mandag 6. september 2010

22 Noregsrekordar frå Romsdal

Distriktet Romsdal omfattar kommunane Aukra, Fræna, Midsund, Molde, Nesset, Rauma, Sandøy og Vestnes. Bortsett frå Midsund er alle desse kommunane her representert med minst ein Noregsrekord kvar.

1. Størst I: Det som til no er landets største anleggsleir vart bygd på Nyhamna i Aukra i samband med ilandføringa frå gassanlegget Ormen Lange. Leiren gav hus til 2500 arbeidarar.

2. Størst II: Den største arkeologiske utgravinga som nokon gong er blitt gjort her i landet, vart gjennomført i Nyhamn på Gossen i Aukra 2003-04 i forkant av Ormen Lange-utbygginga. 123 personar var involvert i prosjektet, som omfatta 32 undersøkte lokalitetar og der det vart samla inn over 320 000 ulike arkeologiske gjenstandar, dei aller fleste av dei frå den eldste steinalderen her i Noreg. Ein del av funna er heile 11200 år gamle, og dette er mellom dei eldste spora me har etter nordmenn (Kjelde: NTNU Trondheim).

3. Størst III: Verksemda Hustadmarmor i Elnesvågen i Fræna er verdas største leverandør av kalksteinspigment (kalksteinsslurry) til papirindustrien. Firmaet produserer flytande marmor som vert nytta både i papiroverflata og som fyllstoff (Kjelde: NGU; Hustadmarmor AS).
4. Størst IV: Landets største tre, målt i volum, skal vera ei sitkagran som står på Kviltorp i Molde kommune. Treet er på 23 kubikkmeter, noko som svarar til volumet av 35 velvaksne grantre (Kjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune).

5. Størst V: Det største historiske fjellskredet i Noreg er Tjelleskredet i Langfjorden i Nesset kommune i mars i 1756, som involverte omtrent 15 mill m³ (ca 40 mill. tonn) fjellmasse. Raset førte til flodbølgjer som var over 50 meter høge. 32 menneske omkom i dette raset (Kjelde: NVE).

6. Størst VI: Vågstranda i Rauma skal ha den største brakkvasspollen i Norden. Det er her tale om eit innelukka sjøbasseng som inneheld ei blanding av saltvatn og ferskvatn. Denne pollen er godt eigna for oppdrett av østers. Ein annan slik poll med østersoppdrett ligg i Tysnes i Hordaland.

7. Nordlegast I: Europas nordlegaste sanddyner med marehalm finn ein i Hjertvika i Aukra (Kjelde: Verdens natur nr. 1 – 2003).

8. Nordlegast II: Verdas nordlegaste sanddyner (av sørleg type) finn ein ved utløpet av Farstadelva i Fræna. Den sørlege typen er det me til vanleg forstår med sanddyner: laus, kvit flygesand med marehalm. Det ser likevel ikkje ut til å veksa marehalm i Fræna. Nordgrensa for marehalm går i Aukra (sjå ovafor) (Kjelde: Verdens Natur nr. 1 – 2003).

9. Nordlegast: I Molde finn ein landets nordlegaste veksestad for barlind.

10. Sørlegast: Ona i Sandøy er det sørlegaste fiskeværet i Norge med fast busetnad. Øya har i dag om lag 30 innbyggjarar, medan det like etter andre verdskrigen var heile 370 fastbuande på Ona. Her ligg også det freda Ona fyr, med eit av landets eldste støypejarnstårn.

11. Først I: Første gongen eit båtforlis vart overført direkte i media var natt til sundag 3. april 1938, då D/S Rokta gjekk på grunn under ein orkan og sokk utanfor Bjørnsund i Fræna. Redningsaksjonen vart dekka fortløpande med utgangspunkt i den vesle Rindarøya i Aukra. På grunn av veret kunne ikkje redningsmannskapet ta seg fram til Rokta og ta om bord dei av mannskapet som var att før eitt døgn etter forliset. Det er reist eit monument over denne hendinga på Rindarøya med utsikt til Gallerskjera der forliset fann stad.

12. Først II: Landets første jordmorutdanning vart skipa til i Molde i 1789, med stadsfysikus Matthias Joachim Goldt som lærar. Før dette vart jordmorutdanninga teken i København, noko som vart etter måten dyrt. Kurset ved jordmorskulen i Molde varde i 4-6 månader, men etter 8 år hadde berre 2 jordmødrer utdanna seg hjå Goldt (kjelde: Statsarkivet i Trondheim).

