittfall vart sett i Norge. Meteoritten fall ned like ved ein bonde i Pollen og låg og freste i snøen då han vart funnen. Det andre observerte meteorittfallet var i Moss 2006 (s.d.).

9. 1950 Tromøy (nå Arendal) (0.357 kg. Steinmeteoritt)
Finnaren høyrde at meteoritten fall om ettermiddagen den 9. april 1950 på Lofstad på Tromøy i Aust-Agder. Dette kan vera noko av det næraste eit menneske har vore frå å bli treft av ein meteoritt her til lands, sidan finnaren oppdaga meteoritten berre 25 meter frå der han stod.

10. 1976 Mjøsa, på isen (0.046 kg. Steinmeteoritt)
Denne meteoritten vert gjerne kalla Grefsheim-meteoritten, sidan han vart funnen på Mjøsisen i nærleiken av Grefsheim gard, ca 1 km frå stranda. Denne vesle meteoritten hadde blitt delt opp i 8-10 mindre bitar då han trefte Mjøsa, og desse kunne Mineralogisk-Geologisk Museum setja i hop til ein meteoritt-stein med diameter 5 cm.

11. 1978 Leikanger (1.513 kg. Steinmeteoritt)
Meteoritten vart funnen 22. juli 1978 av ekteparet Liv og Knut Eldholm. Dei var på tur i fjellet nord for Leikanger ved Sognefjorden, der dei tok med seg ein stein dei tykte verka underleg og uvanleg mørk. Steinen låg ved foten av Myrdalsbreen i 1420 meters høgd, og har truleg landa mjukt i snøen på breen. Han var nemleg like heil og har nok følgd breen gjennom mange år til han til sist nådde brekanten grunna avsmeltinga.

12. 1992 Gaular (0.470 kg. Steinmeteoritt)
Denne vart funnet den 4. juli 1992 av Steffan og Oddmund Hatlestad, på fjellet ved Viksdalen i Sogn og Fjordane. Dette er den einaste såkalla akondritten som hittil er funnen i Noreg. Desse er særs sjeldne, og kan i nokre tilfelle faktisk stamma frå Månen eller Mars. De vanlegaste steinmeteorittene vert kalla kondrittar sidan dei inneheld såkalla kondrular, millimeterstore kuleforma lekamer som består av minerala olivin og pyroksen. Akondrittene inneheld ikkje desse små kulene.

13. 2001 Gloppen (0.715 kg. Steinmeteoritt)
Rypejegeren Jan Erik Mardal fann denne meteoritten på fjellet Svartekari ved Sandane i Sogn og Fjordane.

14. 2006 Rygge (0.035 kg) og Moss (0.75 og 0,676 kg. Steinmeteoritter)
Den 14. juli 2006 kunne ein over dei sør-austlege delane av Østlandet observera ei enorm eldkule på veg mot bakken. Bussjåfør Ragnar Martinsen høyrde også desse drønna, då han sat på utedoen på hytta si i Rygge. Då han like etter forlet doen, høyrde han ein susande lyd, og ein liten stein trefte ei bølgeblekkplate nokre få meter frå han. Det synte seg at det var ein bit av ein meteoritt som tydelegvis hadde blitt delt opp i fleire fragment over eit større område, for eit par dagar etterpå vart det også funne eit stykke på 0,75 kg i ein hage nær Moss. Denne hadde kuttet tre greiner av eit plommetre før han tok bakken. Litt etter vart det også oppdaga at taket på lagerbygget til UNIL på Solgård skog hadde byrja å leka og eit firma vart leigd inn for å tetta det. Det vart funne et hol i taket og ein svart meteorittstein nede i isolasjonen. Dette nedslaget og eksemplet frå Rygge er dei første tilfella der meteorittar har treft noko menneskeskapt her til lands.

Kjelder:
Nettsidene til Universitetet i Trondheim og Oslo
Nettsidene til Bilet Geoimport - GEOTOP (www.geotop.no)
Astronomiforeningen i Agder: Referat frå møte 19.4.05Unknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-51215170901754422562010-08-31T19:00:00.004+02:002010-08-31T19:25:19.959+02:0014 Noregsrekordar frå NordfjordNordfjord er omfatta av kommunane Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal, Stryn og Gloppen. Kommunen Bremanger ligg både i Nordfjord og Sunnfjord og er teken med under sistnemnde. Alle desse kommunane er representerte nedanfor med minst ein Noregsrekord.

Størst I: Verdas største ho-laks av den nordatlantiske laksestamma vart teken i Eidselva (Eid kommune) den 22. mai 1944 av Martin Hjelle. Laksen vog 27,6 kg.

Størst II: Ervik Havfiske A/S i Selje er landets største fiskeriverksemd som driv med autolinefangst. Ei autoline er ein fiskeline der agna vert sett på automatisk.

Størst III: Ullvarefabrikken Indvikens Uldvarefabrik i Innvik i Stryn er den største industribygninga i tre her i landet (2862 m²).

Størst IV: Den største naturkatastrofa i nyare tid var raset i Loen i Stryn den 13. september 1936. Då løysna eit fjellstykke på 1 million kubikk frå Ramnefjell og rasa ned i Loenvatnet. Flodbølgja sopte med seg alle gardane kring vatnet og 74 menneske omkom. Ei nesten tilsvarande ulukke skjedde på same staden i 1905. Den gongen gjekk 62 liv tapt. Det er elles ingen andre kommunar i Sogn og Fjordane der naturkatastrofar samla sett har teke fleire liv i historisk tid.

Størst V: Vågsøy er landets største fiskerikommune målt i verdien av ilandført pelagisk fisk (ca 450 mill. kr i 2008) (Kjelde: Tidsskriftet Fiskaren 05.02.2009).

Størst VI: Domstein-konsernet, som er eit av dei største fiskerikonserna i landet, bygde på 90-talet opp verksemda Domstein Pelagic i Måløy til å bli eit av dei største produksjonsselskapa for sild og makrell her i Noreg. I 2007 fusjonerte verksemda med fleire andre norske fiskeriføretak til føretaket Norway Pelagic som med dette vart det største selskapet for sild og makrell i heile verda. Hovudkontoret ligg i Måløy.

Nordlegast: Den nordlegaste freda edellauvskogen i Europa ligg i Flostranda i Stryn. Her finn ein også den største samanhengjande lindeskogen i Nord-Europa.

Først I: Landets første eksersisplass låg i Nordfjordeid (Eid kommune). Han vart lagt hit allereie i 1628.

Først II: Noregs eldste bygdeidrettslag, Eid idrettslag, vart stifta under namnet Eids Turnforening i 1863 (kjelde: Sogn og Fjordane fylkesleksikon på www.nrk. no)

Først III: Gloppen kommune var først ute med kunstig befruktning av storfe. Det var veterinær Bjørn Romundstad som gjorde dette forsøket på garden til Leif Sætre i Breim i 1962. Fem NRF-kyr vart inseminerte med djupfrosen sæd, og dette prosjektet vart mønster for bruken av kunstig befruktning rundt om i verda.

Først IV: Landets første forsøk med alpakka som husdyr vart gjort i Hornindal. Nyttårsaftan 2004 vart det importert 15 dyr til kommunen frå Chile. I dag (2009) driv Alpakka Norge i Hornindal avl med tanke på vidaresal av avlsdyr og apakka-ull (kjelde: Sunnmørsposten 3/1-2005 / Alpakka Norge).

Først V: Den første større kristninga av landet vårt gjekk føre seg på tinget på Dragseidet på Stadthalvøya (noverande Selje kommune) i 997. Då baud Olav Tryggvason bøndene i dei fire gamle fylka Sygna, Firda, Sunnmøre og Raumsdal å lata seg kristna, dersom dei skulle unngå å halda slag mot hæren hans. Sidan bøndene rekna overmakta for å vera for stor, tok dei såleis imot kristendommen under tvang.

Einaste: Fjordane Folkehøgskole i Nordfjordeid (Eid kommune) har landets einaste sirkuslinje og er nok det næraste ein kjem til ei eigentleg sirkusutdanning her i landet. Det er Sirkus Agora, som har basen sin i Nordfjordeid, som står bak denne utdanninga gjennom sirkusdirektør Jan Kjetil Smørdal.

Djupast: Kommunen Hornindal har gitt namn til Hornindalsvannet (delt med Eid kommune), som er Europas djupaste innsjø (514 meter). I 2006 vart det her teken opp ei røye på 510 meters djup, noko som naturlegvis gjer dette til den djupaste funnet av ferskvassfisk i Europa.

Eldst: Selje kloster på øya Selja er den eldste kristne heilagstaden og det eldste pilgrimsmålet her i landet. Dette er også landets eldste bispesete. Klosteret vart bygd i 1103 til minne om den irske kongsdottera St. Sunniva som dreiv i land her og som skal ha døydd som martyr på den same staden. I dag er det bare att ruinar av klosteret.

Unknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-71339959929153308162010-08-30T19:18:00.004+02:002010-08-30T19:58:36.542+02:009 alternative namn på norske byarDei fleste vil nok vita at Oslo gjennom ein del av historia (1624-1925) bar namnet Christiania (eller Kristiania). Fleire andre norske byar har i periodar vore kjent under andre namn. Her er ei liste på 9 alternative navn på 8 kjende norske byar. Veit du kva desse byane heiter i dag? Løysninga finn du her.

1. Lille-Fosen
2. Sarpsborg (!)
3. Bruberg
4. Fredrikshald
5. Borg
6. Fredriksvern
7. Hundholmen
8. Sandsvær
9. SandenUnknownnoreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-24989698231242959902010-08-23T19:18:00.003+02:002010-08-23T20:31:32.714+02:006 norske turistmål med eit overnaturleg pregHer er det tale om 6 turistmål som skil seg ut på den måten at dei som oftast kan vera umoglege å få auge på. Både ormen i Seljordsvatnet og spøkelset på Elingård let seg sjeldan observera, og av oppføringane i denne lista det er vel berre UFO-ringen i Espevær og poltergeist-steinen frå Brennsetra som er handfaste kulturminne. No er i alle høve Seljordsvatnet ein av dei viktigaste naturlege turistattraksjonane i landet nettopp på grunn av den altfor sjeldsynte sjøormen. Der det finst overnaurlege fenomen har nok engelskmennene vore flinkere enn oss til å leggja til rette for spøkelsesvandringar og andre turistmessige påfunn med eit mystisk preg.

1.Sjøormen i Seljordsvatnet
Kor: Seljord i Telemark
Kva: Seljordsormen, også kalla Selma, er kjent frå skriftlege kjelder tilbake til 1700-tallet. Sidan har hundrevis av vitne fortalt om sine møte med ormen, noko som har ført til at Selma heilt klart er den mest kjende av dei norske sjøormane. Dette har seljordingane nytta godt ut i turistsamanheng og ein har til og med lete ormen pryda kommunevåpenet. Dei fleste observasjonane peikar mot eit dyr med slank kropp, 5-10 meter lang. Luffer og buktningar går att hjå fleire av augevitna, og fargen er oftest framstilt som mørk og glinsande.

2.UFO-ringen i Espevær
Kor: Espevær i Bømlo, Hordaland
Kva: Den 7. oktober 1975 vart det oppdaga eit 26 meter langt ovalt avtrykk i graset i ein bakke i Espevær. Omkrinsen av sirkelen var 63 meter og breidden 14 meter. Avtrykket er tydeleg den dag i dag, og ingen har greidd å gje noko god forklaring på kva som har laga dette avtrykket. Det vert ofte sett i samanheng med ein påstand om at det skal ha landa ein UFO på staden, og det er meldt om fleire samtidige observasjonar av ein lysande gjenstand over Espevær.

3.Lysfenomena i Hessdalen
Kor: Hessdalen i Holtålen kommune, Sør-Trøndelag
Kva: Frå desember 1981 har det blitt gjort regelvisse observasjonar av uforklarlege lysfenomen i dalen. Det er blitt sett opp målestasjonar («Project Hessdalen») og det er blitt teke fleire fotografi som har prova at dette er eit reelt fenomen. Lysa kan ha ulik form og kan vera stilleståande eller i rørsle. Sjølv om somme har vore inne på UFOar i denne samanhengen, er nok dei fleste samde i at det er tale om eit lokalt fysisk fenomen som til no ikkje har fått noko fullgod forklaring.

4.Spøkelsesgodset Elingård
Kor: Elingård i Onsøy, Fredrikstad kommune, Østfold
Kva: Elingård Herregård får stå som ein representant for fleire av dei gamle godsa her i landet som har sitt eige husspøkelse. Historia til herregarden går truleg heilt attende til 1300-talet. Etter ein brann vart det sett opp ny hovudbygning på Elingård i 1749, og det er dette bygget som står der i dag. Det var den myndige arvingen Birgitte Christine Kaas som var husfrue på herregarden i perioden kring brannen, og det skal også vera ho som går att i romma på Elingård. Birgitte – eller «general Birte» som ho vart kalla, var gift med generalløytnant Huitfelt, men styrte ofte godset med streng hand i dei periodane mannen hennar var borte på oppdrag. Og det skal også ha vore ein sterk trong til kontroll over garden som skal ha ført til at ho ikkje maktar å sleppa han frå seg, sjølv ikkje 250 år etter at ho døydde i 1761.
«General Birte» er sjeldan blitt sett, men derimot skal ein ha høyrt henne fleire gonger.
Særleg skal ho bruka å gje lyd frå seg når det går føre seg ting i bygget ho ikkje set pris på. Men vel så ofte skal ho gje seg til kjenne ved ei merkeleg parfymelukt som fleire skal ha opplevd.
Fredrikstad Museum arrangerer jamnleg spøkelsesvandringar på herregarden.

5.Poltergeist: Brennsetra i Ådal
Kor: Ådal i Ringerike kommune, Buskerud
Kva: I 1839 var den nedlagde og attgrodde Brennsetra ved Sperillen i Ådal midtpunktet for ei merkeleg soge som til og med er nedteikna i rettsprotokollane. Det var den 24 år gamle Rønaug Olsdatter som låg som budeie på setra den sommaren, og med seg hadde ho den 16 år gamle gjetarguten Ole Simonson. Ein torsdagskveld høyrde dei merkelege lydar utanfor seterbua, og dei merka etter kvart at det vart kasta hogstfliser mot hytteveggen. Dette varte ved også neste kveld, og etter kvart gjekk det heile over til ei uhyggeleg kasting av store og små stein mot bua.
Rønaug meinte det måtte vera folk som stod bak dette levenet og sende bod etter husbonden sin, Erik Holte. Han møtte opp med to staute karar, men ingen av dei høyrde noko til levenet. Derimot dukka det seinare opp andre gjester på stølen som kunne stadfesta steinkastinga, og til slutt var det vesle vindauget i bua fullstendig knust på grunn av alle småsteinane som hamna inne på golvet. Etter som tida gjekk, auka levenet i styrke, og bua vart etter kvart oppsøkt av eit væpna vaktlag på 6 personar som skulle prøva å avsløra dei eventuelle gjerningspersonane. Men sjølv om det vart skote ut gjennom gluggane i hytta, ville uvesenet ikkje halda opp. Ikkje berre stein, men også grus og jord kom fykande inn gjennom gluggen i mjølkebua.
Rettsprotokollane frå 1840 refererer til denne hendinga som «ubegribelig», men det vart likevel rekna med at det var ukjende personar som stod bak steinkastinga. Hendingane har likevel ein dåm av spøkeri kring seg, og ekspertar på poltergeist-fenomenet vil vera kjende med dei fleste av elementa i framstillinga. Slike fenomen vert i regelen sagt å oppstå kring personar som er prega av indre uro og spenningar, og som ikkje kan agera ut desse spenningane på ein måte som er akseptabel for nærmiljøet. Såleis vert det påstått at desse oppdemma energiane vert «projiserte» på ting i nærleiken, lause gjenstander som vert kasta omkring og som på denne måten vert den synlege manifestasjonen av poltergeistfenomenet. Ofte er det ungdom i puberteten som står i sentrum for fenomena, og såleis er det typisk for hendingane på Brennsetra at den 16-årige gjetarguten Ole Simonson alltid var til stades når desse tinga skjedde. Sjølv då Rønaug fekk avløysning av ei anna budeie, 32-årige Sigrid Torkildsdatter, var Ole til stades på stølen, og steinkastinga heldt fram på same viset. Men no var steinane blitt større, og mest uhyggeleg vart det då ein diger stein kom farande inn gjennom vindauget og knuste midtposten fullstendig. Steinen vart seinare vegen til 51 kilo og synt fram under rettsmøtet den 26. august 1840.
Denne steinen finst framleis på stabbursloftet på Vestre Holte og kan studerast der som eit synleg minne om eit av dei underlegaste kapitla i norsk rettssoge.

6.Legerhytta i Grotli
Kor: Ved Breidalsvatnet ved gamlevegen Grotli-Geiranger, Oppland
Kva: Vegvaktarbustaden Legerhytta tek eg med her sidan han er kjend for å vera den einaste staden i landet det er sett opp eit trekanta varselskilt for å åtvara trafikantane mot spøkelse. Det skal ha hendt ei rad uforklarlege hendingar i hytta, og det vert sagt å vera ei vegvaktarkone som går att. Ho døydde i 1928 og skiltet har blitt teke ned ei tid for å skjerma etterkomarane hennar.

Kjelder: Per Hohle: Skrømt. Gyldendal 1978
Ørnulf Hodne: Mystiske steder i Norge. Cappelen 2000.
www.mjoesormen.noUnknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-67963166619930740212010-08-22T08:42:00.007+02:002010-08-22T09:31:46.505+02:0015 Noregsrekordar frå SunnfjordSunnfjord i Sogn og Fjordane omfattar kommunane Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. I tillegg tek eg med Bremanger kommune, som ligg både i Nordfjord og Sunnfjord.

1. Først I: Nordens første aluminiumsfabrikk vart bygd i Stongfjorden i Askvoll i 1908. Han vart driven av British Aluminium Company (BACO) fram til 1945.

2. Først II: Ingolfr Arnason (født ca. 840 e. Kr.) var den første nordmann som busette seg på Island, i 874. Han kom frå Rivedal på nordsida av Dalsfjorden i Askvoll.

3. Vestlegast I: Bulandet i Askvoll er Noregs vestlegaste busette øygruppe og fiskevær.

4. Vestlegast II: Noregs vestlegaste isbre vert rekna for å vera ein liten bre ved Kjeipen på grensa mellom Bremanger og Flora kommunar, vest for Ålfotbreen.

5. Vestlegast III: Florø er landets vestlegaste by.

6. Størst I: Den største nynorskavisa i landet, Firda, kjem ut i Førde. Nettoopplaget for 2008 var på 13 875.

7. Størst II: Den største sildefangsten som er dokumentert her til lands, vart truleg gjort i Vallestadvågen på øya Askrova i Flora i 1936. Her reknar ein med at innpå 200 000 hektoliter var blitt innestengd i vågen, og 100 000 – 120 000 hektoliter av dette vart teke opp. Då dei etter nokre dagar oppdaga at silda slapp unna gjennom ei undersjøisk gleppe i berget, vart det sendt ned dykkarar for å mure holet att med stein. Silda vart så håva opp i vekesvis.

8. Størst III: Verksemda Airlift i Gaular er Nordens største helikopterselskap for trafikk på innlandet. Dette er også det einaste norske selskapet som opererer redningshelikopter på statleg kontrakt (Kjelde: Airlift AS).

9. Størst IV: Det største luftslaget i Noreg under den andre verdenskrigen stod over Naustdal tre månader før frigjeringa i 1945. På denne tida vart det drive jakt på tyske krigsskip og konvoiar langs norskekysten, og den 9. februar oppdaga eit britisk rekognoseringfly at fleire tyske krigsskip hadde gøymt seg i Førdefjorden (no i Førde kommune). Då skipa merka at dei var oppdaga, spreidde dei seg, m.a. til Frammarsvik i Naustdal. Det vart sendt av garde 42 fly frå Skottland som gjekk til åtak på den tyske flåten , og det harde slaget som utvikla seg kunne merkast over store deler av Sunnmøre. Det vart størst tap for dei allierte, men sjølv om mange av trefningane gjekk føre seg i nærleiken av bustadområde, vart ingen sivile skadde. I Frammarsvik i Naustdal ligg det eit luftkampmuseum som skal dokumentera dette slaget. Her finn ein m.a. bilete frå slaget og deler frå havarerte fly.

10. Høgast: Hornelen lengst øst på Bremangerlandet er Nord-Europas høgaste sjøklippe. Ho hevar seg 860 meter rett opp av sjøen og er eit kjent landemerke for skip og båtar som seglar forbi.

11. Einaste: I Fjaler ligg det som i skrivande stund er den einaste norskeigde skifabrikken, Åsnes skifabrikk AS. Han vart starta i 1922, og har i dag firmaet Skigutane AS på Voss som hovudeigar. Den andre norske skifabrikken, Madshus på Biri, er eigd av firmaet K2 i USA.

12. Lengst I: Noregs lengste skulptur, Laksen, ligg ved elva Jølstra i Førde. Han er 65 meter lang og er laga av kunstnaren Jørn Rønnau. Han vart sett opp i 1989.

13. Lengst II: Det 7 mil lange Gaularvassdraget skal vera det lengste vassdraget som er verna i låglandet her i Noreg. Det vart varig verna i 1993 etter ein av dei hardaste stridane kring vassdragsvern me har hatt her til lands.

14. Eldst: Landets eldste laksetrapper finn ein ved Osen i Bygstad i Gaular. Irske William T. Potts tok initiativet til bygging av trappa, som stod ferdig i 1871, mot avtale med bøndene om at han skulle få fiska fritt i 25 år. Laksetrappa er truleg også den tredje eldste i verda (Kjelde: Reisemål Sunnfjord).

15. Flest: Jølster har truleg noregsrekord i meieri. Fram til krigen hadde det vore 26 meieri i drift i kommunen. Meir enn 20 av desse var i drift samstundes!Unknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-19727365551405968262010-08-19T19:43:00.003+02:002010-08-22T19:13:10.040+02:0040 snåle namn frå Nord-NoregDoktoren og medisinalhistorikaren Ingjald Reichborn-Kjennerud (1865-1949) samla kring 1910 inn ein del underlege og sjeldne førenamn som han hadde støytt på under eit opphald i dei tre nordlegaste fylka. Før namnelova av 9. februar 1923 gjorde det vanskelegare for foreldre å gje ungane sine namn som kunne vera til plage for dei under oppveksten, var nok Nord-Noreg den landsdelen der fantasien og kreativiteten var størst m.o.t. val av namn. Reichborn-Kjennerud påstår han har henta dei fleste av desse namna frå kyrkjebøker, militære lister og vernepliktsbøker. Ein del av namna er derimot innhenta etter samtalar med folk, og han vedgår at somme av desse kan ha blitt pynta på gjennom fleire ledd for å skapa gode historiar. Seinare namnegranskarar har hatt ein mistanke om at denne delen av namnetilfanget er større enn Reichborn-Kjennerud sjølv har gitt inntrykk av.
Her er likevel ei liste over 40 av dei raraste namna han samla inn fordelt på 20 mannsnamn og 20 kvinnenamn. Men ver altså merksam på at i det minste somme av dem bør takast med ei stor klype salt.

Kvinnenamn:

1. Adeløse
2. Bramseiliana
3. Decennia
4. Ebrikke
5. Fasteminda
6. Gurunda
7. Hjertelie
8. Jenfryda Ivanda
9. Leombartine
10. Normalia
11. Orkana
12. Propella Atlanta
13. Serk Lynetta
14. Signora
15. Submarine
16. Teologa
17. Tulipana
18. Vega Pallanda
19. Veranda
20. Ølgyda Inanda

Mannsnamn:

1. Admiral
2. Alibi
3. Anus
4. Bonaparte
5. Busemand
6. Dagmar (mannsnamn!)
7. Dear Pettersen
8. Erastus Artemas
9. Fordel Fordelsen
10. Fruktkrem Olsen
11. Hermetik Pedersen
12. Hikkart
13. Kjærlig Karlsen (dvs. Charlie)
14. Margot (mannsnamn!)
15. Morfin
16. Naftalin Pedersen
17. Olkvart
18. Rasefut
19. Rikmand Jørgensen
20. Stinkenius

Kilde: I. Reichborn-Kjennerud: Navneskikker i Nord-Norge. Særtrykk av Maal og Minne 1942.Unknownnoreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-21378882137204966462010-08-19T19:17:00.006+02:002010-08-22T19:14:37.245+02:0025 norske kjendisar lista opp under morsnamnetNedanfor finn du ei liste over ein del kjente norske menn og kvinner. Men i staden for å føra dei opp med det etternamnet dei er best kjent under, har eg nytta familienamnet til mora. Kan du gissa kva for kjende personar dette er tale om? Løysninga finn du her.

1. Henrik Arnold Thaulow
2. Henrik Johan Altenburg
3. Ivar Hovden
4. Einar Drangeid
5. Roald Sahlqvist
6. Liv Lund
7. Morten Johansen
8. Edvard Bjølstad
9. Thor Lyng
10. Sonja Nielsen
11. Jens Heiberg
12. Per Kaasen
13. Jan Erik Wilhelmsen
14. Jan Nordbø
15. Kåre Laure
16. Ole Corneliussen
17. Per Johannessen
18. Wenche Røren
19. Wenche Gangestad
20. Tarjei Øygarden
21. Sigbjørn Egelandsdal
23. Arne Raugstad
24. Lars Tokje
25. Sigrid GythUnknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-49208358102773206992010-08-17T19:06:00.005+02:002010-08-22T19:15:44.848+02:0020 Noregsrekordar frå Hardanger og VossHordalands-distriktet Hardanger omfattar kommunane Kvam, Jondal, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Odda. Voss er den største kommunen i Hordaland og utgjer eit eige distrikt.

1. Først I: Landets første kornmagasin på landsbygda vart skipa til kring 1775 i Eidfjord av Kristofer Hjeltnes. Ti år tidlegare grunnla han også den første planteskulen for frukttre her i landet, også heime på Hjeltnes.

2. Først II: Noregs første innandørs ishall vart opna på Finse i Ulvik i 1914. Sonja Henie budde ei tid på Finse og nytta han som treningshall.

3. Først III: Knute Nelson frå Evanger i Voss var den første nordmannen som vart vald til guvernør i USA.

4. Først IV: Den første norske idrettsutøvaren som vart dømd for dopingbruk var kule- og diskoskastaren Knut Hjeltnes frå Kvam (1977). På den meir positive sida er Hjeltnes den norske friidrettsmannen som har flest norske meisterskap, i alt 20.

5. Eldst I: Det som seiest å vera landets eldste vegtunnell, er den 25 meter lange tunnellen som ligg på den gamle vegen langs Storavatnet i Eidfjord (Eidfjordvatnet). Vegen, som stod ferdig i 1891, skulle binda saman Vik i Nedre Eidfjord og Sæbø i Øvre Eidfjord (Kjelde: Eidfjord turistkontor).

6. Eldst II: I Granvin finn ein landets eldste bygning som var spesialbygd som klekkeri. Klekking av laks og sjøaure vart starta så tidleg som i 1867, men frå først av litt lenger oppe i vassdraget (Kjelde: Kjell Kjerland, Granvin).

7. Eldst III: Jondal skal ha landets eldste skiferbrot. Skriftlege kjelder viser at det vart brote ut skifer på Solesnes ved Selsvik allereie i 1421, men ein reknar ikkje med drift i større stil før på 1600-talet.

8. Eldst IV: Tveiti oppgangsag i Herand i Jondal var i samanhengjande drift frå 1700-talet til fram mot slutten av 1970-åra. I dei siste åra er det blitt blåse liv i saga igjen gjennom ivrige bygdefolk og stiftinga Herand Aktiesagbruk. Den er også truleg den saga av denne typen som har vore i lengst kontinuerleg drift her i landet.

9. Eldst V: Det som skal vera Noregs eldste høysilo står på garden Skare i Odda. Han vart murt av stein i 1879 og har skifertak.

10. Eldst VI: Utne Hotel i Ullensvang vart oppført i 1722 og er Noregs eldste hotell med samanhengjande drift i same bygning.

11. Eldst VII: Ulvik kyrkje har landets eldste altemensale. Det skal vera laga ca. 1250. Eit antemensale er ei utsmykka tavle som vart nytta til å dekkja framsida av alteret med. Antemensalet stod opprinneleg i ei eldre stavkyrkje som vart riven 1710.

12. Eldst VIII: Rekve Mylna på Voss var den siste vassdrivne mølla som var i kommersiell drift (1878-1985).

13. Einaste I: Noregs einaste freda kraftverk, Tysso I, ligg i Tyssedal i Odda. Anlegget vart bygd 1906-18 og vart verna av riksantikvaren i år 2000.

14. Einaste II: Den einaste ville stamma av fisken gullvederbuk i Noreg finn me i Skårsvatnet i Kvam. Gullvederbuk, også kalla gullfisk, er rett nok ikkje ein eigen art, men ein fargevariant av vanleg vederbuk (Leuciscus idus), ein fisk som finst naturleg i dei søraustlege delane av landet. Det var dåverande statslege i Bergen, Klaus Hansen (bror av Armauer Hansen som oppdaga leprabasillen), som sende eit par spann gullvederbuk frå nokre dammar i Nygårdsparken i Bergen. Gullvederbuken i Nygårdsparken strauk med i eit par harde vintrar midt i 1920-åra, medan (kjelde: http://home.no.net/solpors/word/gullvedN.htm).

15. Størst I: Ullensvang er Noregs største fruktkommune. Det finst mellom 500-600 000 frukttre i kommunen der det blir produsert om lag 1/5 av all frukt i landet.

16. Størst II: Hardanger Bestikk i Kinsarvik i Ullensvang er Nordens største produsent av bestikk. Verksemda vart grunnlagd i 1958.

17. Størst III: Fruktbonde og samstundes ein av Noregs største lyrikarar, Olav H. Hauge frå Ulvik, skreiv dagbok frå han var 15 år gamal. Dette vart gitt ut i bokform i fire band på til saman om lag 4000 sider, noko som gjer dette til det mest omfangsrike dagbokverket som er gitt ut på norsk.

18. Tjukkast: Noregs tjukkaste tre, Brureiki på Lote i Ullensvang, har ein omkrins på 10,8 meter (Kjelde: Det norske Skogselskap).

19. Høgast: Finse stasjon på Bergensbanen ligg i Ulvik kommune. Dette er landets høgast liggjande jernbanestasjon (1222 m.o.h.).

20. Flest: Vøringsfossen i Eidfjord skal vera den naturlege turistattraksjonen i Noreg som har flest besøkande. I 2007 var det ca. 685 000 som stoppa for å nyta synet av fossen. Dette talet bør nok takast med ei klype salt, sidan det ikkje er mogleg å gjera nøyaktige teljingar for kor mange som stoppar ved Vøringsfossen. Derfor vart også 2007-teljinga den siste av denne typen som vert offentleggjort, etter det Innovasjon Norge melder.Unknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-38748687965016572702010-08-15T20:45:00.008+02:002010-08-22T19:17:42.923+02:0025 norske kvinne-"førster"Då norske kvinner på slutten av 1800-talet byrja å markera seg i dei profesjonane som tidlegare berre hadde vore mennene til del, skjedde nok ikkje dette utan ein del oppstuss og løfta augnebryn. Såpass stor oppsikt vakte desse pionerkvinnene at dei er blitt hugsa for ettertida. Her kjem derfor ei liste over når ein del kjende profesjonar og samfunnsroller for første gong vart tekne hand om av ei norsk kvinne.

Noregs første kvinnelege:

1. Jurist
Maren Cathrine Dahl var den første norske kvinna som fullførte juristutdanning (1890), men hp fekk aldri nokon juridisk stilling. Elise Sem (1870-1950), vart derimot den første kvinnelege sakføraren i Europa (Kristiania 1904), og i 1912 vart ho den første kvinnelege høgsterettsadvokaten.

2. Flygar
Dagny Berger (1903-50) vart den første norske kvinna til å ta flysertifikat (1927). Sertifikatet fekk ho teke ved de Havilands flyskule i Middlesex. England. Første kvinnelege trafikkflygar var Turi Widerøe (f. 1937). Ho fekk utvida flysertifikatet i 1969, og kunne med dette gjera teneste som andreflygar.

3. Lege
Helga Marie Mathilde Sofie Spångberg, gift Holth (1865-1942) vart den første med medisinsk embetseksamen (1893). Ho opna medisinsk praksis i Kristiania året etter.

4. Tannlege
Petra Lie (1848-1907) var ferdig utdanna tannlege i 1872. Ho var på mange måtar en pioner. Det var m.a. ho som hadde med seg den første fotdrivne tannlegeboren til Noreg.

5. Stortingsrepresentant
Ved valet i 1909 hadde kvinnene for første gong avgrensa røysterett og kunne stilla til val. Anna Rogstad (1854-1938) vart da vald som den første kvinnelege vararepresentanten. Ho representerte Høgre (og Frisinnede Venstre) frå Gamle Aker krins i Kristiania. 17. mars 1911 møtte ho for første gong som vararepresentant for Jens Bratlie, og då han vart statsminister i februar 1912, møtte Anna Rogstad for resten av perioden (1912-13). I 1913 fekk kvinnene ålmenn røysterett, men den første folkevalgte stortingsrepresentanten fekk me ikkje før i 1921. Det vart Karen Platou (Høgre), som vart vald til stortingsrepresentant for Kristiania.
(Kjelde: www.stortinget.no/om_stortinget/rogstad.html)

6. Statsråd
Kirsten Hansteen (1903-74) sat som konsultativt statsråd i Gerhardsen si samlingsregjering juni-november 1945 som representant for Norges Kommunistiske Parti. Ho fekk likevel aldri leia noko eige departement. Det gjorde derimot etterfølgjaren hennar, Aaslaug Aasland frå Stavanger. Ho vart utnemnd til sosialminister i 1948.

7. Professor
Kristine Bonnevie (1872-1948) vart professor i zoologi i Kristiania i 1912, ei stilling ho hadde til ho døydde.

8. Dommar
Sofie Conradine Schjøtt vart utnemnd til „midlertidig ekstraordinær assessor“ i Kristiania byrett, og i 1926 fekk ho fast stilling som assessor. Assessor er det same som dommar.

9. Første kvinne som tok artium
Ida Cecilie Thoresen Krog (1858-1911) vart den første som tok artium etter at kvinner fekk høve til dette i 1882. Etterpå immatrikulerte ho seg og vart med dette også Noregs første kvinnelege student.

10. Avisredaktør
Karen Sundt (1841-1924), norsk forfattar og jornalist, vart først tilsett i eit vikariat i Skien-avisa Varden på midten av 1880-tallet og vart etter dette redaksjonssekretær i Østlandsposten i 1886. Elles vert Nanna With rekna som Noregs første avisredaktør. Ho var redaktør for Vesteraalens Avis frå 1905. Marcus Thranes si kone, Josefine, var dessutan redaktør for thranittarrørsla sitt blad "Arbeiderforeningernes Blad" 1854-55. Ho vart såleies den første norske kvinnelege redaktøren i det heile.

11. Ordfører
Aasa Helgesen f. Røynedal (1877-1968) var ordførar i Utsira kommune 1926-28. Hun avløyste då mannen sin, Sivert Helgesen. Ved neste kommunestyrevalg vart det berre vald inn menn i kommunestyret, såleis overtok mannen hennar ordførerklubba i Utsira att

12. Veterinær
Louise Iversen (f. Østlyngen) starta på Norsk Veterinærhøyskole i 1939 og var ferdig utdanna 1945.

13. Regissør
Edith Carlmar (1911-2003) vart Noregs første kvinnelege regissør og laga heile ti spelefilmar frå 1949 til 1959.

14. Første gate kalla opp etter ei kvinne
Abel Margrethe Meyers gate i Namsos skal vera den første gata i landet som vart kalla opp etter ei kvinne. Gata fekk først namn av grunnleggjaren av Namsos by, Jørgen Johan Havig, i 1845. Den gongen heitte ho Meyers gate, eit navn ho hadde fram til 1925, då namnet vart til Abel Meyers gate. Abel Margrethe Meyer (1706 – 1787) åtte garder over heile Namdalen og dreiv fleire næringsverksemder. Ho var den rikaste personen som nokon gong har levd i Namdalen. Ho overlevde to ektemenn men døydde barnlaus. For å få tydelegare fram at Abel Meyer var ei kvinne, vedtok Namsos kommune i 2005 å endra gatenamnet til Abel Margrethe Meyers gate. (Kilde: Namsos kommune).

15. Rektor
Elise Hambro (1881-1966) vart i 1926 rektor ved U. Pihls pikeskole i Bergen.

16. Doktorgrad
Agnes Mathilde Wergeland tok doktorgraden i historie i Zürich i 1890. Hun utvandra til USA 1905. Den første som tok doktograden her i Noreg, var språkforskaren Clara Holst, som forsvarte doktoravhandlinga si den 10. desember 1903 (Kjelde: Ernst Håkon Jahr: Clara Holst – kvinnelig pionér i akademika i Norge).

17. Prest
Agnes Nilsen (1907-96) vart ordinert til metodistprest i 1954. Dermed vart ho den første kvinnelege presten i Noreg. Ingrid Bjerkås (1901-80) vart den første kvinnelege presten i Den norske Kyrkja. Ho vart ordinert i 1961, og fekk den første stillinga si som sokneprest i Berg og Torsken prestegjeld.

18. Dykkar
Ingrid Nilsen (f. 1934) frå Kristiansand var den første norske kvinna som tok dykkersertifikat (1958).

19. Arkitekt
Georgine (Lilla) Hansen (1862-1972) var den første norske kvinna med arkitektutdanning. Ho dreiv eigen praksis i Oslo frå 1912 og var m.a. med å teikna revmatismesjukehuset.

20. Teolog
Første norske kvinne med utdanning i teologi var Valborg Lerche (1873-1971). Ho vart Cand. theol. i 1899 og var frå 1901 tilsett i Christiania Indremisjon.

21. Partileiar
Berit Ås (f. 1928), var leiar for Demokratiske Sosialister (AIK) 1973-76.

22. Fylkesmann
Ebba Lodden (1913-97) var utnemnd til fylkesmann i Aust-Agder 1974-83.

23. Politikvinne
Mathilde Henriksen vart landets første politikvinne då ho i 1910, trass i politisjefen sitt ønskje, vart tilsett ved politikammeret i Kristiansand.

24. Skipsreiar
Landets to første kvinnelege skipsreiarar var Hanna Brummenæs og Bertha Torgersen i Haugesund. Dei starta med manufakturhandel, men etter at dei kjøpte eit skip i 1909 bygde dei med tida opp eit eige reiarlag med fleire større skip. Dette var i mange år vardas største reiarlag som var ått og drive av kvinner (Kjelde: Grete Eilertsen: En undersøkelse av rederstandens engasjement i Haugesund ca. 1870-1940. Hovedoppgave i historie. Universitetet i Bergen 2000)
25. Forfattar
Dorothe Engelbretsdotter (1634-1716)frå Bergen var samtidig med Petter Dass, men opplevde i motsetnad til han å få sjå si eiga dikting på prent. Ho fekk også kongeleg privilegium (= coppyright) på hovudverket sitt, Siælens Sang-Offer, og i 1684 fekk ho skattefritak på livstid. På denne måten vart ho landets første profesjonelle diktar med diktarløn, og vel også den første norske kvinnelege yrkesforfattar i det heile.Unknownnoreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-83173938951943358532010-08-14T11:11:00.005+02:002010-08-22T19:18:51.823+02:0025 mineral oppkalla etter norske lokalitetarMange norske stadnamn har blitt knytta til vitskapen gjennom geologien. Opp gjennom tidene har fleire nye mineral blitt oppdaga på norske lokalitetar, der ein del er blitt kalla opp etter den staden kor desse minerala opphavleg vart funne. I tillegg er det ei heil rekkje bergartar som har namn etter norske stader. Men det finst ikkje noko fast regelverk for namn på bergartar. Derfor vrimlar det her med namn der mange er gått av bruk og der den same bergarten kan finnast under fleire ulike namn. Såleis vert det nærast uråd å laga ei tilsvarande liste over bergartar.

I denne oversikta er det berre åtte namn som framleis er godkjende. Dei andre er av ulike grunnar ikkje lenger godtekne som gjeldande namn, og eg har derfor i det følgjande prøvd å opplysa om årsakane til dette så langt det let seg gjera.

1. Armenitt
Publisert: 1939 (Neumann)
Oppkalla etter: Armen sølvgruve, Kongsberg

2. Dypingitt
Publisert: 1970 (Raade)
Oppkalla etter: Dypingdal, Snare, Buskerud

3. Høgtuvaitt
Publisert: 1994 (Grauch et al.)
Oppkalla etter: Høgtuva nær Mo i Rana

4. Lisetitt
Publisert: 1986 (Smith et al.)
Oppkalla etter: Liset, Selje

5. Låvenitt
Publisert: 1884 (Brøgger)
Oppkalla etter: Øya Låven i Langesundsfjorden, Larvik

6. Nybøitt
Publisert: 1981 (Ungaretti et al.)
Oppkalla etter: Nybø, Nordfjord

7. Skutteruditt
Publisert: 1845 (Haidinger)
Oppkalla etter: Skutterud, Modum

8. Tvedalitt
Publisert: 1992 (Larsen et al.)
Oppkalla etter: Tvedalen, Larvik

Ikkje godkjende:

9. Alvitt
Publisert: 1855 (Forbes and Dahll)
Oppkalla etter: Alve, Tromøya, Arendal
Kommentar: Også publisert under Høgtveititt (s.d.). Seinare vart det oppdaga at det eigentleg var tale om mineralet zircon i metamikt tilstand. Eit mineral i metamikt tilstand har mista den krystallstrukturen det eigentleg skal ha. Ofte er det radioaktive atom inne i mineralet som får den opphavlege strukturen til å klappa i hop.

10. Ånnerøditt
Publisert: 1881 (Brøgger)
Oppkalla etter: Ånnerud, Moss
Kommentar: Brøgger fann seinare ut at det her var tale om ei samanvoksing av minerala samarskitt og columbitt.

11. Arendalitt
Publisert: 1800 (D. L. G. Karsten)
Oppkalla etter: Arendal
Kommentar: Det same som mineralet epidot.

12. Bamlitt
Publisert: 1842 (Esmark)
Oppkalla etter: Brekke i Bamble, Telemark
Kommentar: Det same som mineralet sillimanitt.

13. Barkevikitt
Publisert: 1887 (Brøgger)
Oppkalla etter: Barkevik i Langesundsfjord, Larvik
Kommentar: Det same som mineralet ferrohornblende.

14. Brevikitt
Publisert: 1835 (Berzelius)
Oppkalla etter: Brevik i Langesundsfjord, Larvik
Kommentar: Det same som mineralet natrolitt.

15. Falkenstenitt
Publisert: 1945 (Barth)
Oppkalla etter: Falkensten, Horten
Kommentar: Idag ikkje rekna som eit eige mineral, men er ei blanding av fleire ulike mineral.

16. Gjellebækitt
Publisert: 1849 (Nordenskiöld)
Oppkalla etter: Gjellebekk, Lier, buskerud
Kommentar: Det same som mineralet wollastonitt.

17. Høgtveititt
Publisert: ca. 1910 (Eger)
Oppkalla etter: Høgetveit, Evje, Aust-Agder
Kommentar: Også publisert som alvitt (s.d.). Eigentleg mineralet zircon i metamikt tilstand.

18. Kongsbergitt
Publisert: 1872 (Pisani)
Oppkalla etter: Sølvgruvene i Kongsberg
Kommentar: Ein variant av amalgam.

19. Modumitt (I)
Publisert: 1849 (Nicol)
Oppkalla etter: Modum, Buskerud
Kommentar: Det same som skutteruditt (s.d.).

20. Modumitt (II)
Publisert: 1875 (Weisbach)
Oppkalla etter: Modum, Buskerud
Kommentar: Det same som natrojarositt.

21. Mossitt
Publisert: 1897 (Brøgger)
Oppkalla etter: Moss, Østfold
Kommentar: Idag rekna for å vera ei blanding av to ulike mineral.

22. Risøritt
Publisert: 1908 (Hauser)
Oppkalla etter: Risør, Aust-Agder
Kommentar: Ein variant av mineralet fergusonitt.

23. Sætersbergitt
Publisert: 1853 (Kenngott)
Oppkalla etter: Setersberget, Fossum, nær Modum
Kommentar: Det same som löllingitt.

24. Sigtesitt
Publisert: 1890 (Rammelsberg)
Oppkalla etter: Siktesøy (Sigtesø) i Langesundsfjord, Larvik
Kommentar: Opprinneleg kalla Sigteritt, sidan namnet på øya vart misoppfatta som Sigterø. Ei blanding av minerala albitt og nefelin.

25. Tellemarkitt
Publisert: 1875 (Weisbach)
Oppkalla etter: Telemark (Sauland)
Kommentar: Det same som mineralet grossular.

(Kjelde: Raade, G. 1996: Minerals originally described from Norway: including notes on type material. Skrifter, Norsk Bergverksmuseum nr. 11, 107 pp)Unknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-91156682565784093412010-08-14T11:00:00.004+02:002010-08-22T19:20:02.816+02:0020 norske ekko-ordEit ekko-ord er eit ord der den same stavinga, eller tilnærma den same stavinga, blir gjenteken to gonger. Ein reknar gjerne med at det finst tre ulike typar ekko-ord. I den eine typen vert vokalen endra frå det eine leddet til det andre (sikksakk, virvar), medan i den andre typen kjem ekkoet i form av eit rimord (piknik, hokuspokus). Den følgjande lista omfattar berre den tredje typen, nemleg ord der nøyaktig den same stavinga vert gjenteken. Lista kunne vore gjort lenger ved at mange dyrelydar kan uttrykkast på dette viset, men her har eg berre vald å bruka slike ord i dei tilfella dei har gått over til å bli eit kjælenamn på sjølve dyret (vov-vov, pippip), eller blir nytta i overført tyding (heilt ko-ko).

1. Beriberi
2. Bonbon
3. Cancan
4. Cha-cha-cha
5. Chowchow
6. Dadda
7. Dikdik (antilope-art)
8. Dumdum (kule)
9. Finfin
10. Go-go (dans)
11. Gongong
12. Ko-ko
13. La-la
14. Mamma
15. Namnam
16. Pappa
17. Pippip
18. Tamtam (tromme)
19. Tutu (ballettskjørt)
20. Vov-vovUnknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-79052186305293911862010-08-12T15:09:00.004+02:002010-08-22T19:21:05.549+02:00Dei 10 vanlegaste vegnamna i NoregSom i lista over dei vanlegaste norske gatenamna (som du finn her), har eg vore nøydd til å setja meg ned for å telja. Resultatet ser du nedanfor.
Av dei to norske namneformene, vegen og veien, er det nok den siste som er den mest utbreidde. Eg har derfor vald å nytta endinga -veien i denne lista.

1. Skoleveien/Skulevegen (130)
2. Fjellveien (128)
3. Myr(a)veien (121)
4. Skog(s)veien (117)
5. Kirkeveien/Kyrkjevegen (115)
6. Gamleveien (inkl. Gammelveien) (114)
6. Furuveien (114)
8. Lyngveien (107)
9. Parkveien (104)
10. Industriveien (100)Unknownnoreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-61172470819186239522010-08-12T13:41:00.010+02:002010-08-22T19:22:15.084+02:0020 Noregsrekordar frå JærenRogalandsdistriktet Jæren omfattar kommunane Gjesdal, Hå, Klepp, Randaberg, Sandnes, Sola og Time, i tillegg til bykommunen Stavanger, som har fått si eiga rekordliste her.

1. Størst I: Den største steinura i Nord-Europa, Gloppedalsura, ligg på grensa mellom kommunane Bjerkreim og Gjesdal. Ho fyller Gloppedalen og er ca. 1 km lang. Her var det harde kampar den 22. april 1940, og tyskarane måtte tola store tap.

2. Størst II: Landets største hermetikkfabrikk, hundematprodusenten Norsk Hundefôr AS, ligg i Nylund ved Sirevåg i Hå. Suksessen er grunnlagd på ein stor eksport til Tyskland, der verksemda sitt varemerke, Rinti, har 40% av boksematmarknaden for hundar. Fabrikken er ein del av Nortura-konsernet (Kjelde: Stavanger Aftenblad 11.08.09).

3. Størst III: Kverneland ASA i Klepp er verdas største produsent av landbruksreiskapar. Konsernet vart grunnlagt i Time i 1879 av Ole Gabriel Kverneland under namnet O. G. Kvernelands Fabrik. Verksemda har auka sterkt sidan 1990-talet, og rår no over fabrikkar for landbruksmaskinar og -reiskapar i fleire land. På fabrikken i Klepp har det særleg blitt produsert plogar, og allereie på 1920-talet var fabrikken landets største i så måte.

4. Størst IV: Randaberg er landets største leverandør av persille. Kommunen leverer 70% av landets produksjon. Randaberg er også størst på salat, med mellom 50-80% av landsproduksjonen.

5. Størst V: Landets største arboret ligg i Melsheia i Sandnes. Det er Rogaland Arboret, som vart starta i 1972, og som rommar 1400 ulike artar tre og buskar.

6. Størst VI: Miljøgartneriet AS i Kviamarka i Hå kommune er landets største veksthus. Det vart offisielt opna i mars 2010, og det skal dyrkast paprika, tomater og agurk på det 77 mål store produksjonsarealet. Dette svarar til om lag 11 fotballbanar.

7. Størst VII: Det som er kjent som det største og rikaste bronsealderfunnet i Noreg stammar frå Regehaugane i Sola. Den første av desse tre haugane vart opna av grunneigaren i 1881. Der oppdaga han ei urørt kvinnegrav i ei hellekiste med fleire flotte bronsesmykke. I dag står det att ein restaurert haug (Kjelde: Frå haug ok heidni, nr. 2 - 1979)

8. Størst VIII: Tine Meieriet Sør i Sola er landets største meieri for mjølk til konsum. Meieriet leverer om lag 40 millionar liter mjølk årleg (Kjelde: TINE).

9. Først I: Gjesdalslaget Ålgård scora det første målet i norsk eliteserie i fotball. Det var Sigurd Ravndal som fekk denne æra etter berre eit minutt av kampen mot Viking den 1. august 1948.

10. Først II: Landets første potteri, Sandnes Potteri, vart grunnlagt i 1842 i Sandnes av Simon Asbjørnsen Haustveit, opphaveleg frå Ullensvang i Hardanger. Det var han som gjorde den lokale leirgauken, «Sandnesgauken» så populær (Kjelde: Aksel Eggebø og Daniel Frafjord: Det begynte med leir).

11. Først III: Noregs første offentlege landsbruksskule vart skipa på Skeiane i Sandnes. Han vart starta her i 1846 av cand. theol. Jan Adolf Budde (1811-1906) (Kjelde: Stavanger Byleksikon).

12. Først IV: Sola Flyplass opna i 1937 som landets første flyplass for sivil luftfart

13. Einaste I: Hå kommune har dei einaste kjende norske voksestadane for den sjeldne planta jærtistel (Serratula tinctoria). Dei fleste funna av denne planta er kring Sirevåg ved Ogna, der han er knytta til beitemarker (Kjelde: Miljøverndepartementet).

14. Lengst: Orrestranda i Klepp er med sine 5 km Noregs lengste samanhengande sandstrand. Ho strekkjer seg frå Vik i Sør til Reve i nord. I alt er det 11 km med sandstrand i Klepp kommune.

15. Flest I: Klepp er den kommunen i landet som produserer flest egg. Det er i registrert over 220 000 verpehøns i kommunen (2008).

16. Flest II: Pelsdyrnæringa står også sterkt i Klepp. I 2008 var det om lag 26 000 mink i kommunen, noko som er flest i landet.

17. Flest III: Hå er den kommunen i landet som har flest griser. I 2005 var det 66843 griser i kommunen. Hå kommune toppar også statistikken med sine over 9100 mjølkekyr (2005) (Kjelde: SSB).

18. Flest: Time kommune er suverent på topp når det gjeld klekking av kylling (livkylling). I 2005 vart det produsert over 5 800 000 kyllingar.

19. Minst: Randaberg er landets minste fastlandskommune.

20. Raskast: Dei siste 20 åra har Sandnes hatt ei gjennomsnittleg årleg folketilvekst på 1,9%. Dette gjer Sandnes til den raskast veksande byen i Noreg.Unknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-5008439749422654652010-08-10T14:40:00.008+02:002010-08-22T19:23:51.019+02:00Dei 5 siste sivile avrettingane i NoregDødsstraffa vart avskaffa her i landet med den nye straffelova av 1902. Då var det gått 26 år sidan Kristoffer Nilsen Grindalen ("Svartbækken") hadde blitt frådømd livet i den siste sivile dødsdommen her til lands. Etter dette var det ei tid framleis opning for dødsstraff som følgje av alvorlege krigsbrotsverk, men også denne paragrafen vart avskaffa ved lov i 1979. Dei absolutt siste avrettingane i Noreg skjedde den 28. august 1948, då som ei følgje av landssvikoppgjeret etter krigen.

5. Friedrich Wilhelm Priess og Knud Fredrik Christian Simonsen (halshogne i Kristiania 19. april 1864)
Den siste avrettinga i hovedstaden vart gjennomført på Etterstadsletta på Østre Aker den 19. april 1864. Staden var ein gammal militær ekserserplass og det var den 30 år gamle tyskaren Friedrich Wilhem Priess og den tre år yngre Knud Fredrik Christian Simonsen som fekk den blanda æra av å stilla dei hovudlause kroppane sine til syne for eit nyfikent publikum i hovudstaden. Det hadde møtt opp fem tusen glanelystne menneske, mest kvinner, som det måtte heile tre og et halvt tusen infanteristar i tillegg til ein del kavalleristar til for å halda på rimeleg avstand. Søknader om å selja forfriskningar var blitt avslått og politiet var blitt spesielt bede om å halda dei prostituerte borte frå rettarstaden. Driftige kjerre-eigarar selde ståplass i kjerrene sine, og fleire familiar hadde møtt opp med nistepakkar og flasker. Dette "skodespelet" sette for alvor fart i debatten om dødsstraff her i landet.

Priess og Simonsen hadde møtt kvarandre på båten mellom København og Kristiania hausten 1862. Simonsen var skomakar i Kristiania. Han var opprinneleg dansk, og no var han på veg attende frå eit besøk i København saman med den norskfødde kona si og borna. Priess var på si side på flukt fra ein valdsdom i Tyskland i lag med den gravide elskerinna si. Han var av god familie og med ein stor porsjon sjarm, og den trufaste, men noko enkle skomakaren let seg fascinera av den veltalande tyskaren.

I Kristiania hadde ingen av dei noko særleg hell med seg. Ingen av dei hadde pengar, og Priess flytta inn hjå Simonsen saman med den barntunge kjærasten sin. Der tok planane om eit ran snart form. Offeret skulle syna seg å bli Lærdalsbonden Knut Grøte som sommaren 1863 hadde stått på torget i Kristiania i 14 dagar med røykelaks og etter kvart tent seg ein god slump med pengar. Den 10. august 1863 hadde dei to venene lokka han med seg på tur til Hovedøya i ein leigd robåt. Vel ute frå hamna trekte Simonsen fram ein pistol og skaut den godtruande bonden i bakhovudet. Skotet var ikkje dødbringande, og Grøte vart liggjande i botnen av robåten og ynka seg. Då tok Priess resolutt fram eit tau og strupte offeret. Etterpå skar han halsen over på han. Dei henta ein stor stein på Hovedøya og lempa liket over bord, bunde fast til steinen med ankertauet. Så vart båten gjort rein før han vart levert tilbake, og snart var dei to gjerningsmennene fordufta til København med pengane dei hadde stole frå offeret. Uheldigvis for ranarane flaut liket opp ei veke seinare. Ankertauet han var bunden med vart snart kobla saman med båten dei hadde leigd, der eigaren kunne fortelja politiet kven som hadde hatt båten då tauet var blitt borte. Dei to vart snart spora opp i København og ført attende til Kristiania, der dei vart dømde til døden.

I fengselet skjedde det ei religiøs omvending hjå begge, noko som gav dei ein viss sympati i folket. Denne sympatien vart ikkje mindre på sjølve avrettingsdagen, då det synte seg at dårleg organisering av dei utkommanderte soldatane gjorde at Priess, som var den første av dei dødsdømte som skulle til skafottet, måtte køyrast omkring i ein halvtime og venta på si eiga avretting. Augevitneskildringa i Morgenbladet gir også uttrykk for ein viss sympati med gjerningsmennene, då særleg for Priess: "Med Ro og Andstand traadte Priess, ledsaget af sin Præst, op paa Tribunen. Hans kraftige Bygning og gode Holdning forblev uforandret; han saa godt ud, hilste venlig til de faa, der vare paa Tribunen, og syntes med christelig Hengivenhed at gaa sin Død imøde. Efter at den forrettende Foged i Aker, Hr. Eger, havde oplæst Dommen, henvendte Præsten Møhne sig i en vakker Tale over ‘Syndens Sold er Døden’ til det omkringstaaende Folk. Derpaa knælede Priess sammen med Præsten og bad en kort Bøn, medens der rundt omkring herskede en dyb Stilhed. Priess var rørt, men fattet, han vendte oftere sit Blik mod Himlen og hans Aasyn var mildt og behageligt. Da han reiste sig op, omfavnede han sin Sjælesørger, kyssede ham og takkede ham til Afsked, hvorefter han uden Hjælp af Skarpretteren afførte sig Frakke og Vest, og gik med rolig Sikkerhed hen mod Blokken. Medens han knælede, blev hans Lommetørklæde bundet for hans Øine. Han indtog nu en liggende Stilling, og lagde Hænderne paa Ryggen. Præsten knælede i Bøn. Folket blottede sit Hoved. Medens Præsten høit og tydeligt læste Fadervor, bad ogsaa Priess halvsagte en Bøn. Skarpretteren stod med løftet Øxe. En uhyggelig Stilhed herskede rundt omkring. Da Ordene ‘Forlad os vor Skyld, som og vi forlade vore Skyldnere’ lød, faldt Dødshugget. Hovedet lagdes ved Siden af Kroppen. Straffen var fuldbyrdet. Efterat nogle af de tilstedeværende Læger havde iagtaget Liget, der viste de almindelige Muskeltrækninger og Bevægelser i de øverste Respirationsorganer, nedlagdes Kroppen og Hovedet i en almindelig simpel Ligkiste og kjørtes bort. Den af Blod besudlede Blok blev ombyttet med en reen, Blodet tørredes bort fra Tribunen og frisk Granbar og Sand strøedes udover: der gjordes Forberedelser til Simonsens Henrettelse."

4. Olaus Andersson (halshogd i Skedsmo 17.7.1868)
Olaus Andersson var fødd i Gøteborg. Han drog tidleg i lag med mora som omstreifande tiggar før han fekk seg noko jordarbeid på ein større eiegedom i Sverige. Her gifta han seg med ei tysk kvinne han vart kjend med då ho var på besøk på garden. Han levde likevel framleis av småsteling under fattige kår, noko han vart mint på under eit fuktig juleselskap saman med ein tysk familie som budde i nærleiken. Olaus vart sint, og gjekk derfor ut og sette fyr på garden der dei var på gjesting. Sjølv om ingen brann inne, vart han klaga for mordbrann og dømd til døden. Dette høvde godt, meinte han sjølv, for han sa seg lei av livet. Derfor vart det ein strek i rekninga for han då han vart teken i nåde og i staden dømd til straffearbeid i 10 år.

Da han vart sleppt fri kom han til Noreg der han gjekk under namnet Tyske-Anders og livnærte seg dels ved tigging og småarbeid, dels ved tjuveri. Han var ofte plaga av angst som han prøvde å døyva med alkohol. Denne angsten var så plagsom at han, etter eiga utsegn, framleis ønskte å døy. Og det skal ha vore dette dødsønsket som fekk han til å vitja Margrete Olsdatter Vestvolden, ei gammal kone i Skedsmo, for å be om husrom, og der han natta mellom 29. og 30. desember slo henne i hjel med ein øksehammar. Det var ikkje tale om eit ran, sidan kona var fattig og hadde ingenting det var verd å stela. Det var berre eit ønskje om å bli teken og dømd frå ei verd han hata like mykje som seg sjølv.

Då han vart arrestert, hadde han på seg støvlane til den døde. For å vera på den sikre sida hadde han sett sine eigne att i huset til offeret. Det var tydeleg at dødsønsket var sterkare enn tanken på å vera varsam og dekkja over spora sine. Og dømd til døden vart han. Skafottet vart reist i ein bjørkelund i Skedsmo, like ovafor kyrkja, der avrettinga skulle finna stad fredag 17. juli 1868. Den dømde vart følgd av prost Ingier og sonen hans, som var kapellan. Der tok den dømde eit rørande farvel som ein angrande synder før han la seg ned på blokka og fekk hovudet skild frå kroppen med eitt einaste hogg.

3. Jacob Wallin (halshogd i Bergen 25. januar 1876)
Jacob Wallin var fødd i Sverige av norske omstreifarforeldre. Allereie som ung gutt vart han jaga bort av faren sin og levde sidan eit landstrykarliv som ein einstøing. Han hamna i fengsel første gongen som 19-åring, og han vart arrestert fleire gonger i Sverige for tjuveri, fyll og vald.
Her i Noreg kom den første dommen hans i 1861 for tjuveri av klede. Fleire norske dommar følgde, m.a. vart han dømd i Kongsvinger i 1870 for å ha gått til åtak på ein politimann med kniv. Medan han sat i Christiania tukthus i 1871 braut det ut eit fangeopprør, der det vart sagt at Wallin stod i spissen. Han fekk eit tillegg i straffa på 6 månadar som skulle sonast i Bergen. Både medfangar og voktarar var redde for han, og det vart funne kniv på han fleire gonger.

Sundag morgon 2. mai 1875 var Wallin til lufting på gardplassen utanfor tukthuset. Han kom i krangel med voktarane, og som eit resultat av dette skulle han setjast på isolat på arrestrommet ved tukthuset dagen etter. Under lufteturen måndagen vart han oppsøkt av underinspektør Erik Madsen Hammer. Det kom til ein heftig diskusjon der Wallin trekte fram ein kniv og stakk inspektøren i underlivet. Skaden Hammer fekk var så omfattande at han døydde dagen etterpå.
Saka mot Wallin gjekk gjennom flere rettsinstansar, men i alle var avgjerda klar: Han skulle dømmast til døden. Det var få formildande omstende, og kongen skreiv under på dødsstraffa.

Utanfor murane gjekk diskusjonane høgt om dødsdommen. Samtidige skildringar tyder på stor motstand mot avrettinga og veksande motstand mot dødsstraff i det heile. Dei siste dagane sine sat Wallin og las i Bibelen, åleine eller saman med presten eller predikanten Traasdahl.
Då dagen for avrettinga kom, hadde det møtt opp tusenvis av forvitne tilskodarar, sjølv om bergensarane var blitt oppmoda til å halda seg heime. Det skal ha vore 5000 menneske til stades, både vaksne og born, men det var likevel heilt stilt ved rettarstaden. Skarprettaren hadde dei henta til Bergen frå Christiania, og han stod klar med ei stor øks. Først las byfogd Schjelderup opp alle dommane som var sagde over Wallin, i tillegg til den kongelege resolusjonen om iverksetjinga av dommen. Så las presten Dahl ei bøn, og spurde Wallin om han angra. Svaret var Ja. Så heldt Traasdahl ein liten tale før Wallin sjølv sa nokre ord som enda med ”Kjære Venner, be for meg”. Så vart det sunge ei salme før Wallin tok imot presten si velsigning og la hovudet på blokka.

Alt den same dagen kunne ein i Bergen kjøpa skillingsvisa ”En ny og sandfærdig Beretning og Vise om den grusomme Morder Wallin”. Han vart jordfesta i det stille på gravplassen på Møllendal. Neste dag var grava dekt av blomar, som var blitt lagde der i sympati i løpet av natta.

2. Sofie Johannesdatter Heffermehl (halshogd 18. februar 1876)
På same vis som dei føregåande var Sofie Heffermehl fødd i Sverige. Ho hadde eit ulasteleg rulleblad før ho vart tilsett hjå grosserar Stang i Fredrikshald, der ho gjekk i trufast teneste i fleire år. Trass i dette tok ho livet av husfaren og husmora med gift og prøvde å gjera det same med fleire av dei nære pårørande til huslyden. For dette vart ho den siste kvinna som vart dømd til døden i ein sivil rettssak her i landet.

1. Kristoffer Nilsen Grindalen ("Svartbækken") (halshogd i Løten 25. februar 1876)
Kristoffer Nilsen vart fødd på husmannsplassen Svartbekken under Grindalen i Elverum. Han utvikla seg til å bli ein vanekriminell og berykta forbrytar som sat på tukthuset i store deler av livet sitt. I 1874 vart han sleppt fri etter å ha site inne 7 år i Trondheim for eit postrøveri. I tida etter lauslatinga livnærte han seg som omreisande kremmar, og det var i eigenskap av dette at han dukka opp på Grundset-marknaden i Vestad i Elverum i 1875. Her sette han seg etter kvart føre å rana den 19 år gamle bondesonen Even Nilsen Dælien.

Svartbækken greidde å vinna tiltru hjå Dælien, og guten baud han skyss vidare til Husum. Etter 2 mil skilde dei lag. Svartbækken la seg på lur og venta på Dælien med ei øks han hadde hatt med seg heile vegen. I ly av mørkret gjekk Svartbækken til åtak og drap bondesonen med eit hogg mot hovudet.

Då drapet vart oppdaga fekk lensmannen hjelp av to politimenn frå Christiania. Dei gjekk frå hus til hus, og ei ung jente forklarte at ho hadde sett Dælien forlata Vestad i lag med ein eldre mann ho kjende som ein som drog rundt og selde sukkertøy. Politiet tok henne med til Grunsetmarkedet der ho kort tid etter kjende att Svartbækken. Han bar framleis blodige klede og ei tjukk lommebok med namnet "E. Dæhlien". Følgjeleg såg det nokså mørkt ut for Svartbækken.

Svartbækken vart dømd til døden i underretten i Søndre Hedemarken den 2. august 1875, og straffa vart stadfesta like opp til Høgsterett. Straffa skulle eksekverast på Stormyra i Løten, nær staden for brotsverket. Sjølv om staden ligg avsides til, hadde det møtt opp 3000 nyfikne tilskodarar. Presten spurde om Svartbækken hadde gjort det han var tiltala for og om han meinte dommen var rettvis. Svartbekken svara Ja på båe spørsmåla. Deretter bad presten ei bøn saman med den dømde. Så vart hodet skilt frå kroppen med eitt hogg.

Det gjorde eit sterkt inntrykk da gravaren etterpå tok hovudet til Svartbekken i håret og synte det fram. Fleire svima av og mange kunne fortelja at hovudet skar tenner. Kista vart heist over muren, siden drapsmenn ikkje fikk passera gjennom porten.

Ei tid etter avrettinga vart det gjort eit likfunn i Dovre. Det synte seg å vera ei kvinne som var blitt meldt sakna kort tid etter at Svartbækken hadde sleppt ut av fengselet i Trondheim. Det var tydeleg at kvinna var blitt drepen, og det vart hevda at skrinet Svartbækken nytta under sukkertøyhandelen var identisk med eit skrin denne kvinna skulle ha ått. Svartbækken var den einaste mistenkte for dette mordet, men saka kunne ikkje oppklarast no som han var død.

Kjelder:
Ørnulf Hodne: Mystiske steder i Norge. Oslo 2000
Erik Oluf Melvold: Priess og Simonsen. Temahefte nr. 4. Utgitt av av skolesjefen i Oslo som en del av prosjekt "Oslo-Patriot".
Avisa Verdens Gang 8/1, 23/4 og 5/8 1868
Retstidende nr. 26, 1868, s. 441
www.digitalarkivet.uib.noUnknownnoreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-30890768670576455322010-08-10T14:25:00.005+02:002010-08-22T19:25:55.176+02:0010 norske eufemismar for å kasta oppEin eufemisme er eigentleg eit ord eller ei formulering som vert nytta for å pynta på uttrykk som i visse situasjonar kan oppfattast som vulgære eller upassande. Såleis kan ein i visse høve nytta nemningar som «vondemannen» for Djevelen eller «veslekaren» for penis. I mange høve kan desse erstatningsorda bli meir fargerike enn orginalen og gjer såleis språket rikare på den måten at dei skapar fantasifulle synonym. Ofte kan difor eit ønske om meir variasjon i språket vera hovudårsaka til at slike eufemismer vert nytta.

Å kasta opp eller å spy er jo greie norske uttrykk som ein kanskje ikkje skulle tenkja seg at det var nokon vits i å pynta på. Men under ein finare middag der ivaretaking av matlysta er eit poeng, vil nok somme av uttrykka nedanfor vera greie å trekjja fram. Dei fleste av uttrykka stammar frå mi eiga innsamling frå munnlege kjelder. Fleire forslag vert godt mottekne.

1. Gje hals
2. Ofra til Neptun
3. Snakka i den store porselenstelefonen
4. Be til porselensguden
5. Ropa på elgen
6. Ropa på Ulrik
7. Køyra buss
8. Mata krabben
9. Rolfa
10. Hosta i fargarUnknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-37285525011574950722010-08-08T17:38:00.005+02:002010-08-22T19:27:25.141+02:0010 norske religions-"førster"1. Første pinseforsamling
Landets første pinseforsamling var Filadelfiamenigheten i Oslo. Ho vart stifta i 1906 av Thomas B. Barratt.

2. Første baptistforsamling
Landets første baptistforsamling vart stifta på Tollnes i Skien kommune i 1860.

3. Første bedehus
Det første bedehuset i landet skal ha vore Strand bedehus i Rogaland som vart bygd ved Strand kyrkje i 1837. Nabokommunen Hjelmeland skal ha fått det første bedehuset like etter. Men på denne tida var ikkje namnet bedehus introdusert på forsamlingshus av denne typen. Det var det presten Lammers i Skien som gjorde da han bygde bedehuset «Hauges Minde» i 1853.

4. Første metodistforsamling
Landets første metodistforsamling vart formelt stifta i Sarpsborg den 11. september 1856.

5. Første moské
Noregs første moské var Islamic Cultural Centre i Oslo, Opna 1974.

6. Første imam
Den første som vart tilsett som imam her i landet var Mushtaq Ahmed Chishti [1943-]. Han kom til Noreg i 1981.

7. Første jødiske samfunn
Etter at innreiseforbodet for jødar vart oppheva i 1851 flytta den første som vedkjente seg til den mosaiske trua til Noreg i 1852. Det var Abraham Vollman som kom frå Lübeck til Christiania, der han opna si eiga verksemd. Førti år seinare (1892) vart det første jødiske samfunnet skipa i Oslo, då «Det Jødiske Samfund» vart danna (namnet vart året etter endra til «Det Mosaiske Troessamfund i Christiania»). Noregs første synagogen vart vigsla i Oslo 1920 i Bergstien 13. På denne tida var det heile 4 ulike jødiske forsamlingar i Oslo, der det var «Det Mosaiske Trossamfunn» som fekk æra av å byggja den første norske synagogen (Kjelder: Göte Hedenquist: Jødenes verden. Oslo 1975; Nettsidene til Det mosaiske trossamfunn).

8. Første misjonsforeining
"Forening i Stavanger til Guds Riges Udbredelse blant Hedningerne", der presten Gabriel K. Kielland stod som ein av initiativtakarane, vart stifta i 1826. Det Norske Misjonsselskap vart danna 16 år etterpå, i 1842, også med Kielland som ein av føregangsmennene. Kona hans, Gustava Kielland, skipa i tillegg den aller første kvinneforeininga i Lyngdal 1844.

9.Første lutherske biskop i Noreg
Gjeble Pederssøn (ca. 1490 - 1557) f. i Herøy i Nordland vart i 1535 vald til katolsk biskop i Bergen, men gjekk kort etter over på kong Christian 3 si side og slutta seg til den lutherske læra. I 1537 vart han vigsla til evangelisk biskop (superintendent) av Johannes Bugenhagen i København.

10. Første søndagsskule
Landets første offentlege søndagsskule vart halden i 1844 i Stavanger. Det var kjøpmann Sven E. Svendsen og futen Søren Daniel Schiøtz som tok initiativet til dette.Unknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-62060480381363195872010-08-08T17:15:00.008+02:002010-08-22T19:28:30.936+02:0010 Noregsrekordar frå Stavanger1. Einaste I: Stavanger Domkyrkje er den einaste norske katedralen frå mellomalderen som har halde på sin utsjånad og i tillegg vore i kontinuerleg bruk sidan 1300-talet. Kyrkja vart bygd i første halvdelen av 1100-talet, og tradisjonelt held ein år 1125 som byggjeåret.

2. Einaste II: Rogaland Teater i Stavanger er det einaste teateret i Norden som driv eit eige barneteater.

3. Eldst I: 2. Stavanger speidargruppe vart stifta den 22. mars 1911 og er i dag landets eldste aktive speidargruppe.

4. Eldst II: Brødremenigheten sitt forsamlingshus i Nygaten i Stavanger er det eldste eksisterande bedehuset i landet. Det vart bygd i 1846 (sjå også u. "Første bedehus" her).

5. Eldst III: Forus er landets eldste travbane der det framleis vert køyrd løp. Bana vart opna den 6. juni 1920.

6. Først I: Landets første totalfråhaldsforeining vart skipa i Stavanger av Asbjørn Kloster den 29. desember 1859.

7. Først II: Andersen møbelfabrikk i Stavanger var den første fabrikken i landet som gjekk over til 5-dagars arbeidsveke. Denne verksemda var i si tid den største og mest moderne møbelfabrikken i landet (Kjelde: Stavanger Byleksikon).

8. Først III: Landets første pelsdyroppdrett vart starta på Brattholmen utanfor Stavanger i 1897. Det var Godtfred Fuglestad frå Bjerkreim som fanga rev i Nord-Noreg og prøvde å driva avl på denne øya. Reveoppdrettet flytta seinare (1908) til Hommersåk i Sandnes (Kjelde: Willien Nedrebø: Godtfred Fuglestad. Landets første reveoppdretter. Stavanger 1930).

9. Først IV: Den første norske utvandringa til Amerika starta frå Stavanger i juli 1825. Då la den norske sluppen Restauration frå kai med 52 norske emigrantar om bord etter initiativ frå Cleng Peerson frå Tysvær. Skipsførar var Lars Olsen Helland frå Stavanger, medan Peder Eriksen Meland hadde oppgåva som styrmann. Båten kom fram til New York den 9. oktober etter ei strabasiøs ferd over Atlanterhavet. Der vart emigrantane møtte av Cleng Peerson, som sjølv ikkje var med på denne ferda, men var reist på førehand for å ta landet i augnesyn. Det gjekk likevel nokre år etter dette før den norske utvandringa starta for alvor. Først i 1836 vart det tale om nokon organisert og regelmessig utvandring til Amerika.

10. Størst: Stavanger vert ofte marknadsført som Nord-Europas største og best bevarte trehusby. Bydelen Gamle Stavanger består av i alt 173 kvitmåla trehus som alle er verna og restaurerte.Unknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-69882336172717782812010-08-06T13:11:00.011+02:002010-08-22T19:30:24.928+02:0016 bøker som er blitt forbodne i Noreg i fredstidDersom ein ser bort frå den omfattande boksensuren som okkupasjonsmakta påla oss under den andre verdskrigen, er det nok spesielt to forbodne bøker dei fleste nordmenn vil kjenna til. I alle fall dei som har levd ei stund. Den eine er Agnar Mykle sin roman Sangen om den røde rubin som kom ut i 1956. Med bakgrunn i seksualskildringane vart boka forboden i 1957, men frigitt att i 1958. Fleire vil nok også nemna Jens Uten en tråd av Jens Bjørneboe. Denne romanen vart forboden i 1967, også denne grunna dei seksuelle skildringane. Ingen av desse bøkene er likevel eineståande i norsk sensurhistorie, noko den følgjande lista vil syna. Rett nok har ikkje alle bøkene nedanfor hatt den same pirrande spenninga ved seg som de to nemnde romanane, og det er nok kanskje derfor mange av bøkene i denne lista ikkje vert hugsa lenger.

1. Grøndalen, Anders Andersen: Sendebrev fra Bonden Anders Andersen Grøndalen til alle Europas Atheister, Dæister, Naturalister etc. Christiania 1800.
Grøndalen, som kalla seg sjølv „en simpel Bondemand“, hadde sett seg lei på fornuftsdyrkninga og fritenkninga som bana seg fram på den tida, og meinte at prentefridomen hadde gått for langt. Derfor forfatta han denne boka for å kritisera filosofar som Kant og Voltaire og elles alt som gjekk mot hans eige syn på religiøse saker. Så langt er alt greitt. Men når han i den samme kritikken tek med seg kong Christian 7., som han meinte hadde tillete altfor stor ytringsfridom, sørgde han for at boka vart stogga før ho kom ut. Paradoksalt nok greidde han med dette å passera grensene for den trykkefridomen han sjølv ønskte å innskrenka. Det finst visstnok ingen eksemplar av boka lenger, slik at rettsprotokollane er den einaste kjelda me har når det gjeld innhaldet av henne.

2. Hauge, Hans Nielsen: De Eenfoldiges Lære og Afmægtiges Styrke, der underviser, hvorledes vi skal være som Børn, naar det angaaer vor egen Ære og timelige Skade; men mandige og stærke, naar det gielder Guds Ære og hans Kirkes Skade. Udgivet af det svage Ler-Kaar, for Kraften er Guds, Hans Nielsen Hauge, Kjøbmand i Bergen. Christiansand 1804.
Dersom det nokon gong hadde vore på tale å forby bøker fordi dei hadde for lange titlar, hadde dette vore ein grei stad å starta. Men her var det nok verken boka eller tittelen som var problemet, men Hauge sjølv. Etter at Hans Nielsen Hauge vart fengsla i 1804 for det som vart sagt å vera krenkingar av Konventikkelplakaten av 1741, gjekk det i 1805 ut ein ordre om at alle som hadde motteke skrifter av Hauge måtte levera desse tilbake. Dei skulle då forvarast hjå styresmaktene til saka mot han var blitt avgjort for „at standse de skadelige Følger, en videre Udbredelse af ovenmeldte Skrifter kunde medfølge“. Før denne pålegget vart send ut hadde Hauge og venene hans gitt ut 19 ulike skrifter. Det synte seg at desse var komne ut i heile 59 utgåver, noko som førde til at styresmaktene fikk nok å gjera. Slik sett får „De Eenfoldiges Lære“ frå 1804 berre stå som eit døme på alle desse.
Hans Nielsen Hauge vart endeleg frikjend den 23. desember 1814, og to år etter vart inndraginga av skriftene hans oppheva.

3. Krutzkoff, Moses Jacoakovski: Denne bog indeholder en Offentliggjørelse af Dokumenterne i Sagen mellem Moses Krutzkoff og Overrettssagfører Georg Sverdrup, Sorenskriver Erlandsen m.fl. Embedsmend i Norge. Tønsberg 1883
Ca. 1877 kom den polske jøden Krutzkoff via Sverige til Noreg. Her reiste han ein del rundt og selde klokker og gullsmedvarer. Medan han var i Nord-Noreg vart han meld for underslag av urhandlaren Marcus Pabst og vart i 1879 dømd til soning på vatn og brød i 5 dagar, i tillegg til å betala saksomkostningane. Krutzkoff anka like til Høgsterett der dommen vart auka til 10 dagars fengsel. Då let Krutzkoff harmen sin gå ut over dei norske styresmaktene og gav ut to småskrifter der han klaga Markus Pabst og overrettssakførar Sverdrup for dokumentforfalsking. Andre embetsmenn fekk også gjennomgå. Sverdrup melde han for trugsmål, men saka vart lagt bort. I 1883 gav derfor Krutzkoff ut ei bok på 160 sider der han refererte alle saksdokumenta samstundes som han tok opp att klagemåla. Bøkene vart beslaglagde av politiet i Tønsberg nokså raskt etter publiseringa og vart lagra på loftet i rådhuset i Tønsberg før dei vart brende i 1924. Nokre få eksemplar finst framleis, m.a. ved Universitetsbiblioteket i Trondheim.

4. Jæger, Hans: Fra Kristiania-Bohêmen. 2 bind. Kristiania 1885.
I denne boka ville Jæger syna korleis kjønnsmoralen på den tida virka øydeleggjande for unge og evnerike menneske. Skildringane i boka var litt for naturalistiske for styresmaktene og berre ein time etter at ho var komen på marknaden var ho grundig beslaglagt. Jæger vart dømd til både bot og arrest i 80 dagar for blasfemi og for krenking av moralen. Då han slapp ut av arresten selde Jæger ein del eksemplar han hadde berga frå å bli inndradde. I tillegg hadde han 300 eksemplar av første bind liggjande på eit loft. Han fekk laga nytt omslag og tittelblad på desse og drog til Sverige for å prøva å selja bøkene der. Sjølv om bøkene no hadde fått den uskuldige tittelen „Julefortællinger“, greidde han ikkje unngå at boka ble beslaglagt også der og Jæger vart på ny tiltala i Noreg. Denne gongen vart det 150 dager i kasjotten. Ti år etter, i 1895, gav Jæger ut ei „rensa“ utgåve av Kristiania-Bohemen. Den originale og inndregne utgåva skal visstnok ikkje vera så særs sjeldan idag. Men skulle ein kome over ei utgåve av „Julefortælinger“ er dette ein langt større sensasjon.
I 1950 kom det første uendra opptrykket av Kristiania-Bohêmen, og sidan har det kome fleire utgåver.
Seinare fekk han gitt ut tre bøker i Frankrike som også vart forbodne i heile Skandinavia: Syk Kjærlihet (Paris 1893), Bekjendelser (Lorient 1902) og Fængsel og Fortvilelse som eigentleg var del 2 og 3 av Syk Kjærlihet.

5. Beinigen, Ole Ingvald Marius: Kristiania Bohêmen paa eventyr. Første aften. En promenade paa Carl-Johan og den følger. Novelle af Olaf Bernick. Kristiania 1886.
Bohemrørsla vart sett på som eit opprør mot samfunnet på den tida. Bohemane sin livsførsel braut radikalt med det som var rådande, samstundes som dei målbar ein samfunnskritikk som virka trugande på styresmaktene. Sjølv om bøkene til Hans Jæger vart råka av det gjengse synet på moral, kan ein ikkje sjå bort frå at dette også kunne vera eit vikarierande motiv til å beslagleggja bøkene som sprang ut frå krinsen rundt Kristianiabohemane.
Slik gjekk det også med den vesle boka „Kristiania Bohêmen paa eventyr“, skriven av den tidlegare telegrafisten Ole Ingvald Marius Beinigen og prenta i 1100 eksemplar. Boka vart aldri seld gjennom bokhandlarane. I staden vart ho marknadsført på kontor, i butikkar og kring om på dørene av bokseljarar eller kolportørar både i og utanfor Christiania.
10 dager etter at boka kom ut vart ho beslaglagt. Byfogden fekk tak i 50 eksemplar frå bokhandlar M. Askeland som nekta å fortelja det rette namnet på forfattaren, men tok på seg det juridiske ansvaret for publiseringa. For dette vart bokhandlaren dømd av Høgsterett same år, medan forfattaren sjølv stakk av til Stockholm. Der fikk han utarbeidd ei svensk utgåve han hadde omsett sjølv, „Kristiania-Bohêmen på äfventyr“. Etter dette vart han straks arrestert etter lausgjengarparagrafen og send heim til Noreg att, der han vart idømd bøter, m.a. for „usømmelig skrivemaade“.
Det finst eit eksemplar i Nasjonalbiblioteket av den norske utgåva, medan Universitetsbiblioteket i Trondheim har eit eksemplar av den svenske.

6. Krohg, Christian: Albertine
Den kjende norske målaren Christian Krohg kom heim med manuskriptet til „Albertine“ etter eit opphald i utlandet. Då han kom heim fekk han oppleva suksessen og oppstusset kring Hans Jæger og „Fra Kristiania-Bohêmen“ og vart med dette inspirert til å leggja til fleire og meir realistiske kapittel til sitt eige manuskript. For å gardera seg mot sensur og beslaglegging hadde han vore på visitt hjå justisministeren for å høyra om delar av boka kunne vera juridisk omstridde. I så fall var Krohg viljug til å omarbeida desse avsnitta. Men statsråden meinte dette ikkje var naudsynt og boka vart gitt ut slik ho var. Derfor vart overraskinga stor då boka likevel vart beslaglagt dagen etter at ho kom ut. Årsaka skulle vera at ho „krenket blufærdigheden“. Dei som då hadde nådd å kjøpa boka og såleis fekk lesa henne, stilde seg heilt uforståande til dette, og meinte at den eigentlege grunnen var at Krohg hadde nytta ein av dei høgare politiembetsmennene i Christiania som modell for politifullmektig Winther. Protestane spreidde seg og vart etter kvart til ein storm. Likevel stod inndraginga ved lag, Krohg vart dømd til bøter og boka vart brend. I tillegg vart „Verdens Gang“ for 19. oktober 1887 beslaglagd, sidan denne utgåva av avisa inneheldt den forsvarstala Krohgs heldt i Høgsterett. Dommen sette og stopp for alle framtidige nye opplag.
Boka vart ikkje gitt ut på ny av eit norsk forlag før i 1967, då Gyldendal gav ho ut i Lanterne-serien saman med den beslaglagde forsvarstalen. Men salgsforbodet hadde i praksis vore oppheva sidan 1920, då det låg føre ei dansk utgåve som også vart lagt ut for sal i norske bokhandlar.

7. Stenrud, Kristian Andreassen: Kristiania ved Nat og Dag eller bort med Sløret. Fortællinger om mystiske Forhold i Kristiania af. Kr. Stenrud. Kristiania 1886-1887
Forfattaren hadde ei fortid som politikonstabel i Christiania og hadde tidlegare det same året gitt ut boka „Politimysterier“. Denne boka kom i 2 deler á 6 hefter, der hefte 5 i del 2 vart beslaglagt av politiet. Den same lagnaden fekk „Kristiania ved Nat og Dag“ som var eit framhald av „Politimysterier“. Her var det hefte 3 og 6 som vart inndregne, delvis sidan deler av innhaldet vart sett på som usømelege, men også av di heftene inneheldt grove skuldingar mot fleire høgare embetsmenn i Christiania-politiet. Forfattaren vart idømd bøter for begge hefta i to ulike dommar i byretten.
I 1887 gav han også ut „Fortællinger om Livet i Kristiania fra 1624-1887“ i 6 hefte. Her vart også fleire av hefta inndregne av politiet. I tillegg står Stenrud truleg bak skriftet „Fra Kristiania-Bohêmens Verden eller Afsløringer fra de høiere Samfundslag af en Sædelighedsven udenfor Foreningen“ som kom ut i hefte det same året. To av desse hefta vart også stogga. Vidare kom det ut tre hefter i 1887-88 med tittelen „Kristiania-mætressene eller Skandalehistorier fra nutiden“ med forfattarnamnet Mikkel Lurehol på omslaget. Dette er utan tvil eit pseudonym og det skulle ikkje forundra meg om det var Kristian Stenrud som var ute med skriveria sine nok ein gong. Og då kjem det nok som inga overrasking at også desse hefta vart inndregne.

8. Hansen, Kristoffer Ragnvald: Hvor længe skal det taales? Hentydinger til vort Retsvesen, med Aftryk af flere Dokumenter. Af K. R. Hansen. Kristiania 1887
Mange elskar ein god krangel. Og mange nektar å gje seg sjølv om dei veit dei har tapt. Særleg dersom ein er utdanna typograf og såleis har eit lettvint høve til å setja synspunkta sine på prent. Slik var det med K. R. Hansen som i 1884 gifta seg med den økonomisk attraktive enka Eli Ellefsen. Som gift med henne gav han lensmann Peter Christian Sandberg ansvaret for å selja sin del av garden Seter i Kongsvinger det same året. Men han kom etter kvart i strid med Sandberg sidan han meinte at lensmannen tok seg betalt for ting som ikkje hadde med sjølve salet å gjera. Hansen klaga til styresmaktene, men klagemålet førte ikkje fram. Dermed forfatta han denne boka der han kom med harde åtak mot lensmannen, så harde at boka vart beslaglagt av politiet. Såvidt ein veit vart ikkje forfatteren meldt til politiet for boka.

9. Kristiania-romanen. Sjildrende fortællinger av hovedstadens nyeste og mest yndede forfattere. Lillestrøm 1891
Boka „Kristiania-romanen“ var på heile 504 sider og inneheldt 75 lengre eller kortare stykke, medrekna eit par dikt. Boka vart gitt ut i 1891 i samarbeid med Kristiania-avisa „Morgengryet“ og vart prenta i 10 000 eksemplarer. Somme av desse vart selde på vanleg vis, men dei fleste vart delte ut til „Morgengryet“ sine tingarar, som fekk boka i staden for nummer 34 av avisa. Kort etter vart boka beslaglagt etter ordre frå riksadvokaten og politiet greidde å samla inn att heile 8042 eksemplar. Redaktør Jon Flatabø nekta å gje opp namna på nokon av forfattarane som, med nokre få unntak, enten var anonyme eller skreiv under pseudonym. Flatabø vedgjekk å ha skrive ein del av stykka sjølv, og han vart sett under tiltale og dømd i lagretten i 1892. Etter å ha anka til Høgsterett vart han dømd til husarrest i 60 dagar i tillegg til at beslagleggjinga skulle stå ved lag. Årsaka til dette var at boka bl.a. inneheldt stykke som „Grove elskovssprøit i Slotsparken“, „Jenta og nattefrierne“ og „Grov usædelihet paa bygden“. Innholdet i desse og ein del andre bidrag vart for mykje for den offentlege moralen.

10. Jensen, Ole: I Politiklør eller Kjøbmand Ole Jensens Viderværdigheder i Vika og Oplevelser i Møllergaden Nr. 19. Kristiania [1902?]
Forfatteren selde vin og sigarar i Kristiania, delvis ulovleg. Han vart ilagd bøter for dette fleire gonger, og til slutt var bøtene oppe i 800 kroner, ein svimlande sum på den tida. Ole Jensen kunne ikkje og ville ikkje betala så mykje, og han måtte såleis inn på vatn og brød. Etter soninga skreiv han denne boka som inneheldt kraftige skuldingar mot politiet. Og som ein måtte venta vart boka beslaglagt. Etter det var boka ukjent heilt til ho dukka opp i eit antikvariat i 1938 der ho vart kjøpt av høgsterettsadvokat Arthur Skjelderup. Då han døydde vart dette eksemplaret donert til Universitetsbiblioteket i Oslo. Det kom kan hende ut eit framhald av boka til Jensen, men noko slik bok ser i så fall ikkje ut til å eksistera lenger.

11. 1911: Andersen, Hans Louis: Falden blandt Røvere. Et mørkt blad av Norsk rets- og kriminalhistorie. Fhv. Missionforstander Hans Louis Andersens økonomiske kamp mot sakførere, retsmyndigheter og sindssykelæker [sic] for at redde sine eiendele og fri sig fra indespærring paa sindssykeasyl for alltid. Kristiania 1911
Dersom me no har meir pust att, kan me kanskje også sitera det som står på omslaget av denne boka på 291 sider, og som kan hende røpar innhaldet endå tydelegare: Falden blant Røvere. Grufuld flaaeraffære i Kristiania. O.r.sakfører Olaf A. Søberg og skiftefuldmægtig Stian Bech m. fl. Plyndrer, retsforfølger og vil gjøre sindssyg fhv. Missionsforstander Hans Louis Andersen. Benytter løgnaktige anmeldelser og vidneforklaringer. Statskassen betaler Andersen 1500 kr. For uberettiget forsøk paa at faa ham erklæret sindsyk og samfundsfarlig og anbrakt i sindssykeasyl. Forfatterens Forlag. Pris kr. 1,70.
Det kunne jo ikkje gå bra. Forutan dei personane som vert nemnde på omslaget vert også fleire innan politi og rettsvesen omtala på eit temmeleg utilbørleg vis. Boka vart grundig beslaglagt før nokon fikk høve til å lesa alle klagemåla til Andersen.

12. Fett, Harry Per: Guder og mennesker. Døde røster. Ny samling. Kristiania og Kjøbenhavn 1912
Harry Fett (1875-1962) som med tida vart ein særs framståande kunsthistorikar og kulturfilosof, starta forfattarskapen sin i 1911 med boka Døde røster, som han publiserte anonymt. Etter denne kom Guder og mennesker (1912) som også vart gitt ut anonymt. I denne boka kan ein lesa om to fingerte personar, ein universitetsstipendiat og ein agent. Desse to diskuterer ein annan stipendiat som skal vera „den mest pøbelaktige mann i landet [...] Hans tale er en veldig foss av skjellsord og injurier. Han er en ren mistbenk for pøbelaktighet“.
Historikar og dåverande stipendiat Macody Lund skjøna raskt at det var han dette var mynta på og kravde at boka vart forboden sidan han fann dette ærekrenkjande. Forbodet vart då også i desember det same året, og han saksøkte i tillegg Gyldendalske Boghandel for å få restopplaget konfiskert. Retten gav dessutan Lund medhald i at grensene for adgangen til å nytta ein levande modell i eit litterært verk var overskriden i dette tilfellet. Dermed vart restopplaget beslaglagt og øydelagt. Idag finst det nokre eksemplar ved Universitetsbiblioteka i Bergen, Trondheim og Oslo.

13. Sørby, Anders Christiansen: Min livshistorie. Av And. Chr. Sørby Forhenv. Sogneprest til Velfjord. Porsgrunn [1931]
Anders Chr. Sørby hadde fungert som sokneprest i Velfjord i Søndre Helgelands prosti frå 1906, men hadde nokså tidleg fått kyrkjelyden mot seg. Fleire ganger sende soknerådet, formannskapet og kommunestyret inn klage på han til biskopen fordi han vore uhøvisk både ovafor kyrkjelyd og konfirmantar. Sidan dei følgjande samtalane med prost og biskop ikkje såg ut til å ha nokon verknad på han, vart han beden om å gå frå stillinga. Dette ville ikkje Sørby vera med på, og etter kvart som tilhøva stadig vart verre, vart han suspendert av Regjeringa i 1912 og til slutt formelt avsett ved dom i 1917. Etter å ha skrive ferdig ei bok på 186 sider i januar 1931, fann han ut at ho vart for kort til å få fram det han meinte. Han byrja såleis på ei utvida utgåve på 376 sider som var ferdig i juni same året. I begge bøkene omtala han mellom anna saka mot han og fleire av de involverte personane på ein slik måte at styresmaktene fann det best å stogga salet og konfiskera restopplaget.

14. Neegaard, Signe: Massøsen forteller. Små avsløringer av Eva. Oslo 1934
Signe Neegaard var frisørdame i Oslo og eigar av Ramona Damefrisérsalong. Hun let seg inspirera til å skriva denne vesle boka (61 sider) „av det avisene i det siste har skrevet om massøsene, [derfor] har jeg notert ned disse tildragelser“. Omslaget synte ei ung dame i profil, kledd berre i ein morgonkjole som var trekt til side. Då Berliot Kittelsen i Morgenposten fekk eit eksemplar ho skulle melda, gjorde ho nettopp det – men til politiet. Opplaget vart beslaglagt og forfattaren gjekk med på at boka skulle trekkjast tilbake for å sleppa rettssak.
På ein bokauksjon i 1939 fikk J. W. Cappelens Antikvariat tilslaget på eit eksemplar som hadde unngått klørne til politiet. Boka skulle formidlast vidare til ein kunde i Trondheim. Men kunden fekk aldri boka fordi politiet kom og beslagla eksemplaret. Det er truleg første og siste gongen ei bok har blitt konfiskert på ein bokauksjon her til lands.

15. Bergsvik, Arne: Vi er ikke forbrytere. Oslo 1950
Boka var eit åtak på rettsoppgjeret etter krigen, noko som i seg sjølv kunne innehalda mykje sprengstoff for eit folk som hadde prosessane mot dei såkalla landssvikarane så tett på og nært i tid. Men hovudankemålet mot boka var ein del påstått ærekrengande skuldingar mot fleire embets- og tjenestemenn. Forfattaren vart derfor tiltala og arrestert 26. september 1950. Samstundes vart ei anna bok av ein annan forfatter klaga for omlag dei samme tilhøva. Det galdt boka „Dømmer ikke“ av Oliver Hansen Langeland. Etter dom i lagretten av 9. desember 1950 vart Langeland frifunnen, men somme av dei skuldingane han hadde retta mot namnkjende personar vart trekt attende og boka vart inndregen. Den same lagnaden fekk også bok til Bergsviks, og i tillegg vart forfatteren idømd ein fengselsstraff på 60 dagar. Begge anka, men bortsett frå at Bergsvik fekk sett ned straffa til fengsel i 30 dagar, vart inndraginga av bøkene ståande ved lag.

16. Lefèvre, Agnes og Ernestine: Blokk 7. Daglig liv i „Kjærlighetsredet“ i en tysk konsentrasjonsleir. Oversatt fra fransk etter originalmanuskript. Oslo 1954
Boka inneheld det som skal vera autentiske skildringar av dei erotiske opplevelingane til to unge søstre i ein tysk konsentrasjonsleir under den andre verdskrigen. Det synte seg at namnet på dei to søstrene som skulle ha forfatta boka var eit pseudonym og det vert spekulert i om boka var omsett frå fransk i det heile. Boka vekte stor oppsikt og vart sett på av mange som særs spekulativ. Derfor valde forlaget, Brann forlag i Oslo, å trekkja ho attende. Trass i dette vart det sett i gang etterforskning kring boka. Ho vart nemleg oppfatta som så grisete at ein ville prøva å finna fram til den rette forfattaren i fall han likevel var norsk. Restopplaget på 48 bøker vart konfiskert og eit eksemplar vart send til politiet i Danmark dersom den eigentlege forfattaren skulle finnast der. I tillegg vart eit eksemplar innlema i samlingane til Kriminalmuseet ved Oslo politikammer. I 1960 vart saka lagt bort utan at ein hadde funne ut kven forfattaren var. Likevel valde politiet å destruera dei resterande 46 eksemplara.

Kjelde: Arthur Thuesen: Beslaglagte og supprimerte bøker vedrørende Norge. Gyldendal 1960Unknownnoreply@blogger.com2tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-56745121005335216522010-07-29T19:15:00.007+02:002010-08-22T09:36:28.013+02:008 norske teikneserie-"førster"1. Første norske teikneserie
Den første lengre norske teikneserien er Kari, Per og Søren paa besøk i hovedstaden og paa reise til Amerika. Serien vart teikna av Gunnar Tandberg og skriven av Nanna With og gjekk i bladet For Hus og Hjem i 1912. Serien skildrar det unge søskenparet Per og Kari sine opplevingar i hovudstaden. Dei kjem frå ein gard, og tek med seg grisen Søren til Kristiania. Serien kom ut som eige hefte i 1913.
Men det vart laga teikneserieliknande forteljingar også før 1900-tallet. Røtene til dei norske teikneseriane ligg i dei illustrerte biletmagasina som kom på siste halvdelen av 1800-tallet. Her kan ein finna bidrag som per definisjon er teikneseriar. Den tidlegaste som til no er funnen vart prenta 5. mars 1864 i bladet Vikingen, og er ein serie på fire bilete: Studenternes Krigsøvelser. Serien skildrar den kjedelege kvardagen til soldatane med ein humoristisk vri. Me veit ikkje sikkert kven som laga denne serien, men ein går ut frå at forfattaren er norsk (kjelde: www.seriefokus.no/Historikk/1900.html).

2. Første norske avisserie
Den første avisa med teikneseriar var Tidens Tegn, ei dagsavis som kom ut i Noreg frå 1910-1941. Her vart serien Professor Tanke av Ivar Mauritz-Hansen prenta første gong i 1926, men før dette laga han fleire meir eller mindre kortvarige seriar for avisa, m.a. Onkel Brombass (som med dette vart den første norske avisserien), den humoristiske detektivserien Detektiv Luresen og serien Jumbo. Senere vart Mauritz-Hansen mest kjend for serien Blåmann.

3. Første serie med pratebobler
Den første norske serien som nytta seg av pratebobler var truleg Professor Tanke av Ivar Mauritz-Hansen.

4. Første science-fictionserie
Den første norske science fiction-serien var Reisen til Ken som gjekk i Arbeidermagasinet i 1933. Han var laga av teiknaren Arent Christensen og forfattaren Christian Haugen som også samarbeidde om fleire andre spaningsseriar, i hovudsak basert på Haugens sine romanar.

5. Første julehefte
Det første norskproduserte eigentlege juleheftet var Pappa og Pjokken som vart gitt ut første gong 1917. Heftet var skrive av Jan Lunde.

6. Første teikneserie på nynorsk
Då Nynorsk Vekeblad kom med det første prøvenummeret i 1934, var det med 4 teikneseriar med nynorsk tekst: Tom Tricks opplevelser i sagnbyen Anan, som opprinneleg var ein amerikansk serie, Nils og Blåmann, Halle Trallemann og den svenskproduserte serien Besse B. Alle desse seriene var rett nok blitt sett om frå originalspråket eller frå bokmål.
Smørbukk vart lansert i Norsk Barneblad sommaren 1938 som den første teikneserien som hadde originaltekst på nynorsk. Serien var opphavleg teikna av Jens R. Nilssen som også teikna Tuss og Troll.

7. Første spaningsserie
Det som er rekna som den første norske spaningsserien var Haukepatruljen. Han starta i Ukemagasinet 1930 og vart teikna av Jens R. Nilssen etter tekst av Alf Fossum. Serien handlar om ei gruppe flinke speidarar som hjelpte folk og fanga skurkar i Noreg og utlandet.

8. Første kvinnelege serieskapar
Den første kvinnelege norske serieteiknaren var Solveig Muren Sanden som teikna Tuss og Troll frå 1957. Seinare teikna ho også Smørbukk frå 1960. Nanna With var den første norske tekstforfattaren til ein serie (sjå "første teikneserie").

Kjelder:
www.seriefokus.no
Morten Harper: Tegneseriens triangel. Bø i Telemark. 1997

Unknownnoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-5384437887740624558.post-4208425919584288062010-07-28T19:08:00.005+02:002010-08-22T09:39:50.824+02:00Dei 5 siste menneska som er blitt drepne av bjørn i NoregDå den 13 år gamle gjetarguten Johan Sagadalen vart slegen i hjel av ein bjørnelabb ein seinsommardag i Vassfaret, vart han den siste av ei lita rekkje menneske som har hatt fatale møte med bamsen gjennom tidene. I alt vart det i perioden 1750-1962 registrert 27 dødsfall og 48 skadetilfelle valda av bjørn i Noreg og Sverige til saman, der det siste i Norge med dødeleg utgang hende i 1906.

Bjørnen vert oftast rekna for å vera eit godlynt dyr berre det ikkje blir terga eller overraska. Den følgjande lista over dei 5 siste bjørnedrapa her i landet demonstrerer såleis ei blanding av uheldige omstende, ungdommeleg overmot og skadeskotne dyr. Men sjølvsagt la dette ikkje nokon dempar på den respekten folk hadde for dette store og myteskapande dyret.

5. Isak Brønnelsen (Brynjulfsen), Sandvik, Snillfjord, Sør-Trøndelag (1872)
Isak Brønnelsen var gardbrukar i Sandvik. Ein dag oppdaga han ein bjørn i kornåkeren og prøvde å skremma han bort med ei øks. Men bjørnen let seg ikke jaga bort og gjekk til åtak på Isak som prøvde å verga seg med øksa. Uheldigvis brakk skaftet og Isak vart skamfaren av bjørnen. Han vart boren attende til huset og lagt til sengs til han døydde ei tid etterpå, den 31. desember 1872.

4. Tollef Torkjellsen Dale, Bruhjell, Balestrand, Sogn og Fjordane (1881)
Denne sommeren hadde mange blitt skremde av ein mannevond bjørn som herja på dei kantane. Han var blitt jakta på og skadeskoten, noko som ikkje hjalp på humøret til bjørnen. Etter dette hadde bjørnen gått laus på ein mann og mishandla han stygt, og han gikk vedvarande til åtak på saueflokkane kring om på stølane. Folk våga ikkje lenger å ta seg fram i utmarka, og derfor vart det organisert eit nytt jaktlag i byrjinga av august. I dette jaktlaget fann ein Tollef Dale i lag med tre andre dugande jegerar og eit par bjørnehundar. Etter å ha leita ei tid fekk hundane til slutt los på bjørnen i ei bratt li. Før jegerane fekk skikkeleg auge på bjørnen i krattet der han gøymde seg, styrta han fram og tok peiling på næraste skyttar som fyra av. Dette såg ikkje ut til å ha nokon verknad på bamsen, og det måtte til tre skot frå dei andre skyttarane før han låg i bakken. Der byrja han å slå rundt seg i noko som jegerane tolka som krampetrekningar. Men brått reiste han seg att, blødande og med foten slepande etter seg, og fekk kasta seg over skyttaren ved sida av Tollef, Aksel Gregoriussen. Aksel fekk andletet rive opp av bjørnekloa og gjekk over ende. Deretter fauk det rasande dyret på Tollef medan det stadig vart skote mot bjørnen, framleis utan effekt. Tollef mista balansen og landa på ryggen med bjørnen over seg, og saman trilla dei nedover lia medan bjørnen heile tida fekk gitt Tollef stygge sår. Så sokk bjørnen endeleg i hop og dei to attverande skyttarane fekk omsider gjeve bamsen to drepande skot.
Aksel Gregoriussen overlevde, vart lappa i hop og gjekk gjennom resten av livet med halve andletet lamma. Tollef Dale døydde derimot der på staden, 31 år gamal.

3. Hans Peter Bastian Andreassen Udgård, Hundeidvik, Sykkylven, Møre og Romsdal (1895)
Den 9. september 1895, 2 dagar før han fylte 13 år, var Hans Peter i fjellet på sauesanking i lag med ein mann og to ungdommar. Under sankinga kom han noko bort frå dei andre og råka brått på ein bjørn som gjekk til åtak på han. Hans Peter vart biten i andletet og i armen, men klarte å gjera seg fri frå fleire skader ved å dra i ragget i bjørnehovudet. Skrika hans fekk dei andre til å koma til hjelp, og dei greidde å skremma bjørnen bort. Hans Peter vart boren ned til garden, der dei snart innsåg at guten var hardt skada. Han vart send til sjukehuset i Ålesund, der han vart liggjande i to månadar. Men tilstanden vart etter kvart verre, det sette seg betennelse i såra i hovudet, og til slutt døyr Hans Peter den 8. november.

2. Peter Andreas Kristoffersen og Lars Johan Larsson i Røssvatnet, Hattfjelldal, Nordland (1897)
12 juni 1897 rodde 3 ungdommar over Røssvatnet på nattefriing. Det var Peter Andreas Kristofferson (25), Elias Johan Kolbeinson (19) og Lars Johan Larsson (18). Då dei var komne om lag midtvegs, oppdaga dei ein bjørn som symde ute på vatnet. Det er noko uklart korleis nærkontakten med bjørnen oppstod. Kanskje var det skotpremien som lokka og gav tre overmodige gutar lyst på å ta livet av bjørnen med årer og det dei elles hadde for handa i båten. Eller kanskje dei berre uforvarande støytte på bjørnen sjølv om nordlandsnatta var lys og sikta var god. Bjørnen vart i alle tilfelle aggressiv og prøvde å koma seg opp i båten. Såleis starta eit hardt basketak og båten vart raskt fylt opp med vatn. Lars prøvde å symja til lands, men fekk truleg merka bjørneklørne mellom akslene og klarte ikkje halda seg oppe. Peter kunne ikkje symja og prøvde å klamra seg til den kvelvde båten, men til slutt måtte han sleppa taket. Bjørnen gjekk laus på Elias og skada han stygt, men han klarte likevel å redda seg ved å klatra oppå båtkvelven.
Det vart sokna etter dei to som drukna og dei vart då også funne, men utan at me veit kva skader dei hadde fått. Elias levde til han vart over 90 år gammel, men ville aldri seia stort om kva som hende den juninatta.

1. Gjetarguten Johan Sagadalen ved Blåfjellhaugane i Vassfaret, Flå, Buskerud (1906).
Johan (13) var ute og gjette i lag med den yngre broren Andreas (11) ein augustdag i 1906. Under ein pause i gjetinga tok gutane seg ein liten tur for å plukka blåbær. Etter ei stund gjekk Johan for å sjå etter buskapen og gjekk då uforvarande rett på ein bjørn. Bjørnen stod ved eit sauekadaver han ville forsvara og reiv såleis guten stygt opp med eit slag med labben. Elleveåringen Andreas høyrde skrika frå broren og oppdaga det som hende. Ute av stand til å hjelpa sprang han til næraste seter, der han fekk tak i Ola Hilde. Då dei kom att til staden for bjørneåtaket sende Ola av garde eit skot i bergveggen for å skremma vekk bjørnen. Litt etter fann dei Johan liggjande skamfaren på bakken, men ved fullt medvit. Dei fekk tak i doktor og som gav guten førstehjelp på staden. Men skaden synte seg å vera så omfattande at han straks vart frakta til Drammen Sykehus. Der konstaterte dei eit alvorleg kraniebrot, og livet stod ikkje til å redda.

I tillegg til sogene ovafor bør me kanskje ta med det som hende med Oline Grunsvoll frå Bjynnustad, Gjerstad i Aust-Agder ein oktoberdag i 1899. Det er uklart om bjørnen gjekk til åtak på henne, men hun møtte i alle fall på ein irritert bamse og reagerte ved å springa alt ho makta heimover. Ho var nok kjend med trua på at bjørnen skulle vera farleg for gravide kvinner, og sidan Oline var på veg med det tredje barnet sitt, gav nok tanken på dette næring til panikken. Da hun til slutt nådde heim til Bjynnustad, synte det seg at påkjenninga hadde vorten for stor, og ho aborterte. Dette førde nokså raskt med seg alvorlege komplikasjonar og ho døydde like etter at doktoren nådde fram til henne.

(Litt.: Astor Furseth: Drept av bjørn og ulv : en historisk oversikt over mennesker drept og skadet av rovdyr i Norge de siste 400 år. Landbruksforlaget 2005)Unknownnoreply@blogger.com0