13. Først III: Det som vert rekna for den første ordinære bussruta her i landet, vart starta av Aarø Automobilselskap den 12. mai 1908 av av Johan Olsen Aarø (1881-1913). Selskapet hadde base i Årø utanfor Molde, og bussruta vart driven mellom Molde og Batnfjordsøra, ei strekning på 36 kilometer.

14. Først IV: I den vesle bygda Isfjorden i Rauma kan ein finna opphavet til den norske konfeksjonsindustrien. Her dreiv ein med ferdigproduksjon av klede allereie på 1860-talet. Marknaden var fiskarar oppover langs nordlandkysten, og syinga gjekk frå først av føre seg i heimane i Isfjorden. Denne verksemda, som vart kalla Nordlandshandelen, la grunnlaget for ei eventyrleg utvikling av konfeksjonsindustrien i Romsdal. Fleire fabrikkar vart grunnlagde, m.a. Oddfred Tokles Konfeksjonsfabrikk i Isdalen, som i dag inneheld eit konfeksjonsmuseum (Kjelde: Romsdalsmuséet).

15. Einaste I: Fræna er heimkommunen til Noregs einaste dumpers-produsent, Moxy Trucks AS. Verksemda vart starta i 1974 av Birger Hatlebakk, som også grunnla Glamox-konsernet. Idag (2008) er Moxy overteke av det koreanske konsernet Doosan under namnet Doosan Moxy AS.

16. Einaste II: TINE Midt-Norge Tresfjord i Vestnes kommune er det einaste norske meieriet som produserar osteslaga Ridderost og Port Salut.

17. Sist: Det siste riksrådmøtet her i landet vart halde i Bud i Fræna i 1533. Riksrådet var ei rådgjevande forsamling som var sett saman av dei mest framståande adelsmennene og geistlege i landet. Riksrådet hadde stor makt som rådgjevande forsamling for kongen og som regjering i dei tilfella kongen framleis var umyndig. Riksrådsmøtet i Bud var leidd av Noregs siste erkebiskop, Olav Engelbrektsson, og skulle ta stilling til kven som skulle overta kongemakta etter at kong Fredrik I var død. Tanken var på ny å prøva få sett inn ein eigen norsk konge. Dei kom ikkje til noka semje, og i 1536 sette den nye danskekongen, Christian 3, ein endeleg stopp for fleire norske riksråd. Ein kan såleis seie at forsamlinga i Bud var ein siste freistnad på på å få til norsk sjølvstende før 1814.

18. Eldst I: Jazzfestivalen i Molde, Moldejazz, er den eldste i landet og ein av den eldste i Europa. Festivalen vart opna for første gong 4. august 1961. Berre jazzfestivalen i Ljubljana, Slovenia og den franske jazzfestivalen i Juan-les-Pins, Jazz à Juan, er eldre. Begge desse vart arrangerte for første gong i 1960.

19. Eldst II: På Tiltereidet i Nesset kommune finn ein restane etter landets eldste daterte myrbru eller kavlveg. Han er 300 meter lang og skal ha vore i bruk mellom år 500-1300 e. Kr. Kavlvegar var laga av stokkar som var lagde på tvers over myrane for at folk skulle komma seg rimeleg tørrskodde over.

20. Eldst III: Hotel Aak på Åndalsnes i Rauma vert rekna som det eldste turisthotellet i Noreg. Det vart restaurert i 1998, då det vart lagt ein ny fløy til det gamle hotellet.

21. Høgast I: Noregs, og kanskje Europas, høgaste loddrette fjellvegg, Trollveggen, ligg i Rauma kommune. Han har eit fall på 1100 meter på det høgaste. Trollveggen er ein populær stad for klatrarar og var tidlegare ein kjend stad for basehopping, før eit forbod sette ein stopp for denne aktiviteten i 1986.

22. Høgast II: Mongefossen i Rauma toppar ofte listene over Noregs høgaste fossar når ein rangerer dei som kjem ned i eitt fall. Fossen har eit fall på 773 meter, der han i 300 meter av desse fell fritt. Mongefossen er regulert og er tørrlagd i deler av året.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